NRK Meny
Normal

Politiet: Kjøpte gåve til kona og svigermora på fylkeskommunen si rekning

Politiet meiner den tidlegare sjefen i Sogn og Fjordane fylkeskommune kjøpte gåver til kona, svigermora og kollegaer i fylkeskommunen på fylkeskommunen si rekning. Mykje utstyr gjekk til den lokale fotballklubben.

Stig Nybø og Magnus Engh Juel før retten vart sett i dag.

ULIKT SYN: Advokat Stig Nybø og politiadvokat Magnus Engh Juel har ulike oppfatningar om kor store summar den tidlegare fylkestoppen har brukt i strid med lovverket.

Foto: Bård Siem / NRK

På spørsmål frå politiadvokat Magnus Engh Juel om vedkomande vedgår straffskuld for grov økonomisk utruskap av 3,7 millionar kroner, slik tiltalen viser, svarte han delvis straffskuld. Han vedgjekk å ha brukt om lag 150.000 kroner på ulovleg vis.

Rom fullt av utstyr.

Politiet meiner på si side at tiltalte har kjøpt inn store mengder utstyr som fylkeskommunen ikkje hadde bruk for. For å vise kor store mengder og kva type utstyr det var snakk om, fekk retten sjå alt det beslaglagde utstyret.

På det godt over 100 kvadratmeter store rommet på tinghuset, var det ikkje mykje golvplass ledig etter at utstyret var plassert der. Her kunne vi sjå store mengder kostbart elektronisk utstyr, fotokamera, film- og lydutstyr, mikrofonar, dronar, høgtalarar, mobiltelefonar, fjell- og friluftsutstyr, verktøy, røykmaskin, champagnekjølarar og mykje anna.

Drone

DRONE: Politiet meiner den tidlegare fylkestoppen mellom anna kjøpte inn ei drone av denne typen. Han kjøpte også inn fleire andre droner.

Foto: Produsenten av drona

– Kjøpte gåve til kona

Politiet meiner også at den tiltalte kjøpte gåver til kona og svigermora på fylkeskommunen si rekning. Det vart vidare vist til at han hadde kjøpt inn gåver og gitt gåvekort til fleire leiarar i fylkeskommunen.

– Han gjorde kjøpa imot fylkeskommunen sine interesser, sa Engh Juel.

Politiadvokaten peika på at fleire av innkjøpa den tidlegare fylkestoppen gjorde, vart gjort for å oppnå eiga vinning. Her er utvist grov økonomisk utruskap, sa politiadvokaten.

Viste bilde av utstyr til fotballklubb

Tiltalte er styremedlem i ein fotballklubb i fylket, og politiet hevdar han brukte fylkeskommunale midlar på å kjøpe inn mykje utstyr til fotballklubben. Politiadvokaten viste bilete av kostbart utstyr som vart kjøpt inn til fotballklubben.

Noko av utstyret var høgtalarar, mikrofonar og store mengder kablar, hevda politiadvokaten. Det vart også vist til ein epostkorrespondanse mellom tiltalte og andre i fotballklubben, der tiltalte informerer om noko av det han har kjøpt inn og kva det skal brukast til i klubben.

Utstyr på soverommet

Engh Juel fortalde at politiet har gjort beslag også på tre andre stader. I heimen til tiltalte fann politiet mellom anna dronar og videoutstyr som var betalt av fylkeskommunen. Det vart også oppdaga ei komfyrvakt som var betalt av fylkeskommunen. Noko av utstyret vart funne på soverommet til tiltalte og soverommet til borna hans.

I den private hytta til tiltalte fann politiet mellom anna fleire sett med skredsikringsutstyr, hovudlykter og kikkertar. Også i bilen til tiltalte fann politiet ein del utstyr som var betalt av fylkeskommunen

Stilte spørsmål ved innkjøp

Innkjøpa var gjort av tiltalte sjølv, men måtte attesterast av ein annan i fylkeskommunen. Det vart vist til døme der den som skulle attestere kjøpa sende e-post til tiltalte og spurde kva han skulle bruke utstyret til. Tiltalte hadde då alltid ei god forklaring på kva det skulle brukast til, hevda politiadvokaten og viste til epostkorrespondansen.

Advokat Stig Nybø

TIDLEGARE FYLKESTOPP: Den tidlegare sjefen i fylkeskommunen gjorde ikkje innkjøpa for å oppnå eigen vinning, sa advokat Stig Nybø i retten.

Foto: Bård Siem / NRK

– Ikkje vore illojal

Advokaten til den tiltalte, Stig Nybø, påpeika at den tidlegare fylkestoppen ikkje har vore illojal mot fylkeskommunen.

– Han gjorde heller ikkje innkjøpa for å oppnå eigen vinning. Dette vil kome fram når han forklarer seg, sa advokaten.

Nybø har tidlegare uttalt at den alvorlege tiltalen er «bortanfor» all sunn fornuft.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast