Hopp til innhold

Kommunen hennar blir tvungen til å tilsetje fleire lærarar

NORDFJORDEID (NRK): 8 av kommunane i Sogn og Fjordane må tilsetje nye lærarar for å innfri dei nye krava om tal elevar per lærar.

Anita Midtbø

LANG ERFARING: – Elevane fortener det, dei fortener meir vaksenkontakt og oppfølging, seier lærar Anita Midtbø om den nye lærarnorma.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Eg kunne nesten ikkje tru mine eigne øyre då eg høyrde nyheita. Eg vart kjempeglad, seier allmennlærar Anita Midtbø, ved Nordfjordeid skule.

Frå neste år kan ho og mange andre lærarar vente seg nye kollegaer. I følgje utrekningar frå Kunnskapsdepartementet må Askvoll, Bremanger, Eid, Flora, Førde, Gaular, Høyanger, Sogndal tilsetje fleire lærarar.

– Eg synest fleire lærarar er bra, seier Theo Endal som sit på første rad i sjuande klasse.

Tilsaman krevst det 28 nye årsverk i skulane i fylket for å oppfylle lærarnorma. Ti kommunar får pengar til å styrke lærarstanden, åtte må tilsetje nye lærarar.

– I vår klasse er det litt vanskeleg å halde kontroll når vi berre har éin lærar. Om det er fleire som har spørsmål, er det vanskeleg for læraren å vere over alt, forklarar Endal.

Theo Endal (til venstre) og Aniis Mohammed Ahmed

VIL HA FLEIRE LÆRARAR: Theo Endal (til venstre) og Aniis Mohammed Ahmed i sjuande klasse ved Nordfjordeid skule vil gjerne ha fleire lærarar i klasserommet.

Foto: Silje Guddal / NRK

Har hatt få lærarar

I Endal sin klasse er det 23 elevar, altså tre meir enn kravet i den nye lærarnorma. Den set eit tak på 20 elevar per lærar i femte til sjuande trinn frå 2019. I første til fjerde klasse er talet 15 elevar per lærar.

– Korleis opplevast ansvaret og arbeidet når klassane vert store?

– Du føler deg litt utilstrekkeleg rett og slett, så det seier seg sjølv at dette her er kjempepositiv. Då kan vi dele på at ansvaret, seier Midtbø.

KrF har av statsministeren fått æra for at lærarnorma vart pressa gjennom i sluttforhandlingane om statsbudsjettet. I Utdanningsforbundet, som i fleire år har arbeidd for ei lærarnorm, er gleda stor.

– Letta er enorm når vi no har fått det til. Ved å innføre ei lærarnorm sikrar vi at lærarane og skulane som har dei største klassane, får fleire lærarar som kan sjå kvar enkelt elev betre, seier fylkesleiar Steinar Strømsli i Utdanningsforbundet.

Spent på rekrutteringa

Eid kommune må tilsetje åtte lærarar for å sette dei nye krava, ifølgje utrekningane til Kunnskapsdepartementet. Førde må tilsetje fire lærar, Flora og Sogndal fem.

– Nordfjordeid skule og dei andre skulane i Eid har hatt få lærarar. Vi har hatt dårleg økonomi, seier kommunalsjef Harald Sivertsen i Eid.

Han er glad for dei nye krava, særleg på vegner av elevane.

– Det kan vere rett å satsa på lærarkrefter på dei minste årstrinna, for vi veit at tidleg innsats er gull verdt for ungar som skal vidare i utdanningsløpet.

Harald Sivertsen

MÅ TILSETJE FLEIRE: Kommunalsjef Harald Sivertsen i Eid kommune skal lyse ut fleire lærarstillingar på nyåret.

Foto: Silje Guddal / NRK

Samstundes er Sivertsen spent på korleis rekrutteringa av lærarar til dei større skulane vil påverke dei minste skulane. For å innføre krava vil det vere behov for 2802 nye lærar i landet.

– Vil det føre til at krinsskulane får meir vanskar med å skaffe lærarar, at det vert sentrumsskulane som vil dominere i etterspurnaden etter lærarar, undrar Sivertsen.