Hopp til innhold

Kjøpte julegåve til borna på fylkeskommunen si rekning

FØRDE (NRK): Den tidlegare fylkestoppen vedgjekk i retten torsdag straffskuld for kjøp av ytterlegare to actionkamera.

Magnus Engh Juel og Stig Nybø

FORKLARINGAR: Både aktor Magnus Engh Juel (t.v.) og forsvarar Stig Nybø stilte spørsmål då den tidlegare fylkestoppen gjekk igjennom bestillingane han har gjort.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Dei to kamera vart gjevne i julegåve til borna til mannen. Då rettssaka starta onsdag erkjende han også straffskuld for to andre kamera.

Politiadvokat Magnus Engh Juel ville vite kvifor han ikkje fortalde om dette før.

– Eg hugsa det ikkje, fortalde mannen.

3,7 millionar

Då saka starta onsdag erkjende mannen at han også kjøpte gåver til kona, svigermora og kollegaer i fylkeskommunen. Mannen har erkjent å ha kjøpt utstyr til privat bruk for 150.000-200.000 kroner av fylkeskommunen sine midlar.

Mannen står tiltalt for grov økonomisk utruskap av 3,7 millionar kroner. Politiet har teke beslag i store mengder film, foto og lydutstyr.

Mykje av utstyret har stått lagra på ulike stader utan å ha blitt nytta i fylkeskommunalt regi. Mannen hevda at utstyret skulle nyttast til å mellom anna lage undervisingsvideoar og rekrutteringsvideoar.

– Kven diskuterte du dette med, ville aktor vite.

– Ikkje så veldig mange, svara mannen.

Ein del utstyr er lånt ut til ein fotballklubb der mannen er styremedlem, samt skular og private arrangement. Politiadvokat Engh Juel brukte spurte mannen ut om diverse lydutstyr og videoutstyr som mannen hevda skulle plasserast ut i fylkeskommunale avdelingar.

Aktor ville vite kvifor han ikkje bestilte alt og likt utstyr på same tid. Mannen erkjende at han burde gjort dette, men hevda han ville teste utstyret først.

– Eg ville prøve ulikt utstyr før eg bestemte meg, men eg ser at det var ein dum måte å gjere det på. Det skulle brukast i fylkeskommunen, sa mannen.

Nytta privat

Under gjennomgangen av dei ulike innkjøpa erkjende mannen at han brukte ein del utstyr privat, og at familiemedlem også fekk nytte eit nettbrett han ikkje lenger nytta. Han avviste at det vart gjeven i gåve.

Mannen forklara seg også om fleire ting som vart kjøpt inn som gåver på studentpresentasjonar eller personalsamlingar. Han kunne ikkje forklare kvifor nokre av desse var opna, nytta og framleis hos han.

Friluftsutstyr var tenkt nytta til sosiale settingar og den tiltalte viste mellom anna til ein strategisk handlingsplan som la opp til dette. I garasjen til mannen fann politiet verktøy som var kjøpt inn på fylkeskommunen si rekning. Desse var tenkt nytta til praktisk arbeid, både av han og andre innan tenesteområdet.

– Veldig mykje av verktøyet er ubrukt, fordi eg har brukt mitt eige verktøy, sa mannen.

Mannen har erkjent å ha brukt gåvekort som var tiltenkt studentar, på klede.

– Det var ei kortslutning. Frykteleg dumt, sa han og forklara at kleda vart kasta.

Etter planen skal dei første vitna forklare seg måndag, med fylkeskommunen og fylkesrådmann Tore Eriksen som den første i vitneboksen.