Mange kommunar vil heise Pride-flagget

21 kommunar i Sogn og Fjordane har bestemt seg for å flagge under Pride.

Tre Pride-flagg ved Rokken i Volda

MANGE VIL FLAGGE: Til helga blir Pride arrangert i Førde. Då vil det vaie flagg frå mange kommunale flaggstenger.

Foto: Arne Flatin

Det viser ei undersøking som NRK har gjort. Til helga blir Pride arrangert for aller første gong i Sogn og Fjordane.

Ein av kommunane som skal flagge er Lærdal.

– Det er viktig å fremme bodskap om å ha respekt for folk uavhengig av etnisitet, legning eller religion, seier ordførar Jan Geir Solheim.

Tidlegare denne veka sa leiar Hege Lothe i SV Vestland at alle kommunar i fylket burde flagge under -arrangementet neste helg.

– Det er historisk at Pride kjem til Førde, og då er det viktig at alle kommunane flaggar denne dagen med regnbogeflagg.

FLAGGAR FOR PRIDE: Hege Lothe, her saman med ordførar for Gloppen kommune Leidulf Gloppestad

FLAGGAR FOR PRIDE: Hege Lothe, her saman med ordførar for Gloppen kommune Leidulf Gloppestad.

Foto: Artur do Carmo / NRK

Svært positiv respons

Jan Geir Solheim

POSITIV TIL PRIDE: Ordførar for Lærdal Kommune, Jan Geir Solheim, er svært positiv til at pride skal arrangerast for første gong i Sogn og Fjordane.

Foto: Magnus Gamlem/NRK

Lærdal er ein av fleire kommunar i Indre Sogn som har bestilt regnbogeflagg for å markere deira støtte til Pride-arrangementet. Ordførar Jan Geir Solheim seier det ikkje var i tvil då spørsmålet om å flagge kom på bordet.


– Ein kommune som Lærdal har plass til alle.

Ordførar Ivar Kvalen i Luster kommune var tidleg ute på sosiale medium og stadfesta at kommunen skal flagge. Han seier at innlegget har fått svært god respons og at for han personleg var det viktig å markere si støtte.

Eg tykkjer ærleg talt at samfunnet må komme seg vidare utan fordommar for noko sånt. Folk må få lov til å vere glad i den dei er glad i, seier Kvalen.

Håpar det vert enklare å stå fram i distriktet

Pride vert i år arrangert for 50. gong. Det var likevel ikkje før i fjor at arrangementet gjekk av stabelen i distrikts-Noreg, då fleire tusen gjekk i parade i Volda.

Ei av initiativtakarane som stod i bresjen for å få Pride-arrangementet til Førde, Sandra Edith Tenud, meiner det er ei stigmatisering rundt det å komme ut av skapet i bygdene. Ho håpar rørsla som er i gang kan hjelpe til å endre dette biletet.

GLER SEG: Sandra Tenud håpar så mange som mogleg vil være med å markere pride neste helg

GLER SEG: Sandra Tenud håpar så mange som mogleg vil vere med å markere pride neste helg.

Foto: UKJENT / AUF

– Eg kjenner fleire som har flytta frå heimbygda si og til byen for deretter å stå fram. Det seier både litt om hat og hets, men kanskje også om forventningar homofile har om å komme ut av skapet.

Tenud trur mange set pris på den støtta kommunane rundt om i fylket viser for arrangementet. Ho meiner ringverknadene av ei symbolsk handling som å heise regnbogeflagget, ikkje skal undervurderast

– Det er ein enkel ting å gjere, men det kan bety enormt mykje for mange.

Sjølv gler ho seg til arrangementet, og bodskapen er tydeleg.

– Ein skal ikkje trenge å forlate bygda si eller fylket sitt for å kunne vere den ein er. Me skal feire kjærleik og identitet, og Sogn og Fjordane skal vere ein plass for alle.