NRK Meny
Normal

Opptur for Karoline Erdal

– Eg er sliten, men har likevel ei veldig god kjensle no. Det seier Karoline Erdal frå Førde. Ho vann både sprinten i går og fellesstarten i dag under noregscupen i skiskyting for juniorar på Ål.

Karoline Erdal

GLAD: Karoline Erdal vann to noregscup-renn denne helga.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Under særs utfordrande vindforhold i sprinten i går var det mange bom på dei fleste. Karoline Erdal takla forholda best og drog sigeren i land.

– Eg fekk ned åtte blinkar. Og det er eg særs nøgd med ut frå forholda, seier ei glad skiskyttarjente.

Ho fortel at ho i dagens fellesstart skaut bra på dei tre første skytingane, men at ho fekk tre bom på siste skyting.

– Det var ikkje heilt bra. Eg var nok ikkje heilt på hogget der, seier Erdal sjølvkritisk.

Men så gjekk det ikkje så gale likevel.

Ho som kom på andre plass i går gjekk ut framfor meg, men eg klarte å ta ho igjen og kom først i mål, fortel Erdal.

– Det var veldig moro å klare det. Men det vart tungt. Veldig tungt, seier ho.

Sesongstart skiskyting 2016 på Sjusjøen.

PRESS: Karoline merkar at folk har forventningar til ho. Og då vil ho vise seg verdig dei plasseringane ho tidlegare har klart.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Jobbar med nervane

Trass i at kroppen er sliten er det kanskje ikkje den som er mest utfordrande for ein ung skiskytar.

– Eg merka at eg var nervøs før rennet. Sjølv om det berre er eit norgescuprenn, så kjennast det ganske stort å skulle vere med på desse renna. Det er stor konkurranse og mange gode utøvarar, og då er det moro å vise at ein hevdar seg på landsbasis, seier ei ærleg Karoline Erdal.

Og nettopp det at ho har gjort det godt i det siste kan faktisk vere med på å gi ho meir å tenkje på før eit renn.

– Eg har hatt ein god sesongstart og derfor kjenner eg på presset om å prestere. Eg vil bevise at eg er verdig all den merksemda eg får i samband med denne idretten. Derfor var det veldig moro å klare å få det til i renn denne helga, seier Erdal.

Denne helga blir Countryfestivalen på Breim arrangert for 23. år på rad. Men det er ikkje berre musikken som står i sentrum. Det gjeld å kjenna kleskodane og å ha det rette utstyret.
  
Rumlefelt får ned antall alvorlige møteulykker
  
Gondolbana i Loen, basehopparar som gjer seg klar til å hoppe, basehopparar i lufta, go pro bilete frå basehopp, Loen sett frå Hoven, Folk på Hoven, Folk tek bana opp og ned