Hopp til innhold

Her er den første laksen på 17 år

Jomar Haukås frå Kaupanger drog opp den første laksen frå Lærdalselvi etter at elva har vore stengt for fiske sidan 1996.

Jomar Haukås drog første laksen

FIN FANGST: Jomar Haukås fanga mest truleg den første laksen i Lærdalselvi på 17 år.

Foto: Privat

Laksefisket i elva opna ved midnatt fredag. Klokka sju laurdag morgon vart ein hann-laks på åtte kilo landa. Det er mest sannsynleg den første laksen som er dregen opp av elva på 17 år.

– Det var litt nostalgisk. Eg har jo hatt gleda av å vere i Lærdal frå eg var gutunge, så det var jo litt artig må eg seie. Eg såg han for på fluga, det var heilt spektakulært, fortel Jomar Haukås som drog laksen i land ved Bjørkum som ligg eit godt stykke oppover elva.

– Fantastisk flott elv

Etter å ha slite med lakseparasitt i elva sidan 1996, er elva open igjen for fiske sjølv om den ikkje er friskmeld. Haukås trur mange gler seg over å kaste snøret ut i elva.

– Lærdalselvi er jo noko heilt unikt, og ei fantastisk flott elv. Det har vore trist å følgje med på ho dei siste sytten åra. Det er nok mange som har gått og venta på at Lærdalselvi skal ha fisk i seg igjen, og det å føle stemninga her inne. Den er heilt unik, seier han.

Nøgd med fangsten

Sjølv slepp han normalt fisken ut igjen i elva, men ein så stor han-fisk måtte han dra i land.

– Lærdalselvi er ei stor lakseelv, så ein 8-kilos laks i denne elva er det ikkje så mange som rynkar på nasen for. Det er meir enn ein normallaks her inne, seier Haukås.

Ifølgje Rolf Bjørum som har oversikt over fangsten har det også blitt fanga ein ho-laks på 8,5 kilo. Denne vart tatt lenger ned i elva i Bjørnøyhølen av Fredrik Haug Ringvoll.

– Dette viser at det er fisk i elva, seier Bjørum.