Hopp til innhold

Kunnskapsministereren refsar Sogn og Fjordane

Torbjørn Røe Isaksen meiner Sogn og Fjordane øydelegg systemet med fråværsreglar når politikarane lagar lokale retningslinjer.

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen

BRYT LOVA: Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen er krystallklar i sin kritikk mot Sogn og Fjordane. Han meiner vedtaket fylkespolitikarane har gjort er urettferdig for elevar andre stader i landet.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

– Det er urettferdig å bryte reglane og lage eigne, sa Isaksen under Debatten på NRK1 torsdag kveld.

Sidan skulane starta opp for ein knapp månad sidan har debatten om fråværsreglane i vidaregåande rasa. Skal ein få karakter i alle fag kan ein elev ikkje vere vekke meir enn 10 prosent i kvart fag.

Elevane er redde for å raskt nå denne grensa mellom anna grunna sjukdom og fråvær i samband med obligatorisk køyreopplæring. I Sogn og Fjordane har fylkespolitikarane innført eit lokalt unntak, der dei har bestemt at fråvær grunna lang-, glatt- og oppkøyring ikkje skal teljast inn i 10-prosentregelen.

– Det som blir feil er at dei øydelegg systemet for alle dei andre også, når dei bestemmer sjølve og bryt lova. Dessutan har fråvær for å ta køyreopplæring aldri vore rekna som gyldig fråvær, held høgreministeren fram. Han legg til at styrande i andre fylke er frustrerte over vedtaket fordi det fører til ulike reglar.

SJÅ HEILE DEBATTEN HER

Skulkinga i vidaregåande skule gjekk ned med nye reglar, men stressa og småsjuke elevar renn ned legekontora for å få dokumentert fråvær. Kva no, kunnskapsminister?
Direktesendt debattprogram med programleder Ingunn Solheim.

Står på sitt

Karianne Torvanger

STANDHAFTIG: Karianne Torvanger meiner elevane sine behov er ulike og difor er det greitt å opne for lokale tilpassingar i fråværsregelverket.

Foto: Privat

Leiar for opplæringsutvalet i fylket, Karianne Torvanger frå Arbeidarpartiet forsvarte vedtaket som er gjort. Ho synte mellom anna til at Sogn og Fjordane har fleire elevar på yrkesfag enn andre fylke, og at undervisninga der ofte har fleire fag med få årstimar.

– Vi syns det er viktig å lytte til ungdom, og vi er eit distriktsfylke med lange avstandar. For mange er det avgjerande å ta sertifikatet for å kome seg til lærlingplassen. Det er ikkje like reglar når landet er ulikt bygd opp.

Representantar frå Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland skal snart i møte med Isaksen for å diskutere saka. No ventar også tilsyn frå Fylkesmannen, men enn så lenge held annleisfylket fram som før.

– Vi må vurdere kva vi gjer etter møtet med ministeren. Eg håpar regelverket blir endra, slik at ein syner tillit til at fylkeskommunane er i stand til å finne gode løysingar for lokale utfordringar, seier Torvanger.