Hopp til innhold

Håpar senior-EM blir oppladninga til junior-VM

Det låg litt i korta, og i dag kom stadfestinga. Førde-jenta Karoline Erdal skal forsvare dei norske fargane i senior-EM i skiskyting.

Sesongstart skiskyting 2016 på Sjusjøen.

EM-KLAR: Karoline Erdal frå Førde er klar for sitt første EM som seniorløpar.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Sjølv fekk ungdomsverdsmeistren frå i fjor gladmeldinga i går.

– Det blir moro å prøve seg i eit stort arrangement før junior-VM, som er det store målet mitt. Det blir moro å konkurrere internasjonalt, gliser Karoline Erdal.

Knallsterk NC-helg

Etter den knallsterke noregscuphelga på Ål førre helg, kunne NRK fortelje at skiskyttaren frå Førde så godt som er klar for junior-VM i russiske Ostrov i slutten av februar. Bakgrunnen er dobbeltsigeren under noregscupen på Ål.

Då fortalde også sportssjef Per-Arne Botnan at Erdal var ein av fleire juniorar som også var aktuell for senior-EM.

– Dei har nivået, så det er meir spørsmål om ein skal matche dei fornuftig, at dei får rett type konkurranse til rett tid og at dei får trene imellom. Dette vurderer vi fortløpande, sa Botnan.

Må stå over NM

I dag vart det altså klart at det kan bli i pose og sekk for skiskyttartalentet. Det endelege klarsignalet til junior-VM, kjem først etter junior-NM i Holmenkollen.

Det skjer same helga som Erdal deltek i EM.

– Eg var veldig usikker på om dei ville sende juniorar til senior-EM. No ser eg på uttaket at nesten heile laget er juniorar. Det er bra for juniorane, men kanskje ikkje så gøy for seniorane, seier ho.

Veit ikkje kva som venta

Erdal har tidlegare i sesongen gått verdscuprenn, og veit litt om kva som ventar. Samstundes er EM ein meisterskap der mange av dei beste nasjonane sender sine nest-beste utøvarar. Dei beste deltek i VM.

Førde-jenta har difor vanskar med å seie noko om kva ambisjonar ho har før EM-debuten.

– Det er vanskeleg når ein ikkje veit heilt kva vi går til. Det er mange gode utøvarar internasjonalt, men eg veit framleis ikkje kven som er med. Eg må berre ta det som det kjem, seier ho.

Må bli sikker

– Utgangspunktet er å gjennomføre gode løp og få litt internasjonal konkurranse igjen, seier held Erdal fram.

– Korleis skal du bu deg til EM?

– No er eg på Sjusjøen, så det blir å trene her og på Lillehammer før eg reiser til Gardermoen. Eg må terpe litt på skyting og arbeidsoppgåver og bli sikker på meg sjølv. Så blir dette bra.