Hopp til innhold

Meiner kommunen er på feil veg

Tidlegare leiar i Naturvernforbundet refsar Eid kommune for å satse både på miljø og cruise.

Seawalk Nordfjord AS - flytande kai Nordfjord, illustrasjon

VERDISKAPING: Eid kommune håpar på fleire turistar og lokal verdiskaping. Miljøforkjemparar meiner ei cruisekai går på ut over av miljøet.

Foto: Illustrasjon - Seawalk Nordfjord AS

CO₂ i atmosfæren
426,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Viss Eid skal lukkast med dette må dei sette i gang ei rekke andre tilbod retta mot cruiseturistane, som igjen krev meir energi. Dette er ein galei å gje seg ut på, som går i feil retning, seier tidlegare leiar i Naturvernforbundet, Erik Solheim.

Han likar dårleg planane som kom på bordet tidlegare denne veka. Då avslørte Eid kommune at dei er medinvestor i ei flytande cruisekai som gjer det mogleg å ta i mot cruiseturistar. Samstundes kan kommunen feire fire år som klimaspydspiss. Sidan 2013 har kommunen vore del av klimastiftinga ZERO si kommunesatsing på miljø. Målet her er å få til konkrete klimagasskutt i kommunane. Noko av bakgrunnen for at Eid kom med er at kommunen har bygt ut eit av landets største fjordvarmeanlegg. Enn så lenge må cruiseskipa ordne straumen sjølv.

Erik Solheim

UROA: Det er ikkje berre cruisetrafikken i seg sjølv som uroar tidlegare leiar i Naturvernforbundet, Erik Solheim. Fleire turistar betyr også større utslepp på land, seier han.

Foto: Bård Siem

– Når desse skipa ligg til kai må dei ha i gong motorane for å produsere både isbitar, varme og kva det måtte vere. Då brukar dei dieselgeneratorar, og det går med omlag 25–30 tonn diesel på eit middels stort skip. Det svarar til forbruket til 12-15.000 bilar per dag, seier Jan Kjetil Paulsen i Bellona.

Ynskjer landstraum for cruiseskipa

Cruisekaia skal takast i bruk i løpet av sommaren, og gjer det mogleg å realisere ein plan kommunen har hatt i ti år. Ordførar Alfred Bjørlo (V) meiner klima og cruise kan gå hand i hand.

– Å vere opptatt av klima og miljø handlar ikkje om å seie nei til næring og vere imot at ting skal skje. Det handlar om å jobbe mot at det blir stilt strenge miljøkrav, og at vi får ein overgang til null-utsleppsløysingar i alle delar av samfunnet., inkludert sjøtransporten.

Han får støtte frå ZERO, som meiner at kommunen no må vere ein pådrivar for å sikre at cruisenæringa går i ei meir berekraftig retning.

– Cruisetrafikken er her og kjem til å vere rundt oss i framtida også. Då blir jobben til alle som er opptatt av klima å bidra til at den endrar seg slik at den blir mindre klimaskadeleg, seier dagleg leiar Marius Holm.

Alfred Bjørlo

HAND I HAND: Eidordførar Alfred Bjørlo seier dei har Sogn og Fjordane Energi med seg på laget for å få på plass eit landstraumanlegg.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Bjørlo og kommunen er allereie klar på kva dei vil satse på: Landstraum til skipa, slik at dei ikkje må bruke drivstoff medan dei ligg til kai. Ei dyr, men viktig investering.

– Det kjem etter kvart. Vi har avtale med ZERO og Bellona om at så snart denne avgjerda er på plass, tek vi kontakt og jobbar saman om å få på plass landstraumanlegg raskast mogleg.