Hopp til innhold

Tusenvis av laks på rømmen i Sognefjorden

Fiskeridirektoratet har fått melding om at kring 10.000 oppdrettslaks har rømt i Sognefjorden.

Slakteriet Brekke, Gulen

GULEN KOMMUNE: Laksen som har rømt har sørga for at Fiskeridirektoratet har starta tilsyn.

Foto: Gøril Sætre

Eit hol i eit not førte til at tusenvis av fisk rømte frå ventemerdene på Slakteriet Brekke i Gulen, i helga som var. Fisken har ei snittvekt på rundt fire kilo.

Leni Marie Lisæter, seksjonssjef i Fiskeridirektoratet, fortel at det var arbeidarar på fabrikken som oppdaga det heile.

– Dei tilsette kom på jobb måndag morgon, og då var det nesten tomt for fisk. Det var berre 700 laks att. I alle fall 10.000 fisk har rømd, seier ho.

– Beklageleg

Dagleg leiar i Slakteriet Brekke AS, Knut Strømsnes, beklagar hendinga i ei pressemelding. Han fortel at dei vart gjort merksame på rømminga då oppdrettslaks vart observert i Instefjorden måndag morgon.

Dei oppdaga då raskt eit hol på kring to meter i diameter.

Selskapet har starta arbeidet med å fange så mange fisk som mogleg. Dei har sett ut mellom 130 og 140 garn i Risnefjorden. Tysdag ettermiddag var kring 200 av den rømde laksen fanga.

– Vi har sett ut garn og vi har avtale med lokale fiskarar som no aktivt fiskar i høve til Fiskeridirektoratet sine retningslinjer.

– Alvorleg

Slakteriet Brekke har og fått pålegg frå Fiskeridirektoratet om å utvide området gjenfangstaktiviteten skjer i. Strømsnes opplyser at fisken var vaksinert mot fiskesjukdomen Pancreas Diseas (PD).

Strømsnes ber folk ta omsyn til fredningsbestemmelsane som er for fiske i fjorden.

– Me oppmodar dei som får fisk om å rapportere talet på fisk til Slakteriet Brekke AS. Dersom det er eit ynskje om at fisken skal destruerast, tek me imot denne, seier han.

Fiskeridirektoratet ser alvorleg på rømminga. Fisken er slakteferdig og kan reise langt.

– Vi har hatt større rømmingar i Region Vest, men vi ser alvorleg på alle rømmingar. Fisken kan gå i elvane og kan påverke genetikken til villfisken. Difor skal ikkje oppdrettslaks vere utanfor merden, seier Lisæter.