– Vi er snart der at alle har ein parade å gå i i sitt eige heimfylke, seier Ingvild Endestad, leiar i Foreningen for kjønns- og seksualitetsmangfald (FRI), og held fram:
– Men det er lenge til vi kjem dit at vi ikkje treng å gå. Det er ein veg å gå til likestilling og alle rettar er på plass.
I fjor vart Bygdepride arrangert for første gang, i Volda og Ørsta.
– Måtte vise veg
Pride Parade er kjent frå bygatene i Oslo, Stavanger, Trondheim og Bergen i mange år, og no også på mindre stader.
Kor mange arrangement og festivalar som finst totalt, har ikkje organisasjonen fullstendig oversikt over. Men det er byrja å bli mange.
– Eg trur det handlar om at nokon måtte gå først, og vise at det var mogleg. Men også at veldig mange har fått auga opp for at det framleis er ein kamp att å kjempe og at ein ynskjer å kjempe den kampen, seier Endestad.
Ein eller tre paradar
I helga vaia regnbogeflagget for første gang over Heradsplassen på Sandane. Og tettstaden i Gloppen er saman med Førde og Sogndal kandidatar til å huse den første pridefestivalen i Sogn og Fjordane i sommar.
Det seier Sandra Tenud, likestilling- og inkluderingsansvarleg i fylkesstyret til AUF Vestland.
LO er blant dei som skal vere med på å arrangere Pride i fylket.
– Det er ein folkefestival for kjærleiken, ei stor markering. Og difor vil ein ha med seg alle, uansett politisk retning, tru eller kor tjukk lommebok ein har. Pride er for absolutt alle, seier ho.
Byrja med terrorangrep
Ingvild Endestad trur det er fleire forklaringar på kvifor Pride spreier seg også i Distrikts-Noreg, men noko skjedde etter at 50 personar vart drepne i eit angrep mot ein nattklubb for homofile i Orlando 2016.
– Mange vart redde for at slikt hat også kunne bli retta her heime. I tillegg ser ein oppblomstring av nazistiske rørsler som peikar ut homofile som hovudfiende, seier Fri-leiaren.
– Mykje skuldast nok også vår eigen kampanje «Gå for meg», der mange fortalde si historie om kvifor dei ikkje vågar å gå i paraden, og oppmoda andre til å gå, seier ho.
Endestad meiner det gir viktige signal at stadig fleire mindre stader melder seg på og vil arrangere Pride-parade.
Ein rapport presentert i dag, viser at lesbiske, homofile, bifile og transpersonar er langt meir utsette for hatytringar og truslar enn befolkninga elles.
– Vi veit at den same gruppa som bur på bygda har utfordringar med å vere opne, og vi ser at dårlege haldningar påverkar livskvaliteten til dei haldningane er retta mot. Det er viktig å ha ein arena der berre positive haldningar får plass, seier ho.