– Den største fisken vi har teke i år var på 14 kilo, så det er jo ganske bra, seier Knut Munthe Olsen. Han eig fiskerettane i den kjente lakseelva Årøyelva i Sogndal.
Munthe Olsen finn fram fangstboka når NRK ringjer han. Det har gått rykte om at sesongopninga har vore uvanleg bra i mange norske lakseelver, og elveeigaren kan stadfeste det med dei omfattande noteringane sine.
– Vi har fått 25 laks så langt i år, og 24 av dei er det vi kallar storlaks. Det tyder at dei er tyngre enn 7 kilo.
Les også: No kriblar det i kroppen til laksefiskarane
Munthe Olsen forklarer at dei faktisk fekk 9 laks berre det første døgnet etter at fisket opna 1. juni.
– Vi såg allereie i mai at det gjekk mot ein god start, for fisken var uvanleg tidleg oppe i elva.
Betalar dyrt for å fiske
Og det er ikkje ei kva som helst slags elv det her er tale om. Å få fiske i Årøyelva kan koste så mykje som 300 000 kroner. I allefall om du vil ha elva for deg sjølv i ei veke, og bu komfortabelt i hus langs elvebredda.
Folk reiser langt for å fiske laks her, og dei vil helst ha den aller største. Då må ein ofte vente litt lenger ut i sesongen.
– Det hender at ein tek fisk her som er over 20 kilo. det er ein tøff kamp i ei elv som er så stri som denne, så då skal du ha flaks for å få han opp, forklarer lakseentusiasten.
Bra også i Kongen si favorittelv
Det er ikkje berre i Årøyelva at det no vert varsla om ein god sesongstart. I det som nokon reknar som Noregs beste lakseelv, Lærdalselvi, er dei også strålande nøgde.
– Det har vorte fanga meir enn 70 fisk den siste veka, og det er jo veldig bra, strålar Lasse Sælthun i Lærdal fiskeeigarlag.
Her pleier kong Harald å fiske kvar sommar, og det er ein grunn til elva er så populær blant sportsfiskarar.
Les også: Her får Kong Harald laks i Lærdalselvi
– Den største fisken så langt i år var på over 17 kilo. Då snakkar vi om ein skikkeleg stor fisk.
Sælthun forklarer at høgsesongen der i elva er rundt månadsskiftet juni og juli. Det kan tyde på at dei har meir storfisk i vente.