Den somaliske statsborgaren er den fyrste kvinna som blir terrortiltalt i Noreg. Det kunne NRK fortelje denne veka. 31-åringen seier ho er uskuldig.
Kvinna innvandra til Noreg i 2013, og kom til nordfjordbygda i oktober 2015, etter fyrst å ha budd ved asylmottaket i Årdal. Ho vart busett av kommunen, og har budd i kommunalt husvære fram til ho vart arrestert.
I fylgje tiltalen skal kvinna frå sommaren 2016 ha delteke i terrororganisasjonen Den islamske stat i Irak og Levanten (ISIL).
Ho skal frå den kommunale bustaden sin hatt kontakt med fleire personar i Syria, Storbritannia og Sudan, og delteke i fora på nett som publiserte propaganda for IS.
– Ho er heilt avvisande til tiltalen, og nektar for planar om la seg rekruttere til IS, eller at ho ville til IS-land, seier advokat Steingrim Wolland som forsvarar kvinna.
Wolland meiner det finst pussige ting i tiltalen. Som til dømes korrektur av propaganda.
– Det er ikkje opplagt straffbart, seier Wolland.
Wolland seier kvinna er usamd i tiltalen om pengeoverføringar til terroristar.
– Ville gifte seg med IS-krigar
Hausten 2017 reiste kvinna frå Nordfjord for å kome seg til IS-område i Syria, i fylgje tiltalen.
Kvinna ville gifte seg med ein IS-krigar som hadde søkt om innreiseløyve for ho.
Verken politi eller forsvarar mistenker at ho har samarbeida med andre i Nordfjord.
– Nei, vi har ikkje mistanke. Vi har avhøyrt personar i kretsen rundt tiltalte også i Nordfjord, seier statsadvokat Marit Formo.
– Det er ingen i miljøet i Nordfjord som har oppfatta ho som radikalisert, eller påfallande religiøs, seier Steingrim Wolland.
Etter det NRK kjenner til har ho ikkje familie i bygda.
Kvinna vart til slutt arrestert i Italia, frakta tilbake til Noreg og sett i varetekt. Der har ho vore sidan fjor haust.
– Skal ha spreidd propaganda
I fylgje tiltalen spreidde ho IS-propaganda, las korrektur på propagandatekstar, og sende meldingar med valdeleg jihadistisk innhald til ein person tilknytt IS. Ho skal også ha oppretta fiktive brukarkontoar i sosiale medium.
I februar 2018 formidla ho kontakt for ein person som ville til Syria frå Storbritannia for å slutte seg til IS. Mannen vart pågripen i London.
Det var då britisk politi kom på sporet av kvinna.
– PST vart kjent med saka då britisk politi etterforska saka, seier Formo.
Den 31-år gamle kvinna skal også ved fire høve ha overført mindre pengesummar til tre personar knytt til terrorgruppa.
NRK har tidlegare omtala ei bombeoppskrift på kvinna sin telefon, samt instruks til å lage eksplosiv på sitt eige kjøken.