Hopp til innhold

Lerum syltetøy blir fjerna frå Rema 1000, men får produsere butikken sitt eige syltetøy

KAUPANGER (NRK): Ein tredjedel av all sylteproduksjon fell vekk for Lerum når Rema 1000 fjernar produkta deira frå hyllene.

Syltetøy frå Lerum

EIGA OPPSKRIFT: Lerum sitt syltetøy er ikkje det samme som det dei lagar for Rema 1000, seier Trine Lerum Hjellaug. Men medan Lerum sitt eige syltetøy blir kasta ut av hyllene på Rema 1000, får matvaregiganten sitt eige bli.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

– Viss vi ser på kor mykje vi omset syltetøy for ute i dei norske butikkane, så utgjer den delen vi mister vel ein tredjedel av det. Det er alvorleg for oss, fortel Trine Lerum Hjellhaug i Lerum.

Utanfor lokala på Kaupanger som i dag husar all saftproduksjon går gravemaskinene for fullt. Og snart skal syltetøyproduksjonen også skje her. Selskapet har investert 250 millionar i anlegget, og no har dei mista ein av sine viktigaste kundar. Tysdag vart det klart at matvaregiganten droppar alt syltetøy frå Lerum i butikkar utanfor Sogn og Fjordane.

Trine Lerum Hjellhaug på fabrikken

KAUPANGER: Hundrevis av liter med saft blir tappa på flasker bak Trine Lerum Hjellaug på fabrikken på Kaupanger.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

– I løpet av eit år skal vi bygge opp ny syltetøyfabrikk og flytte all produksjon hit, seier den administrerande direktøren.

LErum sin lab

VITENSKAP: Nye sortar syltetøy og saft blir miksa, blanda og forska på i laberatoriet. Tre personar jobbar fulltid med å utvikle gamle smakar, og finne nye.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Samstundes fortel ho at selskapet får halde fram å produsere Rema 1000 sitt eige syltetøy på 1-kilos spann.

– Vi er glade for at vi får halde fram med det. Det er ulike oppskrifter på dei, og vi eig rettane til kvar våre. Det er ulik samansetnad og innhald, seier ho.

Lerum vil fortsette å produsera fleire av våre bestseljarar i EMV-syltetøy i variantane jordbær, bringebær, tyttebær, blåbær og appelsin. Desse vert å finne i alle våre butikkar, seier administrerande direktør for kategori og innkjøp i Rema 1000, Lars Kristian Lindberg.

Glad for forbrukarstøtte

Sidan nyhenda kom har det kokt på sosiale medium og i kommentarfelta. Sp-politikar Liv Signe Navarsete sver på at ho aldri meir skal sette sin for i ein Rema 1000 butikk utan Lerum produkt. Statsminister Erna Solberg ber folk bruke forbrukarmakta si, og på gata i Sogn erklært forbrukarane si støtte til den tradisjonsrike verksemda.

– Dette er galskap, eg kjem i alle fall ikkje til å handle noko på Rema 1000 om dette blir resultatet, sa Odd Urdal Bjelle i Sogndal til NRK.

Kva konsekvensane blir for selskapet og dei tilsette er framleis for tidleg å seie noko konkret om. På fabrikkgolvet på Kaupanger gler dei tilsette seg over støtta.

– Det er flott at folk engasjerer seg, seier Arvid Uglane, som har arbeid hjå Lerum i 25 år.

Sjølv om framtida er uviss er sjefen klar på at dei skal satse vidare framover. Allereie i februar slepp dei nye produkt på marknaden.

– Engasjementet syner at folk er glade i produkta våre, at dei likar det vi lagar. Vi skal brette opp ermane. Og vi skal utvikle oss og investere i ny teknologi. Skal vi vere med i konkurransen så må vi berre gjere det.

Trine Lerum Hjellaug og produktutviklar

WILLY WONKA: Oddbjørg Fjelltun utviklar nye syltetøy- og saftsortar for Lerum. I laberatoriet på fabrikken blandar og testar dei ut nye kombinasjonar. På bordet mellom Trine Lerum Hjellaug og Oddbjørg Fjelltun er to nye typar saft og ein ny syltetøytype - så nye at vi ikkje får vite kva dei inneheld enda.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK