Meir ekstremnedbør framover – Raymond opplevde uvêret på nært hald

VASSENDEN (NRK): Raymond Lillemo sprang for livet då Årsetelva på Jølster fløymde over i juli. Framover vil det bli meir ekstremvêr og ultralokale nedbørsbyger, meiner NVE.

Raymond Lillemo

FEM MÅNADER ETTER: Raymond Lillemo fortel om flaumen som råka Årsetelva på Vassenden i Jølster 30. juli i år.

Foto: Marita Solheim / NRK

– Eg trudde det tora, men lyden tok aldri slutt. Lyden vart heilt ekstremt valdsam. Og så vart elva dobbelt så stor. Eg måtte springe med livet som innsats. Elva var bak meg med store tømmerstokkar hakk i hæl. Eg sprang og gøymde meg bak huset til naboen, sa Raymond Lillemo til NRK like etter ekstremvêret i slutten av juli.

Årsetelva fløymde over etter ras på Vassenden. 
Raymond Lillemo springe for livet for å sleppe unna elva som øydela nabolaget hans tysdag ettermiddag.

DRAMATISK: Årsetelva fløymde over etter ras på Vassenden. Raymond Lillemo sprang for livet for å sleppe unna elva som øydela nabolaget hans tysdag 30. juli.

Fem månader seinare møter vi han heime på Vassenden. Vi høyrer lyden av gravemaskiner som jobbar med å utbetre elva på toppen av byggefeltet. Det er elles lite som minner om dei kaotiske minutta då Lillemo sprang med uvêret i hælane.

– Det har aldri regna så mykje her

Tidleg på dagen var familien ute og bada. Lillemo hadde fått med seg vêrmeldingane, og tenkte det var best å kome seg i hus. Ein halvtime seinare kom dei første teikna på at dette var meir enn berre «vanleg vestlandsvêr».

Sambuaren sto i kjøkkenglaset og oppdaga at delar av Jølstravatnet var blitt brunt. Då sprang Lillemo opp til huset til svigermora på bakketoppen rett ovanfor huset hans.

– Det eskalerte veldig fort. Det har aldri regna så mykje så lenge vi har budd her, seier han.

Raymond Lillemo

TILBAKEBLIKK: Raymond Lillemo sprang for livet under uvêret på Jølster i sommar.

Foto: Bård Siem / NRK

Lillemo drog fram mobilen og byrja å filme. Eit par minutt seinare var vassføringa dobbelt så stor, og han høyrde ein kraftig og skremmande lyd frå fjellet.

– Eg var veldig redd. Du blir uroleg når du står der og ikkje har kontroll over kva som skjer.

NVE: – Vi må forvente meir nedbør i åra framover

Lillemo takkar høgare makter for at det vart gjort sikringstiltak i Årsetelva av Noregs vassdrag- og energidirektorat (NVE) i 2017. Berre éin månad før raset overleverte NVE ein rapport til Jølster kommune som kartla rasfaren rundt Jølstravatnet.

Brigt Samdal i NVE meiner sikringa kan ha hindra at hus gjekk tapt.

– Det var ein ekstrem situasjon som oppstod. Eit jordskred i kombinasjon med flaum velta nedover fjellsida. No ryddar vi opp og forbetrar sikringa i elva, slik at den kan møte meir ekstremvêr i tida framover.

Brigt Samdal - NVE

NVE: Regionsjef Brigt Samdal.

Foto: ODDMUND HAUGEN / NRK

Det er fleire døme på ekstremnedbør som treff veldig lokalt og ofte om sommaren. Ekstremvêret på Blakset i 2011 og Utvik i 2017 ramma også bygdene i slutten av juli, slik som i Jølster og Hyen denne sommaren.

Korleis kan ein forklare dette fenomenet?

– Fenomenet oppstår gjerne om sommaren etter veldig varmt vêr. Då vert det danna mykje nedbør i skyene. Skyene flyttar seg, men kan stoppe opp i mangel på vind. Då får vi lokal og intens nedbør som kan skape enorme øydeleggingar på kort tid. Jorda blir metta av vatn. Det kan utløyse store jordskred, forklarar han.

Han fortel at mange stader, spesielt på Vestlandet, har utfordringar med store nedbørsmengder, og at vi må forvente meir av dette framover i eit endra klima.

Klimaforsker Elin Lundstad ved klimaavdelingen ved Meteorologisk institutt.

KLIMAFORSKAR: Elin Lundstad ved Meteorologisk institutt.

Foto: Kamilla Pedersen

Samdal får støtte frå klimaforskar Elin Lundstad ved Meteorologisk institutt (MET)

– I 2019 har vi hatt langt fleire tilfelle av styrtregn om sommaren. Samstundes har vi slått både varmerekordar og kulderekordar.

Meteorologisk institutt fekk kritikk for ikkje å ha oppgradert farenivået i samband med uvêret i fylket.

– Det var vanskeleg å føresjå kor lokalt og ekstremt uvêret kunne bli, men vi tek sjølvkritikk på at farenivået ikkje vart oppjustert, fastslår ho.

Nattesøvnen er intakt

Tilbake på Vassenden prisar Lillemo seg lukkeleg over at huset og familien er i god behald.

– Det var små marginar. Vi hadde vatn på alle kantar. Det var berre flaks at vi ikkje fekk vatnet inn i huset, seier Lillemo.

Raymond Lillemo

UTANFOR HUSET: Raymond Lillemo fortel at det var vatn rundt heile huset. – Vi vart blaute på føtene og det var hektiske minutt, men det gjekk trass alt bra med oss.

Foto: Marita Solheim / NRK

Det har dukka opp uvêr fleire gonger i haust, men Lillemo søv godt om natta og er ikkje engsteleg for at det skal kome nye ras.

– Eg har sjølv vore oppe i terrenget over byggefeltet og sett at det er tomt i elvetraseen. Dessutan har elva langt større kapasitet no enn den nokon gong har hatt. Eg føler meg trygg her.