Hopp til innhold

VM-billetten er så godt som i boks for Karoline

Mykje skal gå gale om ein ikkje ser Karoline Erdal i junior-VM i skiskyting.

Sesongstart skiskyting 2016 på Sjusjøen.

GOD SØKNAD: Karoline Erdal frå Førde har inne ein svært sterk søknad for å få VM-tur til russiske Ostrov i månadsskiftet februar/mars. – Eg må vedgå at det var litt nervar i helga. For meg var det viktig å vise at eg har fortent det eg har vore med på denne sesongen, seier Erdal.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Førde-utøvaren gjorde reint bord under helgas Norgescuprenn på Ål. Rennet var også første av to uttaksrenn til verdsmeisterskapen.

Utviklingssjef i skiskyttarforbundet, Per-Arne Botnan, seier sjansane er store for å sjå Karoline Erdal i junior-VM.

– Når du ser resultata i helga, så er det dei same tre jentene som har dei tre øvste plassane i begge renna. Karoline gjorde det også bra før jul i både IBU og World Cup, noko som veg ganske mykje i uttaket. Stort sett er det berre sjukdom som kan gjere at ho ikkje får VM-billett, seier han.

Tek ikkje for gitt

Botnan

UTTAK: Innan 30. januar skal forbundet og utviklingssjef Per-Arne Botnan ha tatt ut VM-troppen.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

Endeleg VM-uttak skjer først etter junior-NM i Holmenkollen siste helga i januar, men Erdal vil vente med å pakke bagen. Skiskyttartalentet vart i fjor ungdomsverdsmeister i den same meisterskapen .

Forbundet sender inntil fem kvinner og fem menn til meisterskapen i Ostrov.

– Så lenge uttaket ikkje er er klart, så likar eg ikkje å tenkje at eg er sikker. Då kan ein fort bli skuffa. For meg handlar det om å kjempe og jobbe på vidare, seier ho og fortel at treningsøktene kommande helg blir noregscupen for juniorar i langrenn.

Trio nærast sikra

I helga gjekk Erdal, Hilde Eide (Øystre Slidre) og Emilie Ågheim Kalkenberg (Skonseng) att på dei tre øvste plassane i juniorklassa for kvinner. Alle tre er svært nær ein VM-tur.

Botnan presiserer at det likevel ikkje er grunn til å kvile på lauvbæra om målet er ein plass på pallen i verdsmeisterskapen.

– Målet må alltid vere å prestere, og ikkje berre kvalifisere seg, når ein skal ut og representere. Det trur eg Karoline er klar for, seier han.

Aktuell for EM

Erdal debuterte i byrjinga av desember i verdscupen etter ei knallsterk sesongopning på Sjusjøen. Etter ein 83. og 99.-plass i vart skiskyttartalentet samd med landslagsleiinga om å fokusere på noregscupen for juniorar og junior-VM .

Etter den sterke starten på 2017 kan ho igjen sigle opp som kandidat til både verdscuprenn og senior-EM i slutten av månaden.

– Dei har nivået, så det er meir spørsmål om ein skal matche dei fornuftig, at dei får rett type konkurranse til rett tid og at dei får trene imellom. Dette vurderer vi fortløpande, seier Botnan.