Hopp til innhold

Rema kastar ut Lerum syltetøy frå over 500 butikkar

KAUPANGER (NRK): Matvaregiganten droppar alt syltetøy frå Lerum i alle butikkar i Norge, med unnatak frå butikkane i Sogn og Fjordane. No ber statsminister Erna Solberg folk om å bruke forbrukarmakta si.

Erna Solberg og Trine Lerum Hjellhaug

PÅ BESØK: Statsminister Erna Solberg besøkte Lerum i dag. Rett etter ankomst fortalde Lerum-sjefen at dei har blitt kasta ut av Rema 1000.

Foto: Ingvar Torsvik Myrvollen

– ​ Vi blir råka av det. Vi misser all leveranse av Lerum syltetøy. Det syns vi er trist og leit. Konkurransen er slik, og vi må berre forhalde oss til det og utvikle nye og gode produkt, seier Trine Lerum Hjellhaug, administrerande direktør i Lerum.

Denne nyheita kom Hjellhaug med samstundes som statsminister Erna Solberg (H) kom til Lerum sitt store fabrikkanlegg på Kaupanger i Sogn.

Etter at Rema 1000 varsla at dei vil kutte ut nokre av sine leverandørar, for å jobbe tettare med andre, har det skapt uro i bransjen og hjå forbrukarane.

I dag vart det klart at også Lerum mister store delar av sine kontraktar. Syltetøyet blir fjerna frå alle butikkar, med unnatak av butikkane i heimfylket, medan det framleis er mogleg å få tak i saft.

– Vi har ikkje fått oversikt over konsekvensane, det jobbar vi med no. Dei tilsette har fått beskjed om det, men vi veit ikkje kva det vil bety for kutt i arbeidsplassar, seier Lerum.

Erna Solberg på Lerum

IMPONERT: Statsminister Erna Solberg besøkte Lerum fabrikkar på Kaupanger tysdag.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

Manar til forbrukarkamp

Det som skulle vere ein gledas dag med storfint besøk av statsminister Erna Solberg vart snudd på hovudet då direktøren kom med meldinga om kuttet. Men Hjellhaug kan trøyste seg med at Solberg manar til forbrukarkamp.

– Det er ei utfordring med konsentrasjon i daglegvaremarknaden i Noreg. Og det er viktig at vi forbrukarar spør etter varer, seier statsminister Erna Solberg.

Då statsministeren starta rundturen sin i Sogn og Fjordane var det naturleg for ho å besøke ei av dei mest tradisjonsrike verksemdene i Sogn. I over 100 år har Lerum produsert saft og sylte basert på norske råvarer. Det er noko statsministeren vil ha.

– Det er ei tradisjonsrik verksemd, og i Distrikts-Noreg skal vi utnytte råvarene. Då er det viktig å ha næringsmiddelindustri bygt på norske råvarer, utdjupar statsministeren.

Lerum syltetøy

UTE AV REMA: Lerum er ein av landets største leverandørar av syltetøy.

– Dei har vore ein veldig viktig kunde

Lerum vil halde fram med sine produkt og utvikle nye. Hjellhaug håpar også å kome inn att som leverandør av syltetøy hjå Rema 1000.

– Dei har vore ein veldig viktig kunde for oss i mange år, så vil nok merke det. Men vi håpar å kome tilbake, seier ho.

Statsministeren seier ein ikkje skal kimse av forbrukarmakta.

– Eg blir glad når eg høyrer at gjennom kampanjar har klart å halde på julebrusen, så kanskje vi som forbrukarar må vere tydlege på at vi ynskjer eit bredt spekter av norske varer og produkt i hyllene, seier statsminister Erna Solberg.

Vil kjøpe inn lokalt

Rema 1000-kjøpmann i Sogndal, Jan Knut Einarsen, vil ikkje kommentere at Rema kuttar ut syltetøyet frå Lerum. Men han forsikrar at dei vil kjøpe inn syltetøy direkte frå Lerum, og dermed omgå Rema sin distribusjon.

– Rema 1000 i Sogndal og Årdal vil framleis ha alle Lerum-produkta i butikkane. Syltetøyet vil dei kjøpe direkte frå Lerum, slik dei har gjort sidan 1991. Dei andre produkta – juice og saft, får dei via distribusjonssystemet til Rema 1000.

Lars Kristian Lindeberg

– FÆRRE NASJONALE MERKE: Administrerande direktør Lars Kristian Lindberg for kategori og innkjøp i Rema 1000.

Foto: Rema 1000

Administrerande direktør for kategori og innkjøp i Rema 1000, Lars Kristian Lindberg, seier at dei framleis vil ha mange Lerum-produkt, også syltetøy, i butikkane i Sogn og Fjordane.

– Vi vil ha 13 variantar av Lerum-syltetøy der. I tillegg vil vi ha saft og leskedrikk frå Lerum i alle Rema 1000-butikkane i heile Norge.

– Når de kuttar Lerum-syltetøyet i resten av landet, er det pris det går på, eller er det kvalitet?

– Lerum har mange gode produkt, og det er difor vi har Lerum som nasjonal leverandør. Men no reduserer vi ein del på talet nasjonale merke og aukar fleire lokale og regionale merke. Vi vil prøve å få opp fleire lokale syltetøyleverandørar i heile landet.

Rema 1000 har 11 butikkar i Sogn og Fjordane, rundt 700 til saman i Skandinavia. Konsekvensen blir uansett at omsetnaden av Lerum-syltetøy blir drastisk redusert.