NRK Meny
Normal

Stridssakene sognetrioen må bli samde om

Balestrand, Sogndal og Leikanger blir éin storkommune, men det blir kamp om kommunesenteret og fleire ømtolige lokaliseringar.

Harald Offerdal, Jarle Aarvoll, Jon Håkon Odd

SLÅTT SAMAN MED TVANG: Ordførarane (f.v.) Harald Offerdal (Balestrand), Jarle Aarvoll (Sogndal) og Jon Håkon Odd (Leikanger).

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Diskusjonen om kvar kommunesenteret skal liggja er me ikkje ferdige med, seier ordførar Harald Offerdal (Ap) i Balestrand.

Det var eit stridstema i fjor då forhandlingane om eit stor-Sogn var frivillige. Og det blir det igjen når Balestrand, Leikanger og Sogndal blir slått saman med tvang:

  • Kvar skal kommunesenteret liggja? I Sogndal eller i Leikanger?

Leikanger kravde senteret den gongen, men tapte mot storebror Sogndal. Det same kan fort skje igjen, sjølv om ordførar Jarle Aarvoll (Ap) tonar ned usemja:

– Det har aldri vore eit ultimatum. Sogndal har tydeleg sagt at me skal støtta opp under Leikanger som administrasjonsstad.

Opphoping av sjefar i Sogndal?

Då høvesvis Balestrand/Vik/Leikanger/Sogndal/Lærdal/Årdal og Balestrand/Vik/Leikanger/Sogndal forhandla om intensjonsavtalar i 2015 og 2016, blei det strid om kvar kommuneleiarane skal ha kontoret sitt:

Jan Geir Solheim, Arild Ingar Lægreid

KASTA UT: 1. februar i fjor blei ordførarane Jan Geir Solheim (Lærdal, t.v.) og Arild Ingar Lægreid (Årdal, t.h.) kasta ut av forhandlingane om eit stor-Sogn. Vik/Balestrand/Leikanger/Sogndal forhandla seinare fram ein intensjonsavtale.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Dette blir det ny dragkamp om, slår Balestrand-ordførar Offerdal fast:

– Dette har det vore usemje om, så då får me ta nye rundar på det.

Andre krevjande saker som må avklarast er:

  • Kva skal dei kommunale arbeidsplassane plasserast?
  • Kva gjer kommunane med overtalige tilsette?
  • Korleis fordeler trioen dei kommunale fonda, som kommunane har ulikt av?
  • Kva gjer dei med kommunegjelda, som dei tre har ulikt av?

Den mektige fellesnemnda

Det som er klart, er at det er fleirtal på Stortinget å slå saman dei tre kommunane når kommunereforma skal vedtakast i nasjonalforsamlinga i juni. Tysdag i førre veke blei det klart:

Njåstad

TVANG MOT 13 KOMMUNAR: André N. Skjelstad (V), Helge Andre Njåstad (Frp) og kommunalminister Jan Tore Sanner (H) brukar tvang for å få ein storkommune i Sogn.

Foto: Tore Meek / NTB scanpix
  • Allereie onsdag i førre veke møttest ordførarane i dei tre sognekommunane for å drøfta vegen vidare, og same kveld heldt Sogndals-ordføraren møte med gruppeleiarane i kommunestyret.
  • I vekene som kjem blir formannskapa og kommunestyra i dei tre kommunane kopla på, og der vil forhandlingskrava fort dukka opp.

Eit stridstema kan bli samansetjinga av den såkalla fellesnemnda. Det er det organet som skal byggja den nye kommunen i detalj. Å ha makta der blir såleis avgjerande.

– Sogndal har 7900 innbyggjarar, Balestrand har 1300 og Leikanger 2300, men fellesnemnda er ikkje matematikk. Ein ting skal eg vera tydeleg på: Sogndal åleine kan ikkje har fleirtalet, seier Aarvoll.

– Rause signal, svarar ordførar Jon Håkon Odd (Ap) i Leikanger.

Forhandlingar fyrst til hausten

Vegen vidare for tvangsfusjonen i Sogn kan bli slik:

  • Dei tre kommunane skal møta kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner i nær framtid. Der får dei vita meir om Regjeringa sin tidsplan.
  • Til våren blir det truleg eit felles kommunestyremøte for dei tre kommunane.
  • Ordførarane er samde om å hyra inn ein ekstern person som skal rettleia dei samanslåingsarbeidet, slik dei gjorde under dei frivillige forhandlingane i 2015 og 2016.
Helga Pedsersen smiler, Jonas Gahr Støre holder et fat med en kaffekopp og et kakestykke

OMKAMP OM TVANG: Helga Pedersen og partileiar Jonas Gahr Støre lovar å gjera om tvangsvedtak viss dei vinn valet i haust.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Dei nye forhandlingane startar truleg ikkje før til hausten, seier Offerdal i Balestrand, ein kommune som har vore delt på midten om kommunesamanslåing:

– Og så er det uvissa rundt stortingsvalet og kva regjering det blir til hausten.

Skilsmisse i Sogn?

Dersom det kjem ei ny regjering til hausten, har både Arbeidarpartiet og Senterpartiet lovd å gjera om tvangsvedtak.

I Leikanger sa folket rungande nei til kommunesamanslåing. Det gjorde òg kommunestyret. Ordførar Odd held det difor ope om Leikanger vil søkja om å få skilja seg frå naboane i Sogn:

– Det er ein hypotetisk moglegheit. Me tek stilling til problemstillinga viss ho kjem.

Skulle Leikanger bryta ut, vil ikkje Aarvoll lika det:

– Kva med interessene til kommunane som seier ja? Kor mykje legg den eine kommunen i arbeidet som står føre viss dette blir omgjort om eit år, spør Sogndals-ordføraren retorisk.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.