Hopp til innhold

Meteorologane: – Farevarselet burde kanskje vore oppgradert til oransje nivå

Meteorologisk institutt har evaluert farevarsla som var vart sendt ut i samband med ekstremvêret i Jølster, Gloppen og Førde. – Varselet kunne kanskje vore oppgradert, seier vêrvarslingsdirektør Bård Fjukstad.

Meteorologisk institutt sin animasjon av ekstremvêret over Sunnfjord og Nordfjord tysdag 30. juli 2019.

SLIK VAR UVÊRET: Meteorologisk institutt sin animasjon av ekstremvêret over Sunnfjord og Nordfjord tysdag 30. juli 2019.

Tysdag 30. juli vart kommunane Jølster, Førde og Gloppen treft av kraftig nedbør. I utgangspunktet var farevarselet frå meteorologane på gult nivå, som er det lågaste varslingsnivået

– Vi har no sett på vår varsling av dette. Ut ifrå våre prognosar så var varselet på gult nivå korrekt, seier Fjukstad.

Men nokre prognosar synte også at det kunne vere fare for langt kraftigare nedbør einskilde stadar.

Ras Jølster 4

FLAUM: Kraftig nedbør førte til ras og flaum fleire stadar i Sunnfjord og Nordfjord.

Foto: Linda Olin Reite / NRK
Store nedbørsmengder har ført til jordras og flaum i Sunnfjord. Fleire ras har gått over E39, og vegen er stengd.

Kunne vore oppgradert

I Jølster førte kraftige regnbyer til at bygda Vassenden vart isolert og E39 gjennom kommunen vart stengd av fleire ras. Mange måtte evakuerast frå husa sine, ein person vart også teken av ras då han køyrde på ei rasutsette strekke som var mellombels opna.

I ettertid er det kome kritikk mot at varselet ikkje vart oppgradert til oransje nivå.

– Det er ein kritikk som vi forstår og som vi tar svært alvorleg. Ut ifrå arbeidssituasjonen og dei verktøya vi har så var det ei moglegheit å varsle på oransje nivå. Men det er heller ikkje slik at meteorologen gjer feil ved å ikkje gjere det, fordi uvissa var ganske stor i prognosane som kom, seier Fjukstad.

Bård Fjukstad

FORSTÅR KRITIKKEN: Vêrvarslingsdirektør Bård Fjukstad er samd i at farevarselet for uvêret førre tysdag kunne vorte oppgradert, men meiner også at prognosane var uvisse.

Foto: Tom Søbstad

Tre dagar etter uvêret og rasa skreiv VG at det berre var ein varslingsmeteorolog på vakt i heile landet, og at vedkomande var mest oppteken av vêret på Austlandet i timane før ulukkesskreda i Jølster. Det vart ikkje fanga opp at nedbørsanslaga vart auka til oransje nivå.

– Då meteorologen kom på vakt var det allereie ferda ut eit farevarsel på gult nivå på Vestlandet. Det vi har fått opplyst er at meteorologen sjekka farevarsla for nedbør over 20 mm og fann eit område på Vestlandet som hadde det, men at det var stor uvisse knytt til dette. Meteorologen valde då ikkje oppgradere varselet. Det at meteorologen sat i Oslo skal ikkje bety noko, seier Fjukstad.

Jakob Slåtten filma dramatisk ras i Årset i Jølster

Jakob Slåtten filma dramatisk ras i Årset i Jølster

Ultralokal ekstremnedbør

Ultralokal ekstremnedbør som vi no sist såg i Jølster, Førde og Gloppen og for to år sidan i Utvik er noko som kjem til å verte langt vanlegare i åra som kjem seier klimaforskarane til Meteorologisk institutt. Difor har også meteorologane no byrja å bu seg på denne typen varsling.

– Det betyr at vi er nøydde til å gjere noko med varslinga vår. Det å varsle styrtregn er nytt for oss, og noko vi berre har gjort i eitt års tid. Dette er første sommaren som vi gjer det, seier, Fjukstad.

I dag kan dei varsle at det kan vere fare for styrtregn over ganske store området. Då styrtregnet trefte Jølster var farevarselet sendt ut for heile Vestlandet.

– Men det å skulle følge med ei einskild bye og kunne sjå at dei bli vore kraftige i ein slik situasjon, det har vi verken moglegheit eller kompetanse til i dag.

Meteorologisk institutt jobbar no med å betre varslinga slik at dei skal kunne varsle slike hendingar i framtida. Utfordringa er å nå ut til dei som treng informasjonen når dei kanskje ikkje kan gjere det med meir enn ein times varsel.

– Vi såg allereie på måndag at det dagen etter ville moglegheit for denne typen byer over store deler av Vestlandet. Det klarar vi varsle i dag, men det å skulle følge ei bye der ein kanskje med ein times varsel skal seie at her kjem det til å regne mykje. Det er ein heilt ny situasjon for oss også, seier Fjukstad.