Hopp til innhold

Teknisk konsulent sår tvil om realisme i miljøkai

Sivilingeniør trur ikkje den planlagde cruisekaien på Nordfjordeid vil kunne forsyne straum til skipa som skal ligge der. – Dette er eg trygg på at vi får til, svarar ordførar Alfred Bjørlo (V).

Alternativ cruisekai

SEAWALK: Planane om ein SeaWalk på Nordfjordeid blitt møtt med skepsis av sivilingeniør Ragnar Gjørven.

Foto: ECS Harbour Development

Eid kommune investerer kring tre millionar kroner for å få til ei cruisekai som er av typen SeaWalk.

Ragnar Gjørven

SKEPTISK: Ragnar Gjørven er e

Foto: Privat

Men Ragnar Gjørven, som er ekspert på landstraum for cruiseskip, meiner kaitypen ikkje eignar seg for å gi cruiseskip straum frå land.

– Det er snakk om ganske store dimensjonar både på kablar og ikkje minst kranarrangement som er naudsynt for å heise kablane om bord i skipet, seier han.

– Er i utvikling

Sivilingeniøren har sjølv vore konsulent for eit anna flytebrygge-konsept i Valldal på Sunnmøre. Han har også leia arbeidet med ein internasjonal standard for landstraumsystem som vart innført for fire år sidan.

Gjørven viser til at SeaWalk er ein landgang som er i rørsle, og etter det han kjenner til ikkje er dimensjonert for å føre kablar frå land til skip.

Alfred Bjørlo

HAR TRUA: – Alle næringar må omstillast til å bli nullutsleppsnæringar og lågutsleppsnæringar. Det gjeld også cruisenæringa, seier ordførar Alfred Bjørlo (V).

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Det er høgspent det er snakk om, legg han til og trur at det vil ta tid å få på plass infrastrukturen som krevst for få høgspenninga fram til kaia.

Arthur Kordt i SeaWalk forstår ikkje kritikken.

– Teknologien er under utvikling og detaljane om korleis dette vil virke i framtida, er på ingen måte klarlagt. SeaWalk er klargjort for å ta imot teknologien når den kjem, seier Kordt.

– Dårleg butikk

Fagansvarleg i klimaorganisasjonen Zero, Kåre Gunnar Fløystad, meiner det vil vere synd dersom ein ikkje får på plass landstraum i Eid.

I 2013 kom kommunen med i Zero sitt klimaspydspiss-program, der målet er å få til konkrete klimagasskutt og å løfte fram miljøvennlege prosjekt.

Kåre Gunnar Fløystad, fagansvarlig i ZERO.

FAGANSVARLEG: Kåre Gunnar Fløystad er fagansvarleg i klimaorganisasjonen Zero.

– Ein vil vere mindre attraktiv som cruisehamn om det ikkje er moglegheit for landstraum. Eg trur det vil vere dårleg butikk for Eid kommune og dårleg butikk for klimaet å ikkje byggje eit landstraumanlegg når ein gjer ei investering i eit nytt område som dette, seier Fløystad.

Kjenner seg trygg

Men Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V) kjenner seg trygg på at landstraumen kjem på plass. Når teknologien er utvikla.

– Vi skal jobbe for at landstraum kjem på plass så raskt som mogleg, seier han og legg til:

– Det hadde ikkje vore rett å byggje ei kai som ikkje er tilrettelagt for det, slik at vi låste oss fast i eit blindspor. Heldigvis er dette eit prosjekt som er tilrettelagt for rask overgang til landstraum når teknologien kjem.