Hopp til innhold

Bygdene blei alle ramma av ekstremnedbør siste veka i juli

Ein sommardag seint i juli. Intens nedbør som treff over eit lite område på kort tid. Uvêret som herja i Jølster og Hyen denne veka har mykje til felles med det som skjedde på Blakset i 2011 og i Utvik i 2017.

Årsetbakkane i Jølster

STERKE KREFTER: Bustadfeltet i Årsetbakkane på Jølster blei delt i to av jordmassar og folk måtte evakuere frå husa sine under uvêret tysdag.

Foto: Anders Henning Sægrov / PRIVAT

– Både hendinga på Blakset i 2011 og i Utvik i 2017 var i same vekekenummer som hendingane i Jølster og Hyen no i sommar. Alle episodane skjedde i slutten av juli, og har blitt ei klassisk sommarhending, seier Brigt Samdal i NVE.

Store nedbørsmengder trefte hardt og lokalt i Jølster, Gloppen og Førde tysdag, med store følgjer. På eit døgn vart det målt 107,9 millimeter med nedbør ved målestasjonen i Haukedal i Førde.

Filma frå andre sida rett versjon

NATURKREFTER: Her ser ein raset som gjekk i Årsetbakkane på Vassenden.

Det er ikkje første gong ekstremnedbør over eit lite område på kort tid har ført til store skadar. Det har skjedd fleire stader på Vestlandet opp gjennom åra. Kraftig nedbør førte til massive øydeleggingar då Storelva i Utvik vaks seg stor og drog med seg vegar, bruer og bustader i 2017.

– Denne intense nedbøren som det er forventa at vi skal få meir av, vil medføre at vi vil få fleire situasjonar som dette. Også på andre tider av året, seier Samdal.

Ekstremvêr som treff lokalt

Lange periodar med varme temperaturar, gjer at store vassmengder fordampar og vert lagra i skyene, forklarar Samdal.

– Vinden tek med seg skyene, men når vinden stoppar opp, stoppar også skyene opp. Skyene tømmer seg over eitt eller få nedbørsfelt. Derfor blir det ekstreme mengder med nedbør over eit lite område, seier han.

På grunn av dei store vassmengdene over eit lite område, veks elvane seg store på veldig kort tid og dreg med seg jordmassar og stein. Straumen kan bli så kraftig at den kan dra med seg store trær.

– I tillegg så får ein mykje vatn i jorda, noko som gjer at den blir ustabil. Det kan igjen utløyse jordras som går nedover skråningane. Jorda som er veldig metta med vatn, kan utløyse flaumskred.

– Enorme krefter

Vassenden i Jølster var ein av stadene som blei hardast råka av uvêret denne veka. Anders Henning Sægrov bur i bustadfeltet Årsetbakkane. Feltet blei delt i to av jordmassar, og folk måtte evakuere frå husa sine. Sægrov har vore i fjellområda der raset vart utløyst.

– Hovudraset som kom ned i Årsetelva starta veldig høgt oppe. Elva tok med seg stein og grus, som igjen har brote med seg skog som stod ved og i elveløpet.

Tindefjellet etter uvêret i Jølster

RASET STARTA HØGT OPPE: – Hovudraset som kom ned i Årsetelva starta veldig høgt oppe, fortel Anders Henning Sægrov. Han bur i bustadfeltet i Årsetbakkane, der folk måtte evakuere tysdag.

Foto: Anders Henning Sægrov / PRIVAT

Raset vart utløyst ved rundt 900 høgdemeter og fekk enorm kraft då det dura nedover fjellsida mot byggefeltet i Årsetbakkane.

– Det var nesten litt uverkeleg. Det gjekk frå å vere blå himmel, som ein har i dag, til å snu på berre eit par timar, seier han, og held fram:

– Her var det snakk om små marginar. Det var eit veldig stort ras som kom ned over fjellsida.

– Vil bli meir vanleg

Klimaforskar Helga Therese Tillei Tajet ved Meteorologisk Institutt seier det var uvanleg store nedbørsmengder som trefte tysdag.

– Det her var veldig store mengder nedbør, og er ikkje vanleg, seier Tillei Tajet.

Sjølv om det var unormalt høge målingar på nedbøren som råka Jølster og Hyen, seier Tajet at ekstremvêr med kraftig nedbør vil bli meir vanleg.

– Det har ein samanheng med aukande temperaturar, og vi har observert meir nedbør på grunn av høgare temperaturar, seier ho.

Ho fortel at vi kan forvente meir av ekstremvêret. Ikkje berre vil episodane kome oftare, men mengda med nedbør vil også auke.

– Vi forventar at nedbøren i gjennomsnitt kjem til å auke.