Hopp til innhold

Kraftig auke i lakserømmingar – laksefiskarar rasar

ÅRØY (NRK): Nær 300.000 laks har rømt frå norske oppdrettsanlegg til no i år, nær ei dobling i høve heile fjoråret. – Katastrofe, meiner laksefiskar.

Knut Munthe Olsen

SINT: Kor lenge skal oppdrettsbransjen få øydelegge for villaksen før næringa bli skikkeleg regulert, spør Knut Munthe Olsen. Han er leiar i Sogn villaksforeining og grunneigar i Årøyelva i Sogndal.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

– Oppdrettsbransjen påfører norske lakseelvar og villaksen katastrofale problem. Det gjeld både gjennom genetisk forureining, spreiing av sjukdomar og spreiinga av lakselus, seier Knut Munthe Olsen. Han er leiar i Sogn villaksforeining og grunneigar i Årøyelva i Sogndal.

I helga rømte 10.000 oppdrettslaks frå eit anlegg i ytre Sogn, noko som gjer Munthe Olsen svært provosert.

– Sesongen har vore veldig dårleg i år med lite villfisk i mange elvar. Så skjer dette som medfører ytterlegare genetisk forsøpling av villaksen. Kor lenge skal oppdrettsbransjen få lov til å ture fram på denne måten, spør han.

Tal frå Fiskeridirektoratet viser at langt fleire oppdrettslaks rømmer no enn tidlegare år. Medan om lag 284.000 laks har rømt så langt i år, rømte det 160.000 laks i heile fjor. Året før rømte det berre 17.000 laks. I 2016 rømte 128.000 laks. I 2015 rømte 157.000 laks.

Oppdrettsanlegg

RØMMER FRÅ ANLEGG: Så langt i år har nær 300.000 laks rømt frå norske oppdrettsanlegg, ein kraftig auke frå åra før. (Illustrasjonsfoto)

Foto: Kjartan Trana / NRK

– Alvorleg

Fiskeridirektoratet ser alvorleg på alle lakserømmingar, fortel seniorrådgjevar Monika Haugland.

– Ein måler genetisk innblanding frå oppdrettsfisk i mange norske vassdrag. Ei kvar lakserømming er ei for mykje, seier ho.

Haugland viser til ei enkelthending frå Nord-Norge i år, der det åleine rømte over 200.000 settefisk.

– Klart denne hendinga i stor grad påverkar tala for i år, seier ho.

Her finn du heile rømmingsstatistikken som ligg ute på Fiskeridirektoratet si heimeside.

Negative effekt

Seniorforskar ved Havforskingsinstituttet, Vidar Wennevik, påpeikar at oppdrettslaksen påverkar villaksstammen på mange måtar.

– Det kan ha negative effektar når den rømte oppdrettslaksen går opp i elvane og kryssar seg med villaks. Forsking viser mellom anna at det kan føre til redusert overleving, seier han. Wennevik påpeikar at også eigenskapane ved laksen kan bli påverka.

Forskaren er uroa over at oppdrettslaks kan smitte villaks med lakselus.

– Opne merdar i sjø kan vere ei kjelde til smitte av lakselus til villfisk. Det er vist i fleire studiar at dette kan påverke villaksen negativt, seier han.

Tek sjølvkritikk

Kommunikasjonssjef i Sjømat Noreg, Øyvind Andre Haram, tek sjølvkritikk på vegner av bransjen.

– Dette er ikkje godt nok frå vår side. Sjølv om innslaget av rømt fisk i elvane har gått kraftig ned dei siste åra, kan vil ikkje akseptere at fleire fisk rømmer, seier han.

Leiar i Sogn villaksforeining og grunneigar i Årøyelva, Knut Munthe Olsen, meiner oppdrettsbransjen altfor lenge har fått ture fram utan skikkeleg restriksjonar, noko som har vore svært øydeleggande for villaksen. Kva er din kommentar til det?

– Det kjenner eg meg på ingen måte igjen i. Regelverket har vorte strengare og vi må betale når fisk rømmer. Utstyrskrava har også vorte strengare, seier han.

Øyvind Andre Haram

TEK SJØLVKRITIKK: Sjølv om innslaget av rømt fisk i elvane har gått kraftig ned dei siste åra, kan vil ikkje akseptere at fleire fisk rømmer, seier Øyvind Andre Haram, Kommunikasjonssjef i Sjømat Noreg.

Foto: NRK

Fiskeriministeren kallar inn næringa

Fiskeriminister Harald Tom Nesvik (Frp) likar ikkje at talet på oppdrettslaks som rømmer har dobla seg i høve fjoråret.

– Vi må ha fokus på læring og setje inn tiltak for å redusere talet på oppdrettsfisk som rømmer. Oppdrettsnæringa har sjølv ansvaret dersom rømmingar skjer. Eg vil no kalle næringa inn til eit møte der dei vil få beskjed at talet på rømmingar skal ned, seier han.

– Oppdrettsbransjen har i årevis hatt enorme inntekter. Er bransjen for lite villig til å gjennomføre dei tiltak som trengst?

– Nei, eg opplever at oppdrettsnæringa sjølv har vore villig til å setje inn ei rekkje tiltak. Men det er klart at vi må jobbe endå tøffare for å få ned talet på rømmingar, seier Nesvik.

Harald T. Nesvik

LIKAR IKKJE: Fiskeriminister Harald Tom Nesvik (Frp) likar ikkje at talet på rømte oppdrettslaks har dobla seg sidan i fjor.

Foto: Morten Andersen / NRK

Krev strengare reglar

Informasjonssjef i Noregs jeger- og fiskeforbund, Espen Farstad, meiner regelverket overfor oppdrettsnæringa burde vore vesentleg innskjerpa.

– Talet på rømte laks er kronisk på raudt nivå. 300.000 oppdrettslaks som har rømt så langt i år er meir enn halvparten av det samla innsiget av villaks til heile norskekysten. Ein av tre laks som svømmer i det fri er rømt oppdrettslaks. Situasjonen er dramatisk og regelverket må skjerpast vesentleg inn, seier han. Farstad krev mellom anna at all norsk oppdrettslaks skal over i lukka anlegg.

Espen Farstad

KREV INNSTRAMMING: All norsk oppdrettslaks må over i lukka anlegg, krev informasjonssjef i Noregs jeger- og fiskeforbund, Espen Farstad.

Foto: NRK