Tunnel gjennom Hemsedalsfjellet og bru over Sognefjorden vil gi det beste aust-vest-sambandet for Nordvestlandet. Det er den klare konklusjonen til Statens vegvesen.
Likevel er det ei redsle i Sogn og Fjordane og i deler av Buskerud for at Hordaland skal kjempa gjennom riksveg 7 over Hardangervidda som ny hovudveg, på kostnad av riksveg 52 over Hemsedalsfjellet.
– Hordaland er eit stort fylke med ein tung stortingsbenk. Buskerud-benken er middels tung medan Sogn og Fjordane-benken er lett i denne samanhengen, så arbeidet vårt blir å byggja naturlege alliansar, seier Hemsedal-ordførar Oddvar Grøthe.
- Les òg:
- Les òg:
Hordaland mobiliserer
I førre veke var Grøthe og ordførarkollegaene i Gol, Lærdal, Sogndal og Jølster - i eit nyskipa interesseselskap for riksveg 52 og riksveg 5 - samla i Sogndal for å planleggja korleis dei skal vinna slaget om å bli den nye nordre hovudvegen mellom Aust- og Vestlandet.
Tilrådinga til vegvesenet er klar: Bygg tunnel gjennom Hemsedalsfjellet og ei bru over Sognefjorden. Det vil vera det raskaste og beste aust-vest-sambandet for Nordvestlandet, på same måten som europaveg 134 over Haukeli vil vera det for Sørvestlandet.
Vegen over Hardangervidda vil vegvesenet derimot ikkje tilrå, sjølv om det er ein kortare veg for bergensarane. Både Bergen næringsråd, fylkesordføraren i Hordaland og Frp-ordførar Terje Søviknes i Os varslar difor kamp for Hardangervidda som hovudveg.
– Politikk er politikk, og me veit aldri. Difor arbeider me for tryggja at politikarane går for den faglege tilrådinga, seier Grøthe.
POLITISK BATALJE: – Alle fagrapportar tilrår riksveg 52 som aust-vest-hovudveg, men me må det tydeleg at dette er den beste løysinga, seier Hemsedal-ordførar Oddvar Grøthe (midten), her i møte med samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (t.h.) i Lærdal 21. januar i år. FOTO: Noralv Pedersen / NRK
Foto: Noralv Pedersen / NRKAllianse med Møre og Romsdal
Neste år startar den politiske bataljen for alvor, når Regjeringa legg fram sitt forslag til Nasjonal transportplan 29. februar. Difor byggjer Hemsedalsfjell-forkjemparane alliansar nordover mot Sunnfjord, Nordfjord og Møre og Romsdal.
Med bru mellom Mannheller og Fodnes vil riksveg 52 bli den raskaste vegen til Oslo, også for Sunnmøre.
– Denne vegen vil femna heilt til Ålesund og vera den billegaste vegen for dei sterke vekstnæringane på Sunnmøre, seier Jølster-ordførar Oddmund Klakegg.
Kan bli berre éin veg
Sjølv om vegvesenet tilrådde to aust-vest-korridorar – over Haukeli i sør og over Hemsedalsfjellet i nord, er det ikkje sikkert at Regjeringa vil gå for to hovudvegar.
– Mitt utgangspunkt er at det skal vera éin eller to, sa samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen i januar.
Mykje er med andre ord i spel, før Stortinget skal vedta aust-vest-hovudvegen/ane i Nasjonal transportplan i 2017. Innan då håpar Sogndal-ordførar Jarle Aarvoll å ha fått stortingsbenken til Møre og Romsdal på sitt lag:
– Me må byggja alliansar mot ordførarane, næringslivet, transportnæringa og stortingspolitikarane i dei respektive fylka. For denne vegen vil ha betydning for store deler av Nordvestlandet.