Hopp til innhold

Fråversgrense lagar fastlegekø

Fastlegar opplever svært stor pågang frå elevar som skal ha legeerklæring for forkjølelse. – Synd at ein må bruke ressursar på dette, meiner Legeforeningen.

Mariann Kapstad

TRAVEL LEGE: Mariann Kapstad har den siste veka merka stor pågang på legekontoret i Førde. Skuleelevar er redde for fråversgrensa og vil vere på den sikre sida.

Foto: Steinar Lote / NRK

Det er influensabølge, og nye, strenge fråversreglar tvingar skuleelevar til lege for å få bevis på sjukdom. I Førde i Sogn og Fjordane, har det vore stor pågang på legekontoret denne veka.

– Det er i utgangspunktet folk som ikkje hadde hatt behov for å gå til lege, som tar kontakt, seier medisinsk ansvarleg lege på Førde legesenter Mariann Kapstad.

På Hafstad vidaregåande skule i Førde har skuleåret byrja med hoste og feber, for mange. Dette er ufarlege tilstandar for unge folk, men elevane må til legen for å unngå å komme over ti prosent-grensa for fråver i skulen.

Matilde Ulleland Kvammen

ELEV: Matilde Ulleland Kvammen forstår godt dersom legar er oppgitte over fråversordninga.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Viktigare ting å bruke tid på

– Ein god del av dei timane vi set av til «øyeblikkleg hjelp»-pasientar, har gått med til å ordne erklæringar til elevar, seier Kapstad.

Elevar på Hafstad vidaregåande skule forstår heller ikkje kvifor dei må til legen for dokumentasjon.

– Hadde eg vore i legane sin posisjon, hadde eg vore forbanna på ti prosent-regelen. Dei har viktigare ting å bruke tid på enn folk med feber, seier elev Matilde Ulleland Kvammen.

– Må ha tillit til elevar

Kari Sollien i Legeforeningen meiner det er problematisk at fastlegane må bruke ressursar på tilstandar dei veit går over av seg sjølv. Det blir mindre tid til dei som verkeleg har behov for hjelp.

Kari Sollien

PROBLEMATISK: Kari Sollien i Legeforeningen mener det er problematisk at fastleger må bruke tid på elever med forkjølelse, og at det blir mindre tid til de som virkelig har behov for hjelp.

Foto: Legeforeningen

Ho fortel at det er vanleg at mange skuleelevar blir sjuke no rett etter skulestart. Sidan mange ikkje veit om dei vil overskride ti prosent-grensa i løpet av året, vil mange ha legeerklæring for å vere sikre.

– Det er rimeleg at ein har tillit til elevar slik ein har tillit til tilsette i ei bedrift. Det bør halde at foreldra sender med ei melding dei første dagane. Mange foreldre er i stand til å ta den avgjerda, seier ho.

Fastlegar må prioritere stramt

Det blir meir for fastlegane å gjere, utan at det kjem fleire fastlegar, slår Sollien fast. Det gjer at dei fleste fastlegar som i utgangspunktet er travle, må stå i spagat og prioritere veldig stramt.

– Politikarar seier at det skal vere «ubehageleg» å skulke, men bruker besøk hjå fastlegen som ein sanksjon eller straff. Eg trur ikkje det er det beste verkemiddelet. No ser vi i praksis konsekvensane av dette. Eg håper nokon har vilje til å endre på systemet, slik at det blir ei betre innretning, seier ho.

Ministeren meiner folk misforstår

 Torbjørn Røe Isaksen

– INGEN PROBLEM: Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen meiner elevar og legar misforstår fråversordninga.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen meiner at det ikkje er nokon grunn til at dette skal vere eit problem.

– Det er ingen grunn til å oppsøke lege viss ein må vere borte ein dag eller to. Det er først dersom ein byrjar å nærme seg fråversgrensa, at det kan vere ein god idé å gå til ein lege for dokumentasjon, seier han.

Den nye fråversordninga har vart i éi og ei halv veke, og Røe Isaksen trur det er naturleg at det er litt misforståingar rundt den nye ordninga. Derfor meiner han at Legeforeningen må bidra med god informasjon til legar om korleis dokumentasjonssystemet fungerer.

– Det er ikkje berre legar som kan gi dokumentasjon om fråver av helsegrunnar, til dømes kan helsesøster og psykolog òg gjere dette, seier kunnskapsministeren.

AKTUELT NÅ