Hopp til innhold

Telenor skrur ikkje av koparnettet til Torbjørn likevel, iallfall ikkje enno

Utfasinga av koparnettet gjer at bygdebedrifter mistar stabil kontakt med omverda. Ein av fire nordmenn er framleis utan fiber-tilgang.

Tørbjørn Øvrebotten, Firda settefisk AS Botnane

KOPLA FRÅ: Firda Settefisk i Botnane må belage seg på mobilt breiband etter at koparnettet vert fasa ut. – Håplaust, fortel driftsleiar Torbjørn Øvrebotten.

Foto: Jo Arne Marvik / NRK

På Firda Settefiskanlegg i Botnane i Bremanger kommune er driftsleiar Torbjørn Øvrebotten og dei tilsette i gang med å vaksinere aureyngelen.

Anlegget går godt og hadde ei omsetning på over 20 millionar sist år.

Kontakten med omverda er det verre med.

I utgangspunktet skulle dei få behalde koparnettet ut 2022, men i sommar kom beskjeden om at det vil skje enda raskare.

Denne veka var den første der det mobile breibandet vart testa.

– Det hakkar heile tida. Biletet frys og vi får ikkje med oss kva dei andre seier, seier driftsleiar Torbjørn Øvrebotten.

Bedrifta har under koronatida vent seg til regelmessige videomøte med andre avdelingar i landet. I tillegg styrast mykje av drifta elektronisk av programvarer.

– Det får verte tilbake til papirarbeid. Nei, det er skikkeleg dårleg, seier tilsett Alex Mannaart.

Det var Firdaposten som først skreiv om saka.

Telenor tek sikta på å avvikle koparnettet i Noreg innan 2023. NRK har tidlegare skrive om konsekvensane koparutfasinga har for Bygde-Noreg.

Firda settefisk Botnane

UTFASING: Tilsette ved Firda Settefisk skulle helst sett at koparnettet vart bevart. Frå venstre Torbjørn Øvrebotten, Alex Mannaart, Rudie Van Eck og Kristian Øvrebotten.

Foto: Jo Arne Marvik / NRK

Fiberkabel går rett forbi

Ifølge Noregs kommunikasjonsmyndigheit manglar 26 prosent av befolkninga tilgang til fiber.

Ironisk nok går det ein fiberkanal rett forbi settefiskanlegget i Botnane, men den må dei sjå langt etter.

– Det er ekstra provoserande. På vegen ser vi at dei legg ned fiberkabel, men vi får ikkje kople oss på. Kvifor veit ikkje eg, seier driftsleiar Øvrebø.

Fiberkabel Sørbotnen, Botnane

KABEL I FJØRA: Fiberkabelen som skal til nabobygda Sørgulen og vidare til Kjelkenes går ut i fjøra gjennom Botnane. Likevel får ikkje bygda kople seg på.

Foto: Marion Van Eeck Ederveen

Det same må dei tilsette ved Seljestokken båtverkstad, som ligg eit steinkast unna.

Her fiksar dei sjarkar og mindre skip som har gått på land. Rekneskapen vert gjord gjennom eit program som krev stabilt samband.

– Det funkar ikkje, og heng seg opp heile tida, seier dagleg leiar Nina Seljestokken.

Dårleg dekning i distrikta har av regjeringa vorte omtala som «eit demokratisk problem».

Seljestokken er også nestleiar i Årebrot og Botnane grendelag. Sidan alt er flytta over til mobilt samband råkar det også privat bruk, fortel ho.

– I dag ligg internett høgt på behovspyramiden. Skal vi ha folk som bur og jobbar i distrikta må vi jo ha internett, seier ho.

Nina Seljestokken, dagleg leiar Seljestokken båtverkstad. Nestleiar Årebrot og Botnane grendelag

SVAKT SAMBAND: Dagleg leiar på Seljestokken båtverkstad, Nina Seljestokken, ønskjer seg tilbake til då koparnettet gav dei stabilt samband.

Foto: Jo Arne Marvik / NRK

Kan ikkje love fiber

Dekningsdirektør i Telenor, Bjørn Amundsen, seier overgangen til nye løysingar ikkje alltid er optimal.

No opnar han for å la bedrifta bruke koparnettet litt til.

– Vi har bestemt å la koparnettet stå for denne bedrifta inntil ei betre løysing er på plass, seier han.

No har Telenor teke initiativ til eit nytt møte med kommunen neste veke for å finne ut korleis dei kan betre situasjonen for områda som fall utanfor fiberløysinga.

Bjørn Amundsen

IKKJE STENGE: Dekningsdirektør i Telenor, Bjørn Amundsen, vil ikkje stenge ned koparnettet før ei betre løysing er på plass.

Foto: Erik Hattrem / NRK

Kommunalsjef for samfunn og utvikling i Bremanger, Karl Vidar Førde, fortel at dei resterande områda vil verte prioriterte.

At dei vil få fibernett kan han likevel ikkje lova.

– Men det vil vere minimumskrav knytt til kapasitet. Vi vil ha dialog med leverandørane om dette, fortel han.

Han har tidlegare uttala til Firdaposten at «breiband er like viktig for folk og busetjing som vatn, straum og vegar».

– Det har med økonomi å gjere, men vi prøver å få breiband til heile kommunen.