Hopp til innhold

Høgre ville kaste rådmannen i Sogndal

Sogndal Høgre fremja i kommunestyremøtet i dag eit mistillitsforslag mot rådmann Jostein Aaneland, med bakgrunn i rot med eigedomsskatten.

Jostein Aanestad

FEKK MISTILLIT MOT SEG: Rådmann i Sogndal Jostein Aanestad fekk eit mistillitsforslag mot seg i kommunestyremøtet i Sogndal i dag.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Eit mistillitsforslag er noko av det alvorlegaste ein gjer, så reaksjonane vart der etter. Det kom litt brått på dei. Det er ikkje rart heller. Dei hadde ikkje forventa at vi reagerte så kraftig, seier Karin Vikane, gruppeleiar for Sogndal Høgre.

Ho og dei andre i partiet var ikkje nøgde med svara rådmannen kom med i samband med takseringssaka som har skapt hovudbry i kommunen sidan 2015. I dag stod saka nok ein gong på sakskartet. Men representantane frå Høgre var ikkje nøgde med svara dei fekk, og då såg dei ingen annan utveg enn å reise mistillitsspørsmål mot rådmannen. Det var Porten.no som først melde om den nokså uvanlege utviklinga i kommunestyremøtet.

– Vi fekk ikkje svar på kven som bestilte taksering før nye retningslinjer var utarbeidde. Det står framleis utan svar, meiner ho.

Karin Vikane

MISTILLIT: – Vi hadde diskutert saka i forkant, og då eg gjekk til møtet i dag visste eg ikkje utfallet, seier Karin Vikane etter møtet.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Sinna stod i kok i kommunen etter at innbyggjarane i Sogndal fekk mangedobla eigedomsskatten. Vel halvparten av dei som fekk ny takst klaga, og formannskapet har sidan innrømt at verdisetjinga har vore kritikkverdig.

Fleirtalet støtta ikkje forslaget

Rådmann Jostein Aanestad meiner på si side at han har kome med klare svar.

– Eg har svart kontrollutvalet, og ordføraren svarte utfyllande i kommunestyremøtet i dag. Eg oppfattar ikkje at det er mangel på svar som er grunnen til mistillit, men dei har ikkje vore nøgde med jobben som er gjort knytt til eigedomsskatt og taksering, seier Aanestad.

Han legg til at det var administrasjonen som bestilte takseringsarbeidet, og at kravspesifikasjonane vart drøfta med tidlegare leiar i den sakkunnige nemnda.

– Det er slik det skal gjerast.

Då Vikane la fram sitt forslag frå talarstolen sat også han overraska tilbake.

– Eg hadde ikkje fått nokon signal om dette, så det var uventa. Dersom representantar ikkje har tillit til jobben eg gjer, så må dei fremje mistillitsforslag, seier rådmannen.

Og det var berre dei fire frå Høgre som meinte rådmannen burde gå.

– Eg er glad for at 21 representantar seier dei har tillit til jobben eg gjer. Det set eg pris på.

Om Høgre vil klage saka vidare har dei førebels ikkje bestemt seg for. Ho trur og håpar at samarbeidsklimaet med rådmannen i tida framover ikkje vil bli prega av det som skjedde.

– Eg vil behandle alle på lik linje i framtida. Det skal ikkje bli noko problem, lovar Aanestad.