– For meg er det heilt feil signal å gå ut og kjøpe seg til ordførarkjede

Arbeidarpartiet ville heller bruke 700.000 kroner til helse og omsorg framfor å få Jenny Følling på heiltid som varaordførar i Sunnfjord.

HESTEHANDLARAR: Isfront mellom Midtbø og dei to andre toppkandidatane i NRK Sogn og Fjordane si morgonsending. F.v. Helge Robert Midtbø (Ap), Jenny Følling (Sp) og Olve Grotle (H).

– For meg er det heilt feil signal å gå ut og kjøpe seg til ordførarkjede med å gje full løn til ein varaordførar, seier Ap sin toppkandidat, Helge Robert Midtbø, til NRK.

Onsdag kveld blei det klart at Høgre og Olve Grotle blir ordførar i den nye storkommunen. Jenny Følling frå Senterpartiet blir varaordførar i full stilling. Eit krav Arbeidarpartiet ikkje ville gå med på då dei var med i forhandlingane etter valet.

– Det er noko eg har tenkt på i natt, skulle eg har lagt 700.000 kroner på bordet til Jenny Følling og dermed fått ordførarkjeda? Det eg er trygg på er at eg går med strak rygg framleis, utan ordførarkjede, seier Midtbø.

– Ikkje skreddarsydd for Følling

Den komande ordføraren, Olve Grotle, hevdar på si side at det er naudsynt med to heiltidspolitikarar i Sunnfjord. Han peikar også på at det ikkje er ein idé han kom opp med under forhandlingane om ordførarjobben.

– Når ein går frå åtte ordførarar og varaordførarar til i to, så blir det for smått med ein varaordførar på 30 eller 40 prosent. Dette er ikkje skreddarsydd til Jenny Følling, dette er eit tilbod vi hadde til fleire, seier Grotle.

Jenny Følling er heller ikkje med på påstanden frå Midtbø om at ho har latt seg kjøpe til å bli varaordførar med ei 100 prosentstilling som varaordførar.

– Vi er ikkje kjøpt, det er vi ikkje. Dei som kjenner forhandlingane våre veit at det er tilfelle. Dette handlar om tid til å jobbe politisk, seier Følling.

Bystyret i Førde avgjorde tidlegare i år at det ikkje var behov for varaordførar i heil stilling, men at det måtte vurderast kor mykje arbeid det blei på den politiske leiinga.

Ville ha halv stilling

Helge Robert Midtbø i Arbeidarpartiet seier dagen etter forhandlingane at han heller ville brukt pengane til ein varaordførar i full stilling til å styrke helse- og omsorgsbudsjettet i kommunen.

– Vi hadde ein dialog med Senterpartiet der vi hadde ein avtale om at eg skulle bli ordførar, og Jenny Følling bli varaordførar i 50 prosent stilling. Så skulle vi bruke dei 700.000 kronene på å styrke helse og omsorg, seier Midtbø.

Tysdag ettermiddag blei det brot i forhandlingane mellom Arbeidarpartiet og Senterpartiet.

Dermed enda det opp med eit valteknisk samarbeid om toppverva i Sunnfjord mellom Høgre, Senterpartiet, KrF, Venstre og Miljøpartiet Dei Grøne.