NRK Meny
Normal

Fekk sparken - sikta for grov økonomisk utruskap

Den tidlegare leiaren i Sogn og Fjordane fylkeskommune som er sikta for grov økonomisk utruskap skal ha kjøpt inn varer for millionsummar for fylkeskommunen si rekning.

Fylkeshuset på Hermansverk

SKAL HA BRUKT FLEIRE MILLIONAR: Den tidlegare leiaren i fylkeskommunen er sikta for å ha kjøpt inn mellom anna datautstyr og kamera.

Foto: Ottar Starheim / NRK

bt.no skriv i dag at det handlar mellom anna om datautstyr og kamera.

– Innkjøpa har skjedd over mange år, og det dreier seg om eit stort tal gjenstander. Det har vore ein omfattande jobb å skilje mellom kjøpa som er legitime og dei som ikkje er det, seier politiadvokat Magnus Eng Juel til avisa.

Politiadvokaten vil ikkje seie kor stor sum siktinga gjeld, men han seier at det handlar om fleire millionar kroner.

Den tidlegare leiaren har no fått sparken av fylkeskommunen etter å ha vore suspendert nokre månader.

– Han vedgår ein mindre del av det han er sikta for. Han skal ha nytta eit fåtal av dei innkjøpte gjenstandane privat, seier Eng Juel.

– Avviser

Stig Nybø er advokaten til den tidlegare leiaren. Han understrekar at det ikkje er teke ut tiltale i saka enno.

– Klienten min avviser i det alt vesentlege at han har gjort noko gale. Fylkeskommunen har hand om alle dei omtalte gjenstandane. Han har i det store og det heile meint at han har disponert innanfor dei rammene han har hatt som leiar, sier Nybø til bt.no.

Nybø seier til NRK at den sikta mannen har godteke at fylkeskommunen har sagt han opp.

Leiinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune fekk mistanke om misleghald under ein internkontroll like før jul i fjor og melde saka til politiet utpå nyåret.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.