Hopp til innhold

KrF sikrar fleire lærarar per elev, men kommunane er skeptiske

I statsbudsjettet fekk KrF gjennomslag for ei lærarnorm i skulen, men kommunane sin interesseorganisasjon (KS) stiller spørsmålsteikn ved om dette i det heile tatt vil ha ein effekt for elevar som treng det. Men elevane og lærarane jublar.

med Astrid Randen i studio

Rundt kl. 17 onsdag annonserte regjeringspartia Høgre og Frp, saman med KrF og Venstre at dei har blitt einig om eit statsbudsjett for 2018.

– Det har vore ein god prosess, men vi har hatt nokre usemjer på slutten. No har vi kome fram til eit resultat som alle kan vere nøgd med, sa Nikolai Astrup, som har leia forhandlingane frå Høgre.

Det er blant anna spørsmålet om eit makstal på antal elevar per lærar i barne- og ungdomsskulen som har vore stridstema heilt mot slutten.

Budsjettforhandlinger i Stortinget

EINIGE: F. V: Kjell Ingolf Ropstad frå KrF, Terje Breivik i Venstre, Helge Andre Njåstad i Frp og Nikolai Astrup i Høgre seier det har vore ein krevjande prosess.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

KrF fekk gjennom lærarkrav

Ei slik lærarnorm har vore ei av hjartesakene til KrF i forhandlingane, og til slutt gjekk dei borgarlege partia inn for ei norm:

  • Frå hausten 2018 vert det eit krav om maks 16 elevar per lærar i 1. til 4. klasse og 21 elevar i 5. til 7. klasse.
  • Frå hausten 2019 justerast talet til 15 elevar i 1. til 4. og 20 elevar i 5. til 10. klasse.

Sistnemnde i tråd med KrF sitt ynskje.

Kommunane ikkje overbevist

Helge Eide

KS: Kommunane er kritiske til forslaget KrF har kjempa inn i statsbudsjettet. Helge Eide, direktør for interessepolitikk spør om kommunane vil få midlar nok.

Foto: Kathrine Mørkved / NRK

– Vi er kritiske til at det i forhandlingane er pressa gjennom å bruke to milliardar kroner på ei reform som kan auke andelen lærarar utan godkjent utdanning, seier Helge Eide, direktør for interessepolitikk i KS.

Han fryktar dette kan råke ulikt ulike stader i landet, og for eksempel ta kvalifiserte lærarar frå skular som treng det inn i skular som ikkje har like store behov.

– Det gjer det vanskelegare for kommunane å omprioritere lærarressursar mellom skulane, seier Helge Eide, direktør for interessepolitikk i KS.

Høgre var imot ei lærarnorm, men gjekk til slutt god for KrF sitt forslag.

– Lærarnorma var veldig viktig for KrF. Det er eit ambisiøst mål, som vi skal følgje opp og evaluere undervegs, og sikre at lærarane er kvalifiserte, seier Astrup.

Elevane og lærarane jublar

Rahman Chaudhry, Elevorganisasjonen

NØGD: Elevorganisasjonen jublar for ei lærarnorm i skulen. Rahman Chaudhry seier det er avgjerande med tidleg innsats.

Foto: Edin Babic

– Vi er glade for at Venstre og KrF har lytta til elevar, foreldre og lærarane i denne saka. Får lærarane meir tid til kvar enkelt elev, får kvar enkelt elev meir tilpassa opplæring, seier Rahman Chaudhry, leiar i Elevorganisasjonen.

Han peikar på at tidleg innsats er avgjerande for elevar som skal vidare til ungdomsskulen og vidaregåande utdanning.

Også Utdanningsforbundet har kjempa for ei slik norm i mange år.

– Innføring av ein slik nasjonal minstenorm kan få mykje å seie. Det vil sikre at pengane som vert løyvd til auka lærartettleik faktisk går til lærarane. Det er viktig, seier Steffen Handal, leiar i Utdanningsforbundet.

Fjernar maskinskatten

KrF måtte derimot gå med på å fjerne den såkalla maskinskatten, eigedomsskatt på maskinar og industrianlegg.

I sitt alternative statsbudsjett gjekk partiet inn for å behalde denne skatten, for å sikre kommunane gode økonomiske kår.

Det er derimot lagt opp til fleire kompenserande tiltak for kommunane, med skjønnsmidlar, retaksering og unntak for kraftmaster og enkelte andre installasjonar.

AKTUELT NÅ