Hopp til innhold

No kan Lærdalselvi bli opna for alle

Samfunnet har brukt 100 millionar kroner på å bli kvitt gyroparasitten i Lærdalselvi. No kjem kravet om at alle skal få tilgang til det eksklusive fisket i kong Harald si favorittelv.

Laksefiske i Lærdalselvi

HIMMELEN: Fisket i Lærdalselvi har gjerne vore for dei rike og kjende. Men også den vanlege sportsfiskar ynskjer å prøve lukka i den verdskjende elva. Ei lovendring gjer det mogleg, ifølge Miljødirektoratet.

Foto: Jan Christian Jerving

Lærdalselvi var kjend som ei av dei mest eksklusive storlakselvane i verda. I 1996 vart Gyrodactylus salaris oppdaga. Sidan elva er viktig for den nordatlantiske villaksstamma er det blitt jobba intenst for å bli kvitt parasitten.

Først hausten 2017 får forskarane vite om dei kan friskmelde elva.

Også lakseelvane Rauma og Vefsna er blitt behandla. Til saman har kampen mot laksedreparen i dei tre vassdraga kosta 200 millionar kroner, ifylgje tal frå Miljødirektoratet.

Motyting

Og nettopp difor vil Miljødirektoratet at deler av fisket skal opnast for ålmenta. Sidan Lærdalselvi står fyrst i køen for ei eventuell friskmelding, vil kravet om openheit kome fyrst her.

– Stortinget seier at der det offentlege har brukt monalege midlar blir det forventa noko attende i form av at folk flest skal få fiske til ein lågare pris i ein gitt periode. Dette kan seksjonerast opp og fordelast mellom valda, eller det kan etablerast soner der fiskekort får ein makspris, seier seniorrådgjevar Helge Dyrendal i Miljødirektoratet til NRK.

Det er ei endring i 2013 i lova om laks og innlandsfisk som gjev heimel for å krevje at fisket skal opnast for ålmenta dersom fellesskapet har brukt store summar.

Eksklusivt

– Retningslinene vi har er at minst 50 prosent av fisket skal vere tilgjengeleg for folk, seier Dyrendal.

– Lærdalselvi er ein av dei mest eksklusive lakseelevane vi har her i landet og det vil ikkje vere rart om den vanlege laksefiskar ville prøve lukka der, seier han.

At elvane skal opnast meir for ålmenta betyr at også barn, eldre og funksjonshemma, både nordmenn og utlendingar, skal få lettare tilgang.

I dag er desse gruppene i praksis ekskludert.

– Pris, bortleigde for heile sesongen til ein avgrensa krins, tilleggstenester, guiding og overnatting er måtar å ekskludere på. Miljødirektoratet ser helst at ein har eit breitt spekter i kvart vassdrag som tek omsyn til ålmentas ulike behov, seier Dyrendal.

Seniorrådgjevar Jon Gladsø hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane seier dei vil vurdere eit meir ålment fiske i Lærdalselvi.

– Vi får sjå kor tilgjengeleg elva er i dag, og om det er godt nok. Elles bør vi opne for eit meir tilgjengeleg fiske, seier Gladsø.

Ventar og ser

Leiar i Lærdal elveeigarlag, Lasse Sælthun, er kjend med lovendringa og seier dei ventar og ser kva Miljødirektoratet eller Fylkesmannen eventuelt kjem med.

Lasse Sælthun

LEIAR: Lasse Sælthun i Lærdal Elveeigarlag.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Men elveeigarlaget og lokale krefter har også lagt ned monalege beløp i oppattbygginga av laksestamma. Det må også inn i reknestykket, seier Sælthun.

– Korleis legg de til rette for at ålmenta får meir tilgang til fiske i dag?

– Det er ikkje slik at det ikkje er mogleg å kome til i Lærdalselvi. Alle kan leige om dei er tidleg ute. Så kan nokon seie at det er dyrt, men eg er ikkje så sikker på om det er dyrare i Lærdal enn andre elvar det er naturleg å samanlikne seg med, seier Sælthun.

Helge Dyrendal seier Miljødirektoratet har ei rekkje tiltak dei kan setje i verk for å få til eit meir ålment fiske.

– Men erfaringa viser at vi plar komme til semje med rettshavarane om ei løysing, seier Dyrendal.