Varaordførar får 1,3 millionar i løn: – Skandale, meiner SV

I fjor var dei samde om at varaordføraren i nye Sunnfjord kommune skulle få betalt 30 prosent av full stilling. I går fekk pipa ein annan lyd, etter ein politisk hestehandel.

Jenny Følling

TENER GODT: Jenny Følling vil få same lønn som ordføraren i nye Sunnfjord kommune, og meir enn byrådsleiaren i Bergen.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Det er ille når ein rett og slett kjøper seg eit verv, og i tillegg brukar kommunen sine midlar til å gjere det, seier Åsmund Berthelsen i Sunnfjord SV.

Onsdag kveld vart det klart at Olve Grotle (H) vert ordførar i nye Sunnfjord kommune. Med seg på lasset får han Jenny Følling (Sp), som no skal jobbe på heiltid som varaordførar. Det har fått mange til å heve på augebryna.

Tener meir enn byrådsleiaren i Bergen

Dagen etterpå er det ein opprørt Åsmund Berthelsen som viser til vedtaket frå november 2018 der fellesnemnda for nye Sunnfjord vedtok at varaordføraren skulle vere ei 30-prosent stilling.

– Den gongen vart det foreslått 40 prosent, men då var Senterpartiet blant dei som meinte at dette var for høgt.

Oppgitt Åsmund Bertelsen

OPPGITT: Åsmund Berthelsen i SV meiner det er skandaløst at Følling no vil tene like mykje som ordføraren i nye Sunnfjord kommune.

Foto: Bård Siem / NRK

I går kveld betydde nemleg dette vedtaket ikkje noko som helst, då Sp, Høgre, MDG, Venstre og KrF vart samde om å gjere vervet til ei heiltidsstilling. Dermed sikrar Følling seg ei årslønn på over 1,3 millionar kronar.

Løna er den same som ordførar Grotle, og til dømes meir enn byrådsleiaren i Bergen.

– Det er skandaløst når ein gjer det på denne måten, over bordet, og i ein sein nattestime, seier Berthelsen.

Ap-nestleiar: – Uetisk

Som det nest største partiet i Sunnfjord var Ap lenge med i maktkampen. Ordførarkandidat Helge Robert Midtbø forsvann ut av biletet då han nekta å gå med på kravet til Sp. Han ville heller bruke 700.000 kroner til helse og omsorg framfor å få Jenny Følling på heiltid som varaordførar i Sunnfjord.

Påtroppande ordførar i Årdal og nestleiar i Vestland Ap, Hilmar Høl, støttar partifellen sin.

– Dette er nesten å balansere på det som er uetisk.

Han meiner det er merkverdig at fellesnemnda sine avgjerder vert oppheva som følgje maktkampen.

– Eg vert djupt betenkt over at når ein byrjar å gå slike politiske vegar for å få det som ein vil, at det då ligg pengar i botnen for kva ein vil og skal gjere.

– Ikkje snakk om enkeltpersonar

Ordførar Grotle avviser skuldingane om uetiske metodar for å få hand om ordførarklubba. Han meiner at samanslåingsprosessen gradvis har vist behovet for å auke stillingsprosenten.

– Det har vel skjedd ein modning, der ein ser at me treng meir kapasitet på varaordførarnivået.

Olve Grotle og Jenny Følling

MODNINGSPROSESS: Ordførar i nye Sunnfjord kommune, Olve Grotle, meiner det synlege behovet for ein meir politisk aktiv varaordførar har vekse i takt med kommunesamanslåinga. Her saman med varaordførar Følling, onsdag kveld.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Grotle meiner det er viktig å få fram at det i avgjerda til fellesnemnda i fjor var det opning for å gjere endringar, dersom politikarane såg behov for det.

– Eg må berre vise til at denne avtalen er ein avtale mellom Høgre, Venstre, KrF, MDG og Sp. Det er partia som har samla seg om denne løysinga og det handlar ikkje om enkeltpersonar.

Jenny Følling ønskte ikkje å kommentere kritikken frå Åsmund Berthelsen og Hilmar Høl.