Hopp til innhold

Eid kommune med i klimanettverk

Eit samrøystes kommunestyre i Eid seier ja til å vere med i eit klimanettverk. Det er stikk i strid med rådmannen si tilråding.

Montasje - Eid - ZERO - Bjørlo

VIL BLI MILJØSPYDSPISS: Ordførar Alfred Bjørlo i Eid.

Foto: Ukjent/Anna Gytri/Skjermdump zero.no / NRK

I fjor vart Eid kommune nominert til prisen «Årets lokale klimatiltak», for fjordvarmeprosjektet sitt. Prisen vart delt ut av miljøorganisasjonen ZERO og Kommunenes Sentralforbund.

I kjølvatnet av nominasjonen har ZERO invitert Eid med i eit klimanettverk, og no har eit samrøystes kommunestyre gått inn for å bli med i nettverket.

LES OGSÅ: Eid kommune nominert til klimapris

LES OGSÅ: Vil ha fokus på fornybar energi

Fjør i hatten

– Hensikta er, i tillegg til reelle klimakutt, å få fram gode eksempelprosjekt som også kan gjennomførast av andre kommunar, skriv ZERO i sin invitasjon til Eid.

Venstreordførar Alfred Bjørlo meiner invitasjonen er ei fjør i hatten for klimaarbeidet til kommunen, og han ser fram til å kunne både gje og ta gjennom dette samarbeidet.

– Vi ser eit fantastisk spennande potensial her. Både for at Eid kan bli endå betre som klimakommune, og for at me kan løfte opp den spesielle satsinga på fjordvarme og miljøvennleg energi som har vore i Eid kommune dei siste åra, seier Bjørlo.

Skeptisk rådmann

Invitasjonen frå ZERO har blitt godt motteke av lokalpolitikarane i Eid. Rådmann, Ørjan Raknes Forthun, har derimot vore meir skeptisk til å delta i klimanettverket. Han fryktar kommunen ikkje har nok ressursar til å følge opp pliktene. Det meiner ordføraren ikkje vil bli noko problem.

– Det er ingen økonomiske utgifter knytt til dette, og det avgjerande for at det skal bli vellukka, er at det finst politisk engasjement i kommunen for at me vil noko meir på området. Det engasjementet er til stades, seier Bjørlo, og lovar at han som ordførar vil bidra til at dette skal lukkast.