Hopp til innhold

Meiner fylke vert premiert for motstand mot samanslåing

Møre og Romsdal og Rogaland får halde fram som eigne fylke. – Dei vert på mange måtar premiert for sin motstand, seier Hilmar Høl i Arbeidarpartiet.

Hilmar Høl

KRITISK: Fylkesleiar og stortingskandidat Hilmar Høl i Arbeidarpartiet.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

I dag la regjeringa og samarbeidspartia fram den nye regionsreforma, der det vart klart at Sogn og Fjordane og Hordaland dannar regionen Vestlandet.

Møre og Romsdal og Rogaland på si side får halde fram som eigen fylke.

– Eg tenkjer at når motstanden frå Høgre og Frp i fylkeskommunane i Møre og Romsdal og Rogaland har vore så sterk, så blir dei på mange måtar premiert med at dei får halde fram som eigne fylke, seier fylkesleiar og stortingskandidat Hilmar Høl i Arbeidarpartiet.

– Burde det blitt brukt tvang på Vestlandet?

– Ja, når ein ser kva dei har gjort på Austlandet kan ein jo byrje å lure på om dette gjev betre tenester til innbyggjarane, svarar Høl.

Skuffa over manglande tvang

Det Høl snakkar om er at Buskerud, Akershus og Østfold tvungne saman til ein region, trass i at Akershus sa nei på sitt fylkesting. Fylkesordførar i Hordaland, Pål Kårbø (KrF), skulle sett at det same skjedde på Vestlandet.

– For oss er det viktig å få meir makt på Vestlandet. Eg trur vi er eit steg i riktig retning, men det skal vera sagt at eg skulle ønska at ein hadde den same tilnærminga på Vestlandet med tre fylke slik som ein gjer rundt Osloområdet. Eg skjønner ikkje heilt den logikken, sa Kårbø til NRK tidlegare i dag.

Regionar kan bli svekka

På det nye Norgeskartet står Rogaland og Møre og Romsdal åleine, men politisk kommentator i NRK, Magnus Takvam, trur det kan endra seg.

– Kommunar nord i Rogaland har snakka om å stikke nordover mot Vestlandsregionen, medan kommunar på Nordmøre tar til orde for å knytta seg til Trøndelag. Skulle det skje kan desse to fylka bli så svekka at det vil skapa ein diskusjon om regionane vert sterke nok på eiga hand, seier Takvam.

13 kommunar vert også slått saman mot si vilje, blant desse er Leikanger, Balestrand og Sogndal.

De nye regionene

NYTT KART: Slik ser det nye Norgeskartet ut.

Krev fleire oppgåver

Fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling, seier det var riktig av fylket å få på plass intensjonsavtalen med Hordaland.

– I verste fall kunne det ha ført til at vi vart delt opp, der delar gjekk mot Hordaland og delar mot Møre og Romsdal, så vi har klart å samle fylket, svarar Følling på spørsmål om kva som kunne skjedd om Sogn og Fjordane hadde prøvd å stå åleine.

Ho har store forventningar til den nye Vestlands-regionen.

– Det er ei forventning og eit krav i vår intensjonsplan at det skal kome større oppgåver til den nye regionen. Der må regjeringa levere, seier Følling.

Jenny Følling

KUNNE BLITT DELT: Fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling, trur fylket kunne blitt delt i to om dei ikkje gjekk saman med Hordaland.

Foto: Trond Vestre / NRK