Hopp til innhold

Kan bli aktuelt å hente fôr heilt frå USA

Held tørkeperioden fram, kan det bli aktuelt å hente fôr heilt frå Nord-Amerika.

Alf Steinhovden, Vestfor AS

JOBBAR MED Å FINNE FÔR: Alf Steinhovden i Vestfor vurderer å kjøpe og formidle vidare grovfôr frå USA og Canada.

Foto: Bård Siem / NRK

– Eg må leggje nokre planar. No jobbar eg med å skaffe meg kontaktar, seier bonde og fôrimportør Alf Steinhovden.

Mannen bak firmaet Vestfor i Eikefjord får dagleg 30–40 telefonar frå fortvilte bønder som vil kjøpe rundballar til dyra sine. Han har allereie mellom 100 og 200 vogntog i bestilling.

– Det er reduserte avlingar over eit stort område i Skandinavia og Nord-Europa. I tillegg ser det også dårleg ut med andreslåtten. Så det har skapt uro, seier fôrimportøren.

Leiter etter fôr både i Europa og Nord-Amerika

Tørke i Sør-Noreg har ført til svært dårlege fôr- og kornavlingar for bøndene. No gjer fôrmangelen at bønder i store delar av landsdelen fryktar at dei må slakte dyr.

Steinhovden plar kjøpe og formidle vidare grovfôr frå Austlandet og Sverige – men på grunn av tørke går ikkje det i år. No er gode råd dyre.

– Kjem det regn, kan alt løyse seg ganske bra. Men vi ser for oss at vi blir nøydde til å importere frå andre land for å dekkje etterspurnaden – for han blir nok stor, seier Steinhovden.

Han held fram:

– Vi har god erfaring med Nederland, og det ser ut for at det blir den løypa vi må gå. Men også nye område som Midtvesten av Nord-Amerika kan vere aktuelt.

Knusktørt i Stryn, Anders Kleppe

KNUSKTØRT: Slik ser det ut på marka til storfebonde Anders Kleppe i Stryn. Her skulle det normalt sett ha vore grønt og frodig.

Foto: Fredrik Johan Helland / NRK

– Handlar ikkje om å tene pengar

Medan svenskane kan kjøpe grovfôr frå land som Polen, kan norske bønder kan altså ende opp med å sjå til USA og Canada for å skaffe fôr. Steinhovden held førebels korta tett til brystet.

– Vi ser også til Nederland og Belgia, men det er uavklart per no, seier han.

Frå 13. juli blir det tollfritt å importere grovfôr frå utlandet.

– Er det mykje pengar å tene på dette?

– Nei, det er ikkje veldig mykje pengar i grovfôr. Kiloprisen er på to-tre kroner levert på Vestlandet, og då seier det seg sjølv at marginane ikkje er store, seier Steinhovden.

– For meg handlar ikkje dette om pengar. Eg skal betene ein marknad. Det er spennande om vi klarer det, og det vil bety mykje for det norske samfunnet, seier han.

Kuer på beite på Vestfossen

RISIKERER SLAKT: Store mengder storfe står i fare for å bli tidleg slakta. Mangelen på nedbør i Sør-Noreg har skapt tørkekrise blant norske bønder, som slit med å skaffe nok fôr til dyra sine.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

Felleskjøpet må sjå mot nye marknadar

Også Felleskjøpet må importere meir korn for å kunne produsere nok kraftfôr. Etterspurnaden går i vêret fordi det er for lite grovfôr. Dei ser no etter nye marknadar.

– Vi veit at situasjonen nedover i Europa ikkje er spesielt lystig, så vi må sjå kvar vi kan få tak i korn. Men vi er ein ganske liten aktør, så vi påverkar ikkje akkurat dei store kornbalansane internasjonalt, seier marknadssjef Trude Ulven i Felleskjøpet.

Innovasjon Norge ønskjer å lette situasjonen for dei mange bøndene som no er råka av tørke, og er positive til å vurdere avdragsutsetjing på lån.