Krev fem års fengsel for terrortiltalt kvinne (31)

Påtalemakta krev fengsel i fem år for den terrortiltalte somaliske fembarnsmora busett i Nordfjord. Forsvarar kravde full frifinning.

Rettssak i forbindelse med IS.

AKTOR: Statsadvokat Marit Formo aktorerer saka mot den 31 år gamle somaliske kvinna, som fire år etter at ho søkte asyl i Noreg vart pågripen for deltaking i IS.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Statsadvokat Marit Formo la i går ned påstanden i rettssaka mot den første terrortiltalte kvinna i Noreg.

Rettssak i forbindelse med IS.

AKTOR: Statsadvokat Marit Formo aktorerer saka mot den 31 år gamle somaliske kvinna, som fire år etter at ho søkte asyl i Noreg vart pågripen for deltaking i IS.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Strafferamma i saka er fengsel i 12 år.

– Vi meiner fem år er ei rett straff for desse handlingane samanlikna med praksisen vi har i Noreg til no om deltaking i terrorganisasjonar, seier Formo til NRK.

Spreidde propaganda

PST meiner at kvinna, medan ho var busett i Nordfjord, på ulike måtar medverka til å spreie og utvikle propaganda for terrororganisasjonen. Dei meiner også at kvinna formidla kontakt mellom ein person som ynskte å bli framandkrigar og ISIL sitt fasiliteringsnettverk i Syria.

– I tillegg prøvde ho sjølv å reise til Syria og slutte seg til ISIL, seier Formo til NRK.

Det har ikkje lukkast NRK å få kommentar frå forsvarar Steingrim Wolland.

– Eg tenkjer det same som om Brexit; eg trur det ikkje før eg får sjå det, seier han til NTB om påstanden.

Han la fredag ned påstand om full frifinning av kvinna.

Nektar straffskuld

Kvinna har nekta straffskuld på alle punkt i tiltalen. Politiet meiner ho vart rekruttert til terrororganisasjonen medan ho budde i Nordfjord, og var på veg til Syria for å slutte seg til denne då ho vart pågripen i november 2017. På kvinna fann 50.000 kroner og eit falskt pass.

Ifølgje NTB forklarte kvinna i retten at dei norske reisedokumenta var gått ut på dato, og at ho ikkje kunne vente på nye då sonen hennar i Somalia var blitt alvorleg sjuk og måtte opererast i Etiopia.

Politiet festar ikkje lit til kvinna si forklaring. Dei meiner ho var på veg til Syria for å gifte seg med ein somalisk-norsk framandkrigar.

– Dei sentrale bevisa i saka er basert på beslag av mobiltelefonar og pc-ar tilhøyrande tiltalte, seier Formo.

På mobiltelefonen fann politiet mellom anna ei oppskrift for korleis ein kan lage eksplosiv heime på kjøkenet.

Rettssaka vart avslutta fredag med forsvaret sine prosedyrar.