– Det er nok mange som har sørga for å få røykelaks til jul

HØYANGER / BREKKE (NRK): Over 17.000 oppdrettslaks på rømmen fører til fiskebonanza for hobbyfiskarane. I Sogn kan du no sikre deg så mykje gratis laks du klarer å fiske.

Slakteriet Brekke, Knut Strømsnes

VONAR PÅ GOD FANGST: Knut Strømsnes er dagleg leiar for slakteriet der over fleire tusen laks rømde gjennom eit hol i nota. Men laksen er lusefri og ikkje smittefarleg, slår han fast.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

– Det er nok mange som har sørga for å få røykelaks til jul utan å gje beskjed om det, seier dagleg leiar ved Slakteriet Brekke, Knut Strømsnes, til NRK.

Det har no gått over ei veke sidan store mengder slakteferdig laks rømde frå Slakteriet Brekke på sørsida av Sognefjorden.

Etter at laksen rømde frå eit hol i ei merd, har dei fått beskjed om at profesjonelle fiskarar og vanlege folk har fylt opp båtar og frysarar med rømd oppdrettslaks.

– Vi kan aldri garantere å fange igjen 17.213 fisk, det kan vi ikkje. Vi har til no passert 3000 gjenfanga fiskar og kor mykje meir det blir veit vi ikkje. Vi kan aldri klare å fange alle igjen, seier Strømsnes.

Ein stor del av laksen som rømde var smitta av fiskesjukdomen PD, men det har ikkje noko å seie for om ein kan ete den som mat eller ikkje.

Gry Helene Haukereid på fjorden i Høyanger

VIL HA DUSØR: Gry Helene Haukereid frå Høyanger har dei siste dagane fiske fleire titals rømd oppdrettslaks.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

Fekk 19 laks på ein halvtime

Han forsikrar at dei gjer sitt ytste for at flest mogleg av den rømde fisken blir fjerna frå Sognefjorden og dei 15 vassdraga dei no har fått pålegg om å fiske i.

– Vi skal gjere vårt ytste, seier Strømsnes.

Nokre mil lenger inn i fjorden er hobbyfiskar Gry Helene Haukereid ein av dei som no tar opp laks etter laks ved munninga til Daleelva i Høyanger. Sjølv fekk ho 19 laks på ein halvtime.

– For å rydde opp burde slakteriet hjelpe dei som driver dugnad her. Det er dei som er eigarar, seier den erfarne hobbyfiskaren.

Men røykelaks og middagsmat er ikkje hovudmotivasjonen til mange av hobbyfiskarane som no valfartar til elver og sjøen langs Sognefjorden.

Fryktar innblanding med villaks

I Høyanger har store mengder oppdrettslaks samla seg ved kraftverket, få hundre meter frå Daleelva. Der fryktar dei at oppdrettslaksen vil trekkje opp og blande seg med villaksen i elva.

– Vi ynskjer ikkje at ein einaste oppdrettslaks blandar seg med villaksen. Men vi har ingenting å forsvare oss med. Vi får ikkje ein gang setje ut garn her inne, seier Tommy Johansen i Høyanger Jakt og Fiskelag.

Oppdrettsnæringa er omstridd. I førre veke fortalde NRK at nær 300.000 laks har rømt frå norske oppdrettsanlegg til no i år.

Kor mykje oppdrettslaks som står i Høyangsfjorden er uvisst. Men det er meir enn dei ynskjer.

– Politikarane må få ut fingeren og forstå at det ikkje kan halde fram med så mykje laus oppdrettslaks kring om, seier han og meiner slakteriet i Brekke bør ta meir ansvar for gjenfangsten etter rømminga hos dei.

– Belastande tid

Knut Strømsnes i Lakseslakteriet Brekke tykkjer situasjonen er trasig og vanskeleg og han lovar at dei skal gjere det dei kan for å få vekk mest mogleg av den rømde laksen.

– Det har vore ei belastande tid og vi føler at ansvaret tynger. Vi gjer det vi kan for at skadeomfanget skal vere så lite som råd er. Det arbeider vi med og kjem til å halde på lenge, forsikrar Strømsnes.

I Høyanger kjem Gry Helen Haukereid til å halde fram med å fiske rømd oppdrettslaks, men ho tykkjer at dei burde ha fått dusør. For det er meir laks i fjorden enn folk ha behov for.

– Då kan folk halde oppe motivasjonen med å fiske, seier ho.

Jostein Rørvik med nyfiska oppdrettslaks i Høyanger

FEKK LAKS: Jostein Rørvik er ein av dei som dei siste dagane har fanga oppdrettslaks i Høyangsfjorden i Sogn.

Foto: Ola Weel Skram / NRK