Hopp til innhold

Rema 1000 får tyn for Lerum-vraking

Rema 1000 kastar fleire lokale matprodusentar ut av butikkane sine. Siste offer er Lerum, som ikkje lenger får selje syltetøy hos Rema. No er både politikarar og folk som likar syltetøy sinte.

Liv Signe Navarsete

SINT: Liv Signe Navarsete i Senterpartiet er sint på Rema 1000 for at dei kuttar Lerum frå butikkhyllene sine.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

– Kvifor skal Rema 1000 bestemme kva eg skal få lov til å kjøpe og ikkje? Eg kjem ikkje til å sette mine bein i ein Rema-butikk som ikkje har Lerum. Det seier Senterpartipolitikar Liv Signe Navarsete.

I dag vart det kjent at matvaregiganten kuttar syltetøy frå sogneprodusenten Lerum i sitt sortiment. Dei vil framleis selje safta deira. Direktør i Lerum fryktar likevel for konsekvensane.

Les også: Ingen semje mellom Mack og Rema 1000 i krisemøte

– Vi blir råka av det. Vi misser all leveranse av Lerum syltetøy. Det syns vi er trist og leit, seier administrerande direktør Trine Lerum Hjellaug.

Lerum syltetøy

FORSVINN: Rema 1000 har planar om å kutte Lerum sitt syltetøy frå sine butikkhyller. Dei skal framleis ha Lerum sin saft.

Statsministeren på besøk

Statsminister Erna Solberg har tilfeldigvis besøkt Lerum sin syltetøyfabrikk på Kaupanger i Sogn i dag. Ho tykkjer ikkje det er uproblematisk at Rema skal kutte ut Lerum.

Les også: Fryktar at Hansa kan forsvinne frå Rema 1000

– Det er ei tradisjonsrik verksemd, og i distrikts-Noreg skal vi utnytte råvarene. Det er ei utfordring med konsentrasjon i daglegvaremarknaden i Noreg. Og det er viktig at vi forbrukarar spør etter varer vi vil ha, seier statsminister Erna Solberg.

Erna Solberg på Lerum

MÅ BRUKE FORBRUKARMAKTA: Statsminister Erna Solberg tykkjer folk som likar Lerum no må be om å få produkta deira hos Rema.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

Kjersti Bergstø i SV blir provosert av Erna Solberg sin oppfordring til forbrukarmakt.

– Statsministeren sitt forslag er ikkje eit forslag. Dette er eit politisk spørsmål, og om ho vil avgrense makta til dei store matvaregigantane, så er det berre å begynne, seier Bergstø.

Les også: Maner til ølstrid mot Rema 1000

Kirsti Bergstø, SV

KRITISK: Kirsti Bergstø i SV er kritisk til at Erna Solberg ikkje gjer meir for å halde Lerum i butikkhyllene til Rema

Foto: Ksenia Novikova / NRK

Storm på Facebook

På Facebook-sida til NRK Sogn og Fjordane har det hagla med kommentarar, og mange oppmodar om boikott av Rema 1000.

«Rema grev si eigi grav no», skriv ein, «me kan ikkje lata butikkjedene få styra meir enn dei alt gjer, dei styrer visst alt nok med tanke på vareutvalet me har her», skriv ein annan. «Blir ikkje lagt igjen ei kr i Rema-butikkar». skriv ein tredje.

– Dette er galskap

NRK har prata med folk på gata i Sogn, der Lerum held til, og der har ikkje reaksjonane late vente på seg.

– Dette er galskap, eg kjem i alle fall ikkje til å handle noko på Rema 1000 om dette blir resultatet, seier Odd Urdal Bjelle i Sogndal.

Lars Kristian Lindeberg i Rema 1000 seier at Lerum er ein fantastisk produsent, men han vil ikkje sei så mykje om kvifor dei då skal vrake syltetøyet deira.

– Det er heilt vanleg at vi gjer justeringar i kven vi kjøper varer ifrå. Vi kjem framleis til å ha saft ifrå Lerum i alle våre butikkar, seier Lindeberg.

Sak om at rema 1000 droppar syltetøy frå lerum når dei får seg bestevenner.