NRK Meny
Normal

Slepp fråvær for deler av køyreopplæringa

Elevar ved vidaregåande skular i fylket skal ikkje få fråvær dersom dei må vere vekke frå skulen i samband med glattkøyring, langkøyring og oppkøyring til førarprøva.

Protesterer mot nye fråværsreglar

NYE REGLAR: Elevar i den vidaregåande skulen demonstrerte tidlegare i år mot dei nye fråværsreglane.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Det er heilt fantastisk, mest av alt fordi vi ser at vi unge blir høyrde, seier Sofie Sundberg som er elevrådsleiar ved Sogndal vidaregåande.

Det har kome kritikk frå fleire hald etter at nye fråværsreglar vart gjeldande frå august.

Regelendringa gjer at elevar berre kan ha 10 prosent fråvær i kvart fag, dersom dei skal få karakter i faget. Noko som mellom anna kan gjere det vanskeleg for elevar å gjennomføre obligatorisk køyreundervisning.

– Vi er eit distriktsfylke, og for elevar frå Sogn og Fjordane er førarkort viktig, seier Karianne Torvanger som er leiar i hovudutvalet for opplæring.

Lempar på krava

I dag har hovudutvalet for opplæring bestemt at obligatorisk kurs i glattkøyring, langkøyring og oppkøyring til førarprøva er ein lokal velferdsgrunn som ikkje skal reknast opp mot 10-prosentgrensa for fråvær for å få karakter i faget.

Sofie Sundberg

FEKK GJENNOMSLAG: Sofie Sundberg er elevrådsleiar ved Sogndal vidaregåande.

Foto: Privat

Vi har kjempa lenge mot denne regelendringa, og at vi no får litt gjennomslag vil hjelpe både for elevane og køyreskulane, seier Sundberg.

Skal vere smidige

Hovudutval for opplæring er oppteken av likebehandling for alle elevar i samband med praktiseringa av 10 prosent fråværsregelen.

Karianne Torvanger

VIL VERE MEIR SMIDIGE: Karianne Torvanger er leiar for hovudutvalet for opplæring.

Foto: Privat

– Eg håpar at dette er ei god løysing, seier Torvanger

Torvanger skal no orientere utdanningskomitéen i Stortinget om dei praktiske følgjene av det nye reglementet.

– Vi kan jo risikere at Stortinget seier nei, men slik som rundskrivet no ligg frå departementet, så tolkar vi det slik at velferdsfråvær kan definerast på ein brei måte og det kan brukast skjønn. Difor har vi valt å gjere det på denne måten, seier Torvanger.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser