Hopp til innhold

Utanlandske vogntog skapar trøbbel på vegane sjølv med kjettingar

Vegvesenet gjennomfører i dag ekstrakontrollar for å luke ut vogntog som kan bli til hinder for trafikken. Trass i sjekk, er det fleire som har fått problem.

Utanlandske vogtog skapte problem i natt på Hemsedalsfjellet

TRØBBEL PÅ VEGANE: Utanlandske vogtog har kanskje kjettingar, men slit likevel med å kome seg fram på fjellovergangane, seier Vegtrafikksentralen. Desst vogntoga står på Bjøberg på Hemsedalsfjellet, og fekk ikkje køyre vidare.

Foto: Statens Vegvesen webkamera

–På Filefjell er det to utanlandske vogntog som har fått problem i kolonnen som går der no, seier Kjetil Molvær ved Vegtrafikksentralen i Lærdal.

Trass i at Vegvesenet no gjennomfører ekstrakontrollar for å luke ut vogntog som står i fare for å køyre seg fast og sperre anna trafikk, er det fleire vogntog som har fått problem på fjellovergangane. Ein av stadane med slik kontroll er ved Borlaug i Lærdal, der E16 over Filefjell møter Riksveg 52 over Hemsedalsfjellet.

– Der stoppar vi all trafikk av tunge køyretøy som skal over fjellet, vi pålegg dei å legge på kjetting og bruke det opp fjellet, seier Tormod Gausdal, seksjonsleiar i Statens vegvesen.

Det har vore veldig mykje å gjere, men dei som blir stogga forstår det, og det er ingen som ynskjer å få trøbbel oppe på fjellet, seier han.

Han har ikkje oversikt over kor mange vogntog som er stogga til no.

– Eg veit ikkje nøyaktig kor mange som står i Lærdalsdalen no, men det skal vere ganske fullt der etterkvart, seier Gausdal, som har mannskap på plassen kontinuerleg for å kontrollere.

Molvær ved Vegtrafikksentralen fortel at trass bruk av kjettingar, så er det dei utanlandske vogntoga som står faste.

Ikkje berre dekka som er problemet

– I løpet av natta så var det problem på Hemsedalsfjellet. Det var to vogntog som vart nekta å ver med vidare, og som no står på Bjøberg. I tillegg var det to andre utanlandske vogntog som hadde kjettingar, men som likevel sleit med å kome seg fram. Dei hadde rett og slett feil utstyr, seier Molvær.

For det er ikkje berre dekka som må vere i orden for å kunne ta seg fram på utfordrande norske vegar med til tider krevjande køyreforhold.

– Dei har gjerne feil bilar, for dei får ikkje lasta over drivhjula, berre bak på hjula som går rundt. Då blir tyngda på feil plass. Men vi kan ikkje stogge dei for feil lasting av bilen, det er berre dekk og kjetting som kan sjekkast, seier Molvær litt oppgitt.

Hald deg heime om du kan

Også Tormod Gausdal seier at det er fleire utfordringar enn kjettingar.

– Det er utfordrande med smal veg, og blir det stopp, sjølv med stryt trafikk, så slit fleire med å kome seg fram. Kjettingane får ikkje skikkeleg tak, fordi vekta ikkje er rett fordelt, fortel han.

– Det er særs frustrerande, for det er mange som slit med dette. Eg syns synd på dei som driv seriøst med transport. Alle har køyre- og kviletider å ta omsyn til og som blir påverka av krøll på vegane. Ein er ikkje betre enn det svakaste leddet, seier Molvær.

Begge to har ei klar oppfordring til dei som skal ut på vegane.

– Dei som ikkje må over fjella må halde seg unna i dag. Det er nok kaos med dei som må kome seg over fjella, seier Gausdal.