Hopp til innhold

Lærdal-rådmann: – Sogndal stengjer oss ute

SOGNDAL (NRK): Rådmann Alf Olsen jr i Lærdal kjenner seg stengd ute frå ei samanslåing av Balestrand, Leikanger, Sogndal og Luster, det såkalla «nordsidealternativet» som siglar opp som det heitaste fusjonsalternativet i Sogn.

Alf Olsen jr. er rådmann i Lærdal

SØRSIDEFRUSTRASJON: – I det Sogndal lanserer 'nordsidealternativet', er dei ekskluderande for kommunar på sørsida av Sognefjorden som eventuelt kunne tenkja seg å vera med, seier rådmann Alf Olsen jr i Lærdal.

Foto: Kamilla Follevåg

– Eg har spekulert på om skal seia det eg har tenkte å seia no, men trur det er lurt på få det på bordet.

Det er fredag 30. oktober, og rådmann Alf Olsen jr i Lærdal har teke ordet på det store felles formannskapsmøtet i Sogndal. Han har reist seg fordi Sogndal nettopp har sleppt katten or sekken:

I tillegg til å vilja greia ut eit stor-Sogn med kommunane frå Balestrand, Vik og innover, lanserer regionsenteret eit såkalla «nordsidealternativ», ei samanslåing av Sogndal, Leikanger, Balestrand og Luster, som siglar opp som det heitaste fusjonsalternativet.

Nordsidekommune i Sogn

– Balestrand, Leikanger, Sogndal og Luster utgjer allereie i dag ein bu- og arbeidsmarknadsregion. Og kommunane utfyller kvarandre på ein god måte, seier ordførar i Jarle Aarvoll (Ap) i Sogndal.

Jarle Aarvoll, Jon Håkon Odd, Harald Offerdal, Ivar Kvalen

DESSE KAN SKAPA FYRSTE STORKOMMUNEN I SOGN: Ordførarane Jarle Aarvoll (Ap) i Sogndal, Jon Håkon Odd (Ap) i Leikanger, Harald Offerdal (Ap) i Balestrand og Ivar Kvalen (Sp) i Luster.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Når dei vel å lansera nordsida, er dei faktisk ekskluderande. Då opnar dei ikkje opp for andre alternativ, til dømes viss det er andre kommunar på sørsida av Sognefjorden som vil vera med, seier Alf Olsen jr.

Bru over Sognefjorden

Olsen jr ber nabokommunane sjå 40–50 år fram i tid. Då kan ei bru mellom Mannheller og Fodnes vera på plass, som ein del av ein hovudveg mellom Aust- og Vestlandet via Hemsedalsfjellet.

Ei bru vil knyta sørsidekommunane Årdal, Lærdal og Aurland tettare til Sogndal, og det må regionsenteret ha i mente, meiner Olsen jr:

– Eg er overtydd om at det største alternativet vil vera det beste for Sogn.

Fredag skal Sogn regionråd drøfta kommunereforma, og i løpet av desember skal sognekommunane bestemma seg for kva fusjonsalternativ dei skal støtta.

Aarvoll forstår ikkje kritikken

Aarvoll er usamd i at han stengjer Lærdal og andre sørsidekommunar ute:

– Me går for eit nordsidealternativ, som vil vera ein stor, sterk kommune med 15000 innbyggjarar. Men samstundes ønskjer me å greia ut det store alternativet, der alle kommunane som vil delta, kan vera med.