Hopp til innhold

Tiltalt for ulovleg innkjøp av utstyr til fotballklubb- sit framleis i fotballstyret

Vedkomande som er tiltalt for å hjelpe ein fotballklubb på ulovleg vis, sit framleis i styret i fotballklubben.

Magnus Engh Juel

Politiadvokat Magnus Engh Juel har kalla inn ei rekkje personar frå den lokale fotballklubben som vitne i rettssaka som startar i Fjordane tingrett den 14. juni.

NRK har vore i kontakt med styreleiaren i fotballklubben, som ikkje ønskjer å uttale seg. Men han stadfestar at vedkomande som er tiltalt har sete i styret i klubben i fleire år og at han framleis gjer det.

Ifølgje tiltalen skal den tidlegare fylkestoppen ha kjøpt inn datautstyr, film- og lydutstyr, gåvekort, verktøy, dronar, trenings- og friluftsutstyr, byggematerialer, mobiltelefonar, champagnekjølarar og røykmaskin for til saman 3,7 millionar kroner.

Politiadvokat Magnus Engh Juel fortel at ein del av utstyret som vart kjøpt inn på fylkeskommunen si rekning har vore brukt av ein lokal fotballklubb. Ifølgje Engh Juel skal fotballklubben mellom anna ha brukt lyd- og filmutstyr, utstyr for å streame på internett og kommunikasjonsutstyr.

Heile klubbleiinga må møte i retten

Av dei til saman 40 vitna som er kalla inn til rettssaka, kjem vel 10 frå fotball- og idrettsmiljøet frå staden der den tiltalte bur. Etter NRK kjenner til, har fleire frå fotballmiljøet vore inne til avhøyr. Dei same personane må no vitne i rettssaka.

Forutan styreleiaren i fotballklubben, skal to andre styremedlemmer vitne. Det same må hovudtrenaren i klubben. Det må også vedkomande som er ansvarleg for kioskdrifta i klubben. Styreleiaren i idrettslaget er også kalla inn som vitne. Også den ansvarlege for kultur og idrett i kommunen skal vitne.

Fotballdomarar må vitne

To fotballdomarar som dømde den aktuelle fotballklubben sine kampar i 2014 skal også vitne. Dei skal forklare seg om bruken av eit kommunikasjonssystem mellom hovuddommar og assistentdomar, eit utstyr påtalemakta meiner er kjøpt inn på fylkeskommunen si rekning.

Påtalemakta meiner utstyret vart betalt av fylkeskommunen ved at vedkomande bestilte det i fylkeskommunen sitt namn og at fakturaene vart sende dit. Ein del av utstyret skal ifølgje tiltalen vere brukt til private føremål. Noko av utstyret skal ifølgje tiltalen ha vore brukt av fotballklubben.

Avviser skuldingar

Den tidlegare fylkestoppen sin advokat, Stig Nybø, karakteriserer den alvorlege tiltalen som «hinsides».

– Han har heile tida vedgått å ha gått utanfor sine fullmakter for eit beløp på om lag 150.000 kroner. Dette er noko heilt anna enn tiltalen som er heilt «hinsides» all sunn fornuft, sa Nybø til NRK tidlegare fredag.

Han viser til at det omtalte utstyret dels skal vere teke i bruk der det skal brukast, dels skal det vere lagra. Det som var lånt ut er bagatellmessige ting, meiner advokaten. Forutan at den tiltalte har brukt 150.000 utan rettmessige fullmakter, vil Nybø krevje frifinning.

Fylkesrådmannen fekk mistanke

Det var rett før jul i 2014 at fylkesrådmann Tore Eriksen fekk mistanke om at den tidlegare leiaren hadde gjort seg skuldig i økonomisk utruskap. Han vart suspendert, før han til slutt fekk sparken. I tillegg til fylkesrådmannen, skal ei rekkje tilsette i fylkeskommunen vitne i saka.

Rettssaka tek til ved Fjordane tingrett i Førde den 14. juni. Det er sett av 15 dagar til rettssaka. Strafferamma for grov økonomisk utruskap er seks års fengsel.

NRK har prøvd å få tak i den tidlegare leiaren i fylkeskommunen, men han har ikkje vore tilgjengeleg for kommentar.