Hopp til innhold

Ny rapport: Desse politikarane bør tenkja stort

Ein stor storkommune i Sogn er mest framtidsretta, slår ny samanslåingsrapport fast. Men i Luster vurderer ordføraren derimot å hoppa av heile kommunereformprosessen.

Kommunesamanslåing i Sogn

SNIGLEFART I SOGN: Politikarane i Leikanger, Sogndal, Balestrand og Vik har ikkje fått fart på kommunesamanslåinga i Sogn. Her etter eit kommunereformmøte i mai 2015.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Det kunne vera interessant å sjå kva dei kunne få til med eitt av dei større samanslåingsalternativa. Og seks av kommunane (Balestrand, Vik, Leikanger, Sogndal, Årdal og Lærdal, journ.merk.) er ikkje fullstendig avvisande til å gå inn i eit slikt alternativ, seier forskar Bent Aslak Brandtzæg ved Telemarksforsking.

Brandtzæg har leia ei utgreiing av seks ulike kommunesamanslåingsalternativ i Sogn, tre store og tre små (sjå faktaboks).

Tenk 40-50 år fram i tid. Det er oppfordringa frå forskaren til dei folkevalde i Sogn. Då kan stort vera mest framtidsretta, seier Brandtzæg:

– I utgangspunktet ville eg ha sett på den løysinga i eit langsiktig perspektiv.

Bent Aslak Brandtzæg

SAMANSLÅINGSUTGREIAR: Forskar Bent Aslak Brandtzæg ved Telemarksforsking rår Sogn regionråd til fyrst å tenkja stort, før dei eventuelt ser på dei mindre samanslåingsalternativa.

Foto: Even Skårberg Aarnes / NRK

Stillstand i Sogn

Kommunereforma i Sogn har så langt ikkje kome av flekken. Grunnen er mellom anna den nyleg avslutta valkampen, samt sterk motstand i kommunar som Luster og Aurland.

Også i Høyanger stikk skepsisen mot eit stor-Sogn djupt. Like fullt har alle ni kommunane i midtre og indre Sogn stått bak den felles utgreiinga, som no ligg føre.

– Slik sett kunne det vera interessant å sjå kva moglegheiter som ligg i eit større alternativ dersom dei maktar å bli samde om kva som er utfordringane i framtida og korleis dei ønskjer å utvikla regionen framover, seier Brandtzæg.

Djup skepsis

30. oktober skal formannskapa i dei ni kommunane i Sogn Regionråd møtast og bestemma seg for om dei skal gå vidare med eitt eller fleire kommunesamanslåingsalternativ og laga ein intensjonsavtale.

Ivar Kvalen

MOTSTANDAR: Ordførar Ivar Kvalen (Sp) i Luster vurderer å hoppa av heile kommunesamanslåingsprosessen, og heller konsentrera seg om vidare åleinegang.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Der vil mange av politikarane møta opp med ein grunnleggjande samanslåingsmotstand. Ein av dei er ordførar i Luster, Ivar Kvalen (Sp)

– Det er vel ingen hemmelegheit at både politikarane og folket i Luster har vore relativt skeptiske til den massive sentraliseringa denne reforma legg opp til.

Kvalen har ikkje hatt høve til å lesa den ferske rapporten frå Telemarksforsking, og seier at han og det nye kommunestyret skal handsama utgreiinga grundig. Luster har òg så langt vore lojale mot regionrådet sitt reformarbeid.

Luster kan hoppa av

Men denne hausten kan den rike kraftkommunen koma til å melda seg av prosessen, og berre satsa på åleinegang:

– Det kan vera aktuelt. Eg har bedt rådmannen leggja fram ei orientering til kommunestyret. I løpet av det næraste halvåret må kommunestyret ta stilling til om me skal vera med i den vidare prosessen, seier Kvalen.

Ulempene med ein storkommune i Sogn er store avstandar og at eit stor-Sogn ikkje er naturleg bu- og arbeidsmarknadsregion i seg sjølv. Det vil krevja mellom anna ein meir desentralisert administrasjon i ein eventuell storkommune, slår Telemarksforskings-rapporten fast.

Anne Karin Hamre

KAN TRYGGJA ARBEIDSPLASSAR: Fylkesmann Anne Karin Hamre meiner ein storkommune i Sogn kan gi fleire statlege arbeidsplassar.

Foto: Noralv Pdersen / NRK

Like fullt kan eit stor-Sogn ifølgje rapporten stå sterkare i konkurransen om nye arbeidsplassar, eit synspunkt òg fylkesmann Anne Karin Hamre og NAV-direktør Tore Thorsnes har argumentert for:

Tre mindre kommunar

Sjølv om Brandtzæg meiner eit stor-Sogn kan vera mest framtidsretta, har han og forskargruppa hans òg gått grundig inn tre mindre samanslåingsalternativ: Leikanger, Sogndal og Luster, Balestrand og Høyanger og Aurland, Lærdal og Årdal.

– Desse tre alternativa samsvarar med allereie etablerte bu- og arbeidsmarknadsregionar. Det betyr at desse kommunane har nokre felles utfordringar med tenester og samfunnsutvikling. Dei har ein del interkommunalt samarbeid seg imellom frå før. Og det kan vera gevinstar å henta med felles og heilskapleg planlegging og utvikling, seier Brandtzæg.

Men desse alternativa har òg openberre ulemper:

– Nokre av desse konstellasjonane blir vel små i folketal og vil ikkje gi dei store effektane. Det gjeld utviklingskraft og evne til å løysa oppgåvene på ein betre måte, samt ta på seg nye oppgåver. Dei vil såleis òg i framtida vera avhengig av interkommunalt samarbeid.

Vil ha tunnelen på plass

REFORM SOM BREKKSTONG: Varaordførar Roy Egil Stadheim (Ap) og ordførar Olav Turvoll (Sp) vil ha tunnel gjennom Vikafjellet før dei vil vurdera å slå seg saman med andre.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Kva med Vik?

Skulle Sogn regionråd velja å gå vidare med dei tre minste alternativa, er det ein kommune som vil detta heilt utanfor: Vik.

– Difor er Vik er den kommunen som har vore minst negativ til eitt av dei større alternativa, seier Brandtzæg.