NRK Meny
Normal

Thune innstilt som ny rådmann i Sogndal

Stig Arne Thune er innstilt som rådmann for den tvangssamanslegne kommunen i Sogn som skal femne over dagens Balestrand, Leikanger og Sogndal.

Stig Arne Thune

LEIAR NYE SOGNDAL: Stig Arne Thune er regiondirektør i Utlendingsdirektoratet. No blir han rådmann heime i Sogn.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

– Vi har hatt eit rekrutteringsutval som har innstilt Stig Arne Thune, fødd og oppvaksen i Solvorn, til rådmann i Sogndal. Endeleg tilsetjing blir avgjort i fellesnemda i Balestrand fredag, stadfestar ordførar Jarle Aarvoll til NRK.

Rekrutteringsutvalet står samla bak innstillinga.

8. juni vedtok eit fleirtal på Stortinget at Leikanger, Balestrand og Sogndal skal gå saman til ein kommune. Seinare vart det bestemt at denne kommunen skal heite Sogndal og at kommunesenteret skal ligge på Hermansverk. Kommunen vil få nærmare 12 000 innbyggjarar.

Det har vore knytt spenning til kven av dei sju søkjarane som skulle få jobben. To av søkjarane var hemmelege. Stig Arne Thune var ein av dei.

Frå Solvorn

Han kjem opphaveleg frå Luster, og forlèt no jobben som regiondirektør i Utlendingsdirektoratet (UDI) etter halvanna år. Før det var han rådmann i Sund i Hordaland i fire år, og i Fjell kommune i to år.

I nye-kommunen Sogndal vil Thune få litt av kvart å gripe tak i. Det er fleire store stridssaker på beddingen.

Vraka Aanestad

Dagens rådmann i Sogndal, Jostein Aanestad, var den kanskje mest openberre kandidaten på søkjarlista. Han vart altså valt vekk av fellesnemnda.

Aanestad har hatt jobben i ei årrekkje. Han har til dels vore omstridd.

Seinast i februar fremja Sogndal Høgre mistillitsforslag mot han i kommunestyret. Det fekk berre fire røyster.

Jarle Aarvoll og Jostein Aanestad

VALT VEKK: Ordførar Jarle Aarvoll (Ap, t.h.) leia nemnda som skulle tilsette ny rådmann. Dei valte vekk sitjande Sogndal-rådmann Jostein Aanestad (t.h.).

Foto: Sondre Dalaker / NRK
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.