NRK Meny
Normal

Eventyrleg sesongstart i Lærdalselvi

Fem veker etter sesongstart har tonnevis av laks blitt hala opp av Lærdalselvi. Dette kan bli det beste lakseåret på tretti år, men elva kan ikkje friskmeldast enno.

Jomar Haukås

GLADLAKS: Jomar Haukaas fanga denne holaksen i halv sju-tida i kveld i Bjørkumhølen 17 km. oppe i Lærdal. Den vog mellom 8 og 9 kilo.

Foto: Adalheidur Oldeide / NRK

Mons Frydenlund har kontroll over alt som blir fiska i Lærdalselvi. Éin månad og ei veke etter sesongopninga kan han legge fram ein god statistikk over fangsten.

– Per søndag kveld var det tatt 545 laks, med totalfangst på 4,4 tonn.

Laksefiske i Lærdalselvi

KJEMPEOPNING: Etter fem veker ligg det an til å bli den beste sesongen på tretti år i Lærdalselvi.

Foto: Jan Christian Jerving

Det skal vere ei dobling i talet på laks i forhold til i fjor, ifølge Frydenlund. Han kan vidare ramse opp at snittvekta på laksen er 8,12 kilo og at den største som er tatt er på 17,8 kilo.

Ein av dei som har vore heldig med laksefiske, er Jomar Haukås.

– No fekk eg nett ein fantastisk fin lærdalslaks. Den skulle sjølvsagt vore sett ut att, men den sat så godt at det ikkje var mogleg.

– Ikkje friskmeldt enno

Tala så langt i sesongen tyder på at det kan bli den beste laksesesongen på tretti år. Lasse Sælthun kan ikkje heilt svare på kva som kan vere årsaka til dette.

Lasse Sæltun og Mons Frydenlund, Lærdalselvi

FULL KONTROLL: Lasse Sæltun og Mons Frydenlund følger nøye med på alt som skjer i elva, og liker godt dei gode tala så langt i sesongen.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

– Men vi byrja kultiveringsarbeidet i 2012-2013, og det kan ha byrja å gje utslag no. Dessutan har det vore fin vassføring og fine temperaturar, seier han.

Han fortel at sesongen i fjor var dårleg, kanskje på grunn av at det lenge var kaldt i elva, heilt nede på åtte til ni grader i juli.

For 20 år sidan vart parasitten gyrodactylus salaris oppdaga i Lærdalselvi, og sidan har elva hatt status som sjuk. Med eit så godt fiske som det er i elva no, kan det tyde på at elva er på rett veg mot friskmelding.

– Det verkar som at vi har jobba rett og byrja kultiveringa på eit riktig tidspunkt, så no er det gode sjansar, seier Sæltun.

Han klarer likevel ikkje heilt å gå til det steget å friskmelde elva.

– Eg må presisere at elva ikkje enno er friskmeld. Den kan tidlegast friskmeldast på slutten av neste år. Så vi kan ikkje heise flagget til topps enno.

Krøll i statistikken

I Lærdalselvi praktiserer fiskarane «catch and release», altså at fisken blir vege og målt og så sleppt ut att i elva. Dette kan føre til at éin fisk kan bli fiska fleire gonger, og difor lage krøll i statistikken til Mons Frydenlund.

– Det er openbert at det er fisk som blir tatt fleire gangar, og det påverkar statistikken. Men det gjer ikkje så stort utslag at vi ikkje kan seie at det er eit godt år i år, seier Lasse Sælthun.

Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen