Hopp til innhold

Innovasjon Norge i Hordaland og Sogn og Fjordane får felles leiing

Frå 1. november i år vert Nina Broch Mathisen leiar for Innovasjon Norge i begge vestlandsfylka.

Nina Broch Mathisen

LEIAR: Nina Broch Mathisen vert direktør for Innovasjon Norge Vestlandet. Ho har vore leiar for kontoret i Bergen sidan 2004.

Foto: Kjartan Lægreid / NRK

– Det vil ikkje verte noko endring i kontorstrukturen og bemanninga kjem til å vere slik som den er i dag, seier divisjonsdirektør i Innovasjon Norge, Per Niederbach.

Per Niederbach i Innovasjon Norge

SAMARBEID: Divisjonsdirektør i Innovasjon Norge, Per Niederbach, meiner at ei felles leiing for kontora i Leikanger og Bergen vil gjere at dei kan gi eit betre tilbod.

Foto: Agnete Bruun

Han seier at bakgrunnen for omstruktureringa er todelt.

– For det eine vil vi kunne bruke kompetanse og ressursar meir på tvers ved ei samanslåing også er dette samtidig ein del av ei regionreform der det regionale nivået skal omstrukturerast, fortel Niederbach.

Ser ingen ulemper

Dei tilsette ved Innovasjon Norge sitt kontor i Leikanger fekk vite om samanslåinga i går. Niederbach meiner lite vert endra for dei.

– Eg håper dei synest det er ei god avgjersle. Vi har jo lenge samarbeida på tvers mellom kontora og har ganske lang tradisjon på det. Praktisk sett vil det ikkje bety så mykje for den enkelte, seier han.