Hopp til innhold

Uroa for villaksbestanden – her har dei ikkje fiska på årevis

Handlingsplan for å redde villaksen vert kritisert for å vere tafatt. – Det er så få laksar i elva at vi nesten har namn på kvar og ein.

Flåmselvi er ei elv i Flåmsvassdraget Aurland kommune i Sogn og Fjordane.

STENGT: Det har ikkje vore fiske i Flåmselvi sidan 2000-talet.

Foto: Wikimedia Commons

– Dette er eit ran. Eit ran av framtidige generasjonar si moglegheit til rekreasjon og naturopplevingar, seier Anders Fretheim.

Han er oppvaksen ved Flåmselvi i Indre Sogn. Tidlegare var hølane i elva rike på laks, men det har endra seg.

Fleire faktorar har påverka bestanden. Mellom anna gav arbeid i elva etter ein flaum i 2014 villaksen svært hard medfart.

Fretheim meiner det no er lakselus og rømt oppdrettsfisk som er det store problemet.

– Det er kritisk når det kjem til villaksen. Det er nummeret før utrydding, seier Fretheim.

Anders Fretheim

LITE FISK ATT: – Det er så få laksar at vi nesten har namn på kvar og ein. Det er nesten ikkje igjen fisk, seier Anders Fretheim.

Foto: PRIVAT

Stengt i mange elver

Innsiget av villaks er halvert sidan 1980-talet og kvaliteten har vorte dårlegare.

Eva Thorstad, forskar i NINA og medlem av Vitenskaplig råd for lakseforvaltning, fortel at det i mange elver er det redusert fiske eller stengt for fiske.

Det er i Midt-Noreg og Vest-Noreg bestandane har gått mest tilbake. I nord har situasjonen vore meir stabil, medan det i Sør-Noreg har vore ei auke grunna kalking etter sur nedbør.

Lakselus og rømt oppdrettslaks er dei største trugslane for villaksen, fortel forskaren.

– I tillegg har vi dei seinare åra hatt ei redusert overleving for laksen i havet. Infeksjonar og sjukdomar knytt til oppdrett og effektar av vasskraftregulering og andre inngrep er òg trugslar mot villaksen. Pukkellaksen er ein aukande trugselfaktor, seier Thorstad.

Ho meiner det innanfor oppdrettsnæringa er behov for nye teknologi som kan redusere talet rømmingar og problem med lakselus og andre sjukdomar.

Også når det gjeld vasskraftregulering er det stort potensial for tiltak, seier forskaren.

Høgt lusepress

Då regjeringa nyleg la fram ein handlingsplan for å berge den truga villaksen, var det lakselus, rømt oppdrettsfisk og vasskraftregulering som blei peikt ut som nokre av utfordringane.

Ulrich Pulg, forskar ved Norce LFI, deler uroa Fretheim har for Flåmselvi. Dei siste åra har regionen rundt Sognefjorden vore blant stadene med mest lakselus i heile landet. Laks og sjøaure er utsett for høgt lusepress, fortel Pulg.

Eitt av forslaga er å greie ut et eventuelt krav om nullutslepp av lakselus frå oppdrettsanlegg frå 2030.

Pulg meiner regjeringa har for låge ambisjonar og kallar planen «tafatt».

– Viktige delar av planen er svake og går for seint. At ein vil vurdere moglegheita for nullutslepp av lakselus innan 2030 kan bety alt og ingenting, seier han og legg til:

– Det er ni år til mens vi alt no ikkje oppfyller krava etter kvalitetsnorma for villaks, naturmangfaldlova og vassforskrifta.

Pulg meiner derimot planen er betre når det kjem til ferskvassfasen, mellom anna med forslag om miljøtiltak i regulerte elver og tiltak mot lakseparasitten Gyrodactilus salaris.

Ulrich Pulg, NORCE

SÅRBAR BESTAND: I Flåmselvi har bestanden av både sjøaure og laks har vore så låg dei siste åra at det ikkje har vore forsvarleg å fiske. I 2019 var det berre 15 gytelaks tilbake, men miljøtiltak i elva gjer at pilene no peiker oppover igjen, fortel forskar Ulrich Pulg.

Foto: Anette Berentsen / NRK

Er usamd i kritikken

Klima- og miljødepartementet har ansvar for den ferske handlingsplanen. Statssekretær Maren Hersleth Holsen (V) deler uroa for villaksbestanden, men er ikkje samd i at planen til regjeringa har for låge ambisjonar.

Ho viser til at Vitskapeleg råd for lakseforvaltning har vurdert dei viktigaste menneskeskapte faktorane som har negativ påverking på livet til villaksen.

– Handlingsplanen inneheld tiltak mot alle desse, mellom anna lakselus, rømd oppdrettslaks, vasskraftreguleringar og parasitten gyrodactylus salaris. I tillegg inneheld planen tiltak som vil hjelpe mot anna negativ påverking som fosfor, sur nedbør og overfiske.

– Kvifor vil ein vente til 2030 med å eventuelt innføre eit eventuelt krav om nullutslepp?

– Tilstanden for laksen vil bli evaluert undervegs, og planen kan bli oppdatert. Det kan bli aktuelt med forsterka tiltak dersom vi ikkje når målet i kvalitetsnorma om minimum god kvalitet for alle eller dei fleste villaksbestandane. Vi vil prioritere ei rask gjennomføring av tiltaka i planen.

– Hastar med tiltak

Flåmselvi har hatt fleire utfordringar. Arbeidet etter flaumen i 2014 reduserte ungfiskbestanden i Flåmselvi med 80 prosent, men miljøtiltak har gjort at ungfiskbestanden har auka til eit høgare nivå enn før flaumen, seier Pulg. I 2019 var talet gytefisk 15, det auka til 56 i 2020.

– At fiskebestanden gjekk ned i Flåmselvi etter 2015 skuldast først og fremst den langvarige gravinga i elvebotnen under flaumsikringa. I tillegg kjem svært høgt lusepress i regionen, noko som har påverka bestanden ytterlegare, særleg dei siste åra.

No er det tiltak i sjøen både i Flåmselvi og andre norske lakseelver det hastar med, seier Pulg.

I 2013 vart det vedteke ein kvalitetsnorm for villaksen. Skal desse krava haldast må det sterkare tiltak på plass lenge før 2030, meiner forskaren.

– Regjeringa bør halde fram med miljøtiltak i elver, men òg innføre reguleringar for oppdrettsnæringa som monnar og reduserer totalutsleppa av lakselus og rømt fisk sterkt.

Forskaren nemner metodar som lukka anlegg, anlegg på land, brakklegging og semilukka anlegg.

Også Fretheim meiner det hastar med slike tiltak.

– Eg er blitt bestefar. At dei som kjem etter oss ikkje skal få oppleve å gå i ei lakseelv og kaste med ei stong eller sjå på fisken – det tykkjer eg er forferdeleg trist.

Laksen sym i Flåmselvi
Foto: Ulrich Pulg / NORCE LFI