Hopp til innhold

Fortvila eks-fylkestopp beklaga grov økonomisk utruskap

– Eg beklagar overfor fylkeskommunen. Eg har vore botnlaus fortvila over det eg har gjort, sa den tidlegare leiaren fylkeskommunen i retten.

Forsvarar i tingretten

FORSVARAR: Advokat Stig Nybø og politiadvokat Magnus Engh Juel

Foto: Bård Siem / NRK

– Eg forstår at det er alvorleg det eg har gjort, men det er likevel uverkeleg at eg sit her i retten i dag, starta han forklaringa si med.

Den tidlegare fylkestoppen var alvorstung då han starta si forklaring i retten i dag. Han er tiltalt for grov økonomisk utruskap av 3,7 millionar kroner. Tiltalte er skulda for å ha kjøpt inn store mengder teknisk utstyr som fylkeskommunen ikkje har bruk for.

Det er også lagt ned påstand om at han må ut med fire millionar kroner i erstatning til fylkeskommunen. Tiltalte innrømmer å ha brukt om lag 150,000 ulovleg, men vedgår ikkje straffskuld for resten av tiltalen.

Meiner tiltalen er «hinsides»

Det er eit stort sprik mellom dei 3,7 millionar kroner politiet meiner mannen har brukt, og 150,000 som er mannen sin påstand. Forsvarar Stig Nybø har tidlegare sagt at tiltalen på 3,7 millionar er "hinsides" all fornuft.

Mannen er likevel fortvila over det beløpet han går med på å ha brukt ulovleg. Han forklarte at han dei siste par åra har brukt mykje tid på å prøve å finne ut kvifor han gjorde det.

– Eg har hatt god økonomi og det er fullstendig toskete det eg har gjort. Eg erkjenner å ha gjort feil og eg fortener at eg mista jobben, sa han mellom anna.

Den tiltalte sa vidare at dei to siste åra har vore frykteleg utfordrande.

– Eg har ikkje sove skikkeleg på to år og har vore botnlaus fortvila, sa han.

Strid om kva som har vorte brukt på fotballklubb

Når det gjeld det omfattande innkjøpet av utstyr, forklarte tiltalte at han hadde planlagt korleis utstyret skulle brukast på ein fornuftig måte. Han forklarte mellom anna at utstyret skulle brukast til opplæring og undervisning av tilsette i fylkeskommunen. Utstyret skulle ifølgje tiltalte også brukast til å lage rekrutteringsfilmar for å få dyktige folk til fylkeskommunen.

Politiet meiner mykje av utstyret vedkomande hadde kjøpt inn har vore brukt av ein lokal fotballklubb. Det er venta at den tiltalte vil forklare seg om dette i retten på torsdag.

Mannen sin forsvarer hevdar på sin side at det ikkje er mykje av det han har kjøpt inn som har vore brukt i samband med fotballklubben.

– Det er ikkje mykje det er tale om. Når ein er frivillig i ein fotballklubb, tek ein med seg ting ein eig ifrå før. Det er stort sett slike ting det her er tale om, seier forsvarar Stig Nybø.