Hopp til innhold

Kontrollerte nesten 8000 køyretøy i 2013 - nær 2000 av dei fekk bruksforbod

Kvart fjerde vogntog som vart kontrollert av Vegvesenet i Indre Hordaland og Sogn og Fjordane i fjor fekk forbod mot å køyre vidare. – Alt for mange, meiner både Vegvesenet og Lastebileigarforbundet som håpar på betring.

Kontrollar Håbakken

KONTROLL: Nesten 8000 køyretøy vart teke nærare i augesyn av Vegvesenet sine folk i Indre Hordaland og Sogn og Fjordane i løpet av 2013.

Foto: Anna Gytri / NRK

Fleire titals tusen tunge køyretøy trillar forbi dei mange kontrollstasjonane til Statens vegvesen på Vestlandet kvart år.

Thormod Gausdal er seksjonsleiar for køyretøy i Indre Hordaland og Sogn og Fjordane, noko som betyr at han har ansvar for alle kontrollar i Sogn og Fjordane, i tillegg til dei gjort av kontrollørane på Voss, Seljestad og Odda.

Og i løpet av fjoråret vart det mange slike kontrollar. Av dei mange tusen som trilla innom vart 7860 tunge køyretøy plukka ut og teke i nærare augesyn. Heile 25 prosent av dei, altså kvar fjerde, fekk forbod mot å køyre vidare før dei hadde retta opp i feil og manglar.

– Talet høyrest veldig høgt ut. Dette kan vere alt frå grove bremsefeil, til at dei manglar ein av dei sju kjettingane det er krav om. Men manglar dei ein kjetting, så er det bruksforbod til den er på plass, seier Gausdal.

– For mange

Når Vegvesenet sine kontrollørar legg ned såkalla bruksforbod vil det seie at sjåføren må rette opp i feilen eller mangelen før han får køyre vidare.

Grunnlaget for eit slikt forbod kan vere svært mange ting, alt frå for mykje pynt i frontruta som hindrar sikt, dårleg sikra last, manglande dokument eller merking, til alvorlege oljelekkasjar eller feil på bremser.

Gausdal seier det heldigvis ikkje blir mange av dei grovaste feila som gir kontrollørane hakeslepp.

– Eg vil ikkje seie det er mange, men det er dessverre for mange. Det kan gå på bremser, dårleg utrusting og sikring av last, seier han.

I løpet av året har Vegesenet skrive ut 269 politimeldingar etter kontroll av køyretøy. Det er eit tal Gausdal ikkje likar.

– Det er for mange, spesielt sidan det skal ein del til før ein politimelder eit forhold. Då har føraren bevisst vore kjent med, eller han burde iallfall ha kjent til, forholdet som blir meldt, seier Gausdal.

(Artikkelen held fram under)

Kontroll på Håbakken

PÅ VEKTA: På kontrollstasjonen ved E16 på Håbakken i Lærdal er det kvart år fleire hundre tunge køyretøy innom for nærare sjekk.

Foto: Anna Gytri / NRK

Manglar kurs og kjettingar

Av politimeldingane går storparten på manglande dokument, til dømes der sjåførar ikkje har gjennomgått den obligatoriske utdanninga og har gyldig yrkessjåførbevis. Vegvesenet har måtte politimelde stadig fleire for dette det siste året.

Mange av politimeldingane går på manglar i høve dekk og kjettingar, og Gausdal seier det i desse sakene er snakk om veldig dårlege dekk og ofte sjåførar som ikkje har med seg ein einaste kjetting.

– Dette må vi gjere noko med

I Norges Lastebileigarforbund er dei glade for at Vegvesenet hankar inn tusenvis av køyretøy for kontroll. Jan Ove Halsnøy er fylkesleiar i Hordaland og rosar Vegvesenet i regionen for å ha hanka inn nesten 8000 køyretøy i løpet av 2013.

– Samtidig er det beklageleg at ein fjerdedel har såpass grove feil at det blir lagt ned bruksforbod. Dette er noko vi må gjere noko med, seier han.

Han seier dei ikkje vil ta nokon av feila i forsvar, sjølv mangelen på ein av sju kjettingar er Halsnøy glad for at Vegvesenet slår hardt ned på.

– Har du ein pc som hindrar for sikt ut frontruta, så er det så alvorleg at Vegvesenet skal slå ned på det. Manglar du ein kjetting, så skal du ha bruksforbod.

– Vi har sett på Sørlandet nyleg kor store konsekvensar det kan få om ikkje vogntoga har riktig tal kjettingar med seg, seier han og viser til kaoset som har vore på sørlandsvegane dei siste vekene.

(Artikkelen held fram under)

Over 30 vogntog fikk i natt kjøreforbud på Sør – og Østlandet fordi de var for dårlig skodd.
Statens vegvesen og politiet har satt i gang storkontroller i Agder og Telemark etter flere trafikkulykker med utenlandske vogntog. I går kveld ble E18 i Telemark og Arendal stengt i flere timer på grunn av vogntog.

TØFT MØTE MED NORSK VINTER: Sjå tv-saka om forholda på Sørlandet 17. januar i år.

– Fleire som må ta seg i nakken

Halsnøy er klar på at både bileigarar og sjåførar må skjerpe seg for å få talet bruksforbod ned.

– Vi må ta oss i nakken alle saman.

– Bileigarane har eit overordna ansvar for at køyretøya er i teknisk god og forsvarleg stand, men samtidig må også sjåførane syte for at køyretøyet er i forsvarleg stand. Alle må gjere sitt for å få dette talet ned, seier han.

Melder prosentvis flest norske sjåførar

Sjåførar av tunge køyretøy må også følgje strenge reglar for køyre- og kviletid. Desse reglane seier noko om kor ofte og kor lenge dei må kvile i løpet av ein dag og i løpet av ein arbeidsperiode.

Kontrollane til Vegvesenet i Indre Hordaland og Sogn og Fjordane viser at det prosentvis er fleire norske enn utanlandske sjåførar som blir melde for brot på desse reglane. Av 318 kontrollerte norske førarar vart 62 melde, av 670 kontrollerte utanlandske førarar vart 92 melde.

Det vil seie at nær 20 prosent av dei kontrollerte norske førarane vart melde for brot, medan tilsvarande prosenttal for dei utanlandske førarane er nær 14 prosent.

Thormod Gausdal seier det er vanskeleg å gje noko konkret svar på kvifor dei norske sjåførane kjem dårlegare ut.

– Hadde eg hatt noko svar på det, kunne vi nok ha løyst mykje. Eg trur det meste går på den konkurransen som er, seier han.

(Artikkelen held fram under)

Thormod Gausdal

HELD OPPE TRYKKET: Thormod Gausdal i Statens vegvesen lovar at dei skal halde trykket oppe på kontrollar av tunge køyretøy i året som kjem.

Foto: Anna Gytri / NRK

– Tøff konkurranse

Han viser til at norske transportørar får stadig tøffare konkurranse frå utanlandske transportørar.

– Dei utanlandske førarane er ofte lågare lønna og har lågare kostnader, og dette kan gjere til at dei norske kjem dårlegare ut, seier Gausdal.

– Er norske sjåførar meir villige til å bryte lova?

– Det kan vere tilfeldigheiter bak desse tala. Men det kan også vere utslag av konkurransen som gjer at dei er villige til å ta sjansar for å klare transportoppdraga.

Utlendingar står for dei grovaste brota

Gausdal legg samtidig til at det er blant dei utanlandske sjåførane at Vegvesenet finn dei grovaste brota på køyre- og kviletida. Og då er det ikkje sjåførane frå Aust-Europa som er verst, men dei frå Vest-Europa.

– Det verste tilfellet vi hadde i fjor var ein sjåfør som i løpet av 27 timar hadde køyrt 150 mil. Då seier det seg sjølv kor lite han hadde hatt av pausar. Og ein sjåfør som er trøtt og uopplagt er farleg, seier Gausdal.

Samla sett vart 15,5 prosent av dei kontrollerte sjåførane melde for brot på køyre- og kviletida. Dette er ein liten nedgang frå tidlegare.

Prosentvis har utviklinga det siste året gått i at det blitt færre norske sjåførar som er melde, og fleire utanlandske, seier Gausdal.

Kjøper seg fleire identitetar

Gausdal seier dei også i stadig større grad må vere obs på utanlandske sjåførar som køyrer med fleire identitetar.

NRK har nyleg fortalt om korleis utanlandske sjåførar omgår reglane for køyre- og kviletid ved å ha fleire forskjellige sjåførkort. Slik kan dei køyre svært lenge utan å kvile.

– Vi ser at dei kjøper seg førarkort eller sjåførkort med andre identitetar, og køyrer med dette slik at det kan verke som det er to sjåførar, medan dei er i realiteten åleine, seier Gausdal som seier dette er noko dei har fokus på.

(Artikkelen held fram under)

Jan Ove Halsnøy

MÅ JOBBE MED PROBLEMA: Jan Ove Halsnøy i Norges Lastebileigarforbund seier både bileigarar og sjåførar må ta seg i nakken for å få ned talet bruksforbod og brot på køyre- og kviletidsreglane.

Foto: Kjetil Rydland / NRK

Fryktar store mørketal

Jan Ove Halsnøy i Norges Lastebileigarforbund delar uroa for problemet med sjåførar som køyrer under fleire identitetar. Han vil ikkje vere med på at norske sjåførar er verre enn sine yrkeskollegaer frå utlandet, og viser mellom anna til det Gausdal seier om at dei grovaste brota skjer blant dei utanlandske sjåførane.

Halsnøy fryktar også at alt for mange utanlandske sjåførar greier snike seg gjennom kontrollane til Vegvesenet ved at dei har fleire sjåførkort og fleire identitetar.

– Utanlandske sjåførar kan veldig enkelt få fleire førarkort, og dette er vanskeleg for Vegvesenet å kontrollere. Sjåførane kan køyre i timar utan at ein har moglegheit til å ta dei.

– Dette er utruleg alvorleg og noko det må bli slått hardt ned på, seier fylkesleiaren i Lastebileigarforbundet i Hordaland.

– Må legge opp til gode nok køyreruter

Samtidig er han klokkeklar på at brota på køyre- og kviletida er noko forbundet tek på høgste alvor.

– Her må både sjåførar og bileigarar sørge for at vi unngår brot i framtida. Det må bli lagt opp til køyreruter som gjer at sjåførane kan få godset fram på ein lovleg måte.

– I tillegg veit vi at topografi og vêr og føreforhold gjer sitt til at sjåførane kan måtte bryte reglane for å til dømes kome seg over eit fjell. Her er det viktig at sjåførane noterer dette ned, så ein i ettertid veit kvifor ein har brote reglane, seier Halsnøy.

Lovar å halde trykket oppe

Halsnøy håpar Vegvesenet i det komande året får pengar og mannskap til endå fleire kontrollar. Og nettopp det ønskje kan det sjå ut til at han får oppfylt.

Den nye samferdsleministeren, Ketil Solvik-Olsen frå Frp, har nemleg lova meir pengar til kontrollar av tunge køyretøy. Allereie i haust la han meir pengar på bordet.

– Vi fekk i haust spørsmål om vi greidde auke opp kontrollverksemda vår, og fekk pengar til disposisjon, og klarte det. I løpet av desember auka vi ganske kraftig opp talet på kontrollar, og signala tyder på at dette vil halde fram utover året, seier Gausdal som ikkje legg skjul på at dette er noko han gler seg over.

– Det gler meg veldig. Det gir oss sjanse til å ha kontrollar på fleire tider av døgnet, vi kan kontrollere fleire køyretøy og skape jamnare og tryggare forhold for alle som er på vegen.