Hopp til innhold

MDG vil også gje kommune-skilsmisser

Ikkje berre Ap og Sp vil gje skilsmisser til tvangskommunar. No blir Miljøpartiet Dei Grøne også skilsmisse-kamerat.

Stein Malkenes

JA TIL SKILSMISSE: Stein Malkenes og Miljøpartiet Dei Grøne gjev tommelen opp for kommunale skilsmisser.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Neste stortingsperiode vil vi støtte eit forslag, slik både Sp og Ap har fremma, om å reversere heile denne tvangsprosessen.

Rasmus Hansson legger fram De Grønnes alternative statsbudsjett §'Grønne muligheter: Det gode livet etter olja».

SKILSMISSESTØTTE: Talspersonane Rasmus Hansson og Une Aina Bastholm i MDG vil oppheve kommunetvang.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Det seier Stein Malkenes, fylkesleiar og stortingskandidat for Miljøpartiet Dei Grøne i Sogn og Fjordane.

Han har akkurat forankra dette med dei nasjonale talspersonane i partiet, Rasmus Hansson og Une Aina Bastholm.

Alt i januar lovde Arbeidarpartiet at dei vil gjere om på alle tvangsvedtak.

Ein lovnad som stortingsrepresentant Ingrid Heggø (Ap) no gjentek.

Ein «ventil» for tvang

– Det er opp til den einskilde kommunen å ta kontakt med Stortinget og seie: vi ønskjer ikkje å gjennomføre denne tvangen.

– Dette er ein «sikkerheitsventil» for dei tvangssamanslåtte kommunane.

– Men Stortinget bestemmer kommunekartet. Kvifor er det så ille at dei nyttar styringsretten til å gjere det?

– Vi må ha lov til å gjere om på dette. For eit stortingsvedtak gjeld berre fram til eit nytt er fatta, seier Ingrid Heggø.

Ingrid Heggø og Hilmar Høl

SAMAN MOT TVANG: Stortingsrepresentant Ingrid Heggø lovar at Ap vil gjere om tvangsvedtak. Her er ho saman med fylkesleiar og andrekandidat til Stortinget, Hilmar Høl.

Foto: Christian Blom

Grøn støtte til raudgrøne

Og no får altså dei raudgrøne skilsmissekameratane støtte frå dei uavhengige grøne.

– Lokaldemokratiet har ein viktig plass i vårt partiprogram, seier Stein Malkenes (MDG).

- MDG har vore opptekne av å seie de er blokkuavhengige. Har de no teke parti med venstresida i politikken?

– Nei, det har ikkje noko med dette å gjere. I denne konkrete saka har vi valt å støtte dei partia som vil reversere denne tvangsreforma.

Høgre: – Uheldig uro

Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H) i kommunalkomiteen har lite sans for utspela.

Bjørn Lødemel

POLITISK MYNT: Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H) meiner tvangsmotstandarane prøver å slå politisk mynt på ei krevjande sak.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Eg tykkjer dette er veldig uheldig. Dei skapar ei unødig uro.

Han meiner det er viktig med stabilitet i ein så krevjande prosess.

– Reforma har vore ein kjempesuksess. Vi har fått til eit hundretals kommunesamanslåingar. Der vi har nytta tvang har det vore naudsynt av regionale omsyn. Til dømes for å sikre dei statlege arbeidsplassane i Sogn, seier Bjørn Lødemel