Roald Eidsheim

I FRONT: Roald Eidsheim kombinerer interessa for stisykling og landskapsutdanninga i Rekkje stibygging.

Foto: Bård Basberg / Sogn terrengsykkel

Det nye friluftslivet

Interessa for terrengsykling har eksplodert dei siste åra. I Sogn har interessa blitt så stor at sykkelmiljøet, grunneigarar og næringsliv sjølv trykker på pauseknappen.

Det glimtar i blått idet ein syklist med hjelm og skibriller susar forbi mellom trestammane. Dekka lagar ein mjuk «svosjelyd» når dei pressar mot det mjuke underlaget i kvar sving.

Han legg seg innover for å følge kurvene når stien buktar seg mellom trea, og på eit blunk forsvinn han ned bak neste haug. I det han forsvinn kjem neste syklist susande forbi, og plutseleg er også han vekke i det grøne.

– Dei to haugane der nede der var perfekt til å ta ein «willy»!

​Syklisten i blått, Rickard Sundell, slenger ut nokre engelske sykkeluttrykk som berre gir meining for dei som allereie er innvigd i sporten. Mottakarane for kommentaren er Roald Eidsheim og Kristian Ertnes, som ventar på toppen for å høyre responsen frå den erfarne syklisten.

Kameratane er ute i skogane ved Heggmyrane i Sogn. Desse skogane skjuler stiar som mange reiser langt for å oppleve. Der finst brune, jamne stiar, lagt i mjuk skogbotn som er dekka med barnåler og kongler. Syklistane jaktar på god flyt, og «sognaflow» har blitt eit uttrykk i miljøet.


Stien Rickard Sundell syklar på er også ein slik brun sti, men av ein ganske ny art i Noreg.

Denne er splitter ny, bygd i løpet av sommaren av Roald Eidsheim, Kristian Ertnes og Lars Melbye i bedrifta Rekkje Stiutvikling. Det står att enda nokre spadetak før heile traséen kan syklast.

Når den er ferdig blir det samanhengande tre kilometer med brun jord og doserte svingar der terrengsyklistar kan leike seg.

– Det er den nye vinen i sykkelsporten. Vi lagar stiar som toler bruk og belastning. Stiane er unike, og skal sjå naturlege ut. Det må til, seier Roald Eidsheim, som er arkitekten bak stien.

Han har reist verda rundt for å lære å bygge sti frå dei beste. I Noreg er vi framleis i startgropa.

Frå sitt eige sykkelsete har Eidsheim sett populære naturlege stiar bli slitt ned av mykje bruk. Stein og røter kjem fram i dagen når den mjuke overflata blir slitt vekk, og stiane blir utvida når syklistane leitar etter vegar utanom hindringane.

Spesielt våte og myrete område er sårbare for stor trafikk, både av vandrarar og syklistar. Naturen brukar lang tid på å lege seg etter slike sår.

I Sogn går entusiastar i sykkelmiljøet inn for å stoppe desse såra frå å oppstå.

– Ein sti har ei tolegrense. Nokre plassar har vi nådd tolegrensa, og gått forbi. Stiar er ikkje ein fornybar ressurs, så vi er nøydd til å ta vare på dei.

Rickard Sundell i Heggmyrane

ERFAREN: Rickard Sundell har sykla kilometervis med sti sidan han starta med terrengsykling i 1994.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Heile Noreg syklar

– Litt av grunnen til at stitrenden har tatt sånn av, er at syklane er blitt så gode at dei omtrent gjer jobben. No kan du få ein sykkel som både er lett å sykle opp, og gøy å sykle ned med, fortel Sundell.

Han starta å sykle på sti i 1994, og har fått med seg den teknologiske utviklinga.

Sundell susar gjennom furuskogen på ein fulldempa ‘enduro-sykkel. Det er spesielt denne typen sykkel som har tatt av dei siste åra. I år har det blitt seld 100.000 nye terrengsyklar i Norge, både av fulldempa syklar og av vanlege terrengsyklar.

Kombinasjonen av kjøpekraftige nordmenn og betre utstyr viser igjen i interessa for sporten.

Deltakinga har auka i takt med utviklinga av syklane, og sidan 2001 har rekrutteringa vore stor både blant ungdom og hos den eldre garde.

Stisykkel

FULLDEMPA: Stisykkelen som har utvikla seg mykje dei siste åra er ein type som er dempa både framme og bake. Ein vanleg terrengsykkel har ofte berre demparar framme.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Syklistar frå resten av Noreg og utanfor landegrensene har fått augo opp for sykkelmoglegheitene kring Sognefjorden.

For å sikre at utviklinga er berekraftig har det lokale sykkelmiljøet, grunneigarar og reiselivet trykka på pauseknappen.

– Vi har eit fantastisk utgangspunkt her i Sogn. Det er ein kvalitet på stiane som er heilt unik, både i landssamanheng og internasjonalt. Vi ser stadig fleire syklistar ute i terrenget. Men vi ser også at stiane blir slitt med den auka trafikken. Det er ei utfordring som vi vil ta tak i, fortel Haakon Walnum.
Han er leiar i Sogn Terrengsykkel, lokallaget av Norsk organisasjon for terrengsykling (NOTS).

Haakon Walnum

LEIAR: Haakon Walnum er leiar i Sogn Terrengsykkel, ein underorganisasjon frå Norges organisasjon for Terrengsykling (NOTS).

Foto: Bård Basberg / Sogn Terrengsykkel

Forsking frå USA viser at ein syklist ikkje nødvendigvis gjer meir skade enn ein vandrar. I heile Noreg finn du stinett og turar som egnar seg for syklistar, slik det gjer med fotturar. Vi må drive førebygging framfor brannsløkking, meiner terrengsykkelgruppa i Sogn.

– Det er mange nye terrengsyklistar som ikkje skjønar heilt korleis utfordringane er sett saman. Det er veldig nytt. Vi ser fleire plassar at kommunar og reiseliv ikkje har hatt innover seg kva sykling er. Vi kan ikkje marknadsføre før vi har eit berekraftig tilbod. Du veit, ikkje selje skinnet før bjørnen er skoten.

Saman lagde grunneigarar og representantar for det lokale stisykkelmiljøet ein etiketteplakat. Kort samanfatta vil dei ha mindre kommersiell aktivitet, mindre marknadsføring på sosiale media, og meir omsyn til grunneigarar, natur og jakt i områda.

Passivt, seier nokon. Framtidsretta, seier andre.

– Du legg ikkje ut bilde av ditt hemmelege soppfelt

Mange har reagert på at etiketteplakatenoppfordrar folk til å vere bevisst på kva dei legg ut på sosiale media, fortel Walnum.

– Mange «hashtagar» kanskje kommersielle namn for å få likes, utan å tenke konsekvensar. Men sosiale media er ein veldig stor marknadsføringsarena. Det er få som legg ut kart over sitt hemmelege sopp- eller bærområde. Kvifor gjere det med sykkelstiar utanfor allfarveg? Spesielt dersom det bidreg til at favorittstiane dine blir slitt ned, spør Walnum.

– Det handlar om å gjere syklistane bevisst. Nyt opplevinga som den er, den blir ikkje mindre verdt om ikkje resten av verda får sjå deg i ein selfie frå ein sving eller topp. Så tek vi samstundes vare på stiane våre.

Vil lokke tilflyttarar med sykkelstiar

Haakon Walnum fortel at ein stor del av dei nye syklistane er på eit mellomnivå, der ikkje altfor bratte stiar med moglegheit for god flyt er det som trengst.

Med tilrettelegging av nybegynnarløyper og god informasjon om kvar dei egna stiane er, blir det plass til både ekspertar, turistar og hobbysyklistar, meiner han.

Den ivrige syklisten i Sogn poengterer at dei vil ikkje ha færre syklistar. Derimot kan gode sykkelforhold vere med å skape vekst i lokalsamfunna.

I styret til Sogn Terrengsykkel er det mange tilflyttarar, og Walnum meiner ein kan nytte naturen til å dra enda fleire til området.

– Det viktigaste er folka som bur her, og dei som vil flytte hit. Det er stor verdiskapning i folk som vil flytte hit. Enda større enn det vi kan tene på turistar. Vi må ikkje øydelegge grunnlaget for tilflyttinga.

.

Sogn terrengsykkel -stisykling i sogn

TILFLYTTARAR: Det er ikkje mykje sogning å høyre når styret i Sogn Terrengsykkel er på tur. Rickard Sundell er ein av tilflyttarane til området, og han fortel at sykkelstiane om sommaren og skitilhøva om vinteren var viktige for at han enda opp i Sogndal.

Foto: Bård Basberg / Sogn terrengsykkel

Aktivitetsturisme i vekst

– Det svir å halde igjen, seier dagleg leiar i Visit Sognefjord, Ståle Brandshaug.

Det bankar allereie på døra frå utlandet. Sykkelmagasin og filmselskap har høyrt rykte om stiane i Sogn.

Det er verdifull reklame dei viser vekk når dei har blitt einige med grunneigarar og sykkelmiljøet om å legge marknadsføringa av Sogn som sykkeldestinasjon på hylla.

Enn så lenge.

Fem av seks ferierande nordmenn reiser på tur i eige land, viser tal frå TNS Gallup. Aktive feriar er i vinden, både nordmenn og utanlandske turistar vil finne utfordringar i naturen i ferien.

Innovasjon Norge har sykkel som eit av sine satsingsområde, og det har regionale aktørar som Fjord Norway og NCE Tourism også. Fleire turistdestinasjonar har allereie hausta fruktene av satsing på sykkelturistar.

Den kjende vintersportsdestinasjonen Trysil har satsa millionar på utbygging av sykkelstiar og løyper. Avkastninga har komme i sommar, i form av stor auke på tal hotelldøgn og turistbesøk.

Ståle Brandshaug, Reiselivsdirektør i Visit Sognnefjord

I Hallingdal har destinasjonane samla seg om Tråkk n’roll i kjølvatnet av

sykkelinteressa. Dei tek sikte på å skape vekst i Hallingdal gjennom terrengsykkeltilbodet, både med organiserte sykkelløyper som i Geilo og løypenettet ute i terrenget.

– Vi skal vere med, utan tvil. Sogn er ein attraktiv destinasjon for stisykling. Men der vi skal promotere stisykling må vi først ha ein struktur for merking, vedlikehald og tilrettelegging av stiar. Vi må styre straumen dit naturen toler det, meiner Brandshaug.

Medan promoteringa står på pause skjer det mykje under radaren. Utanom prosjektet i Heggmyrane er det planar om stibygging to-tre andre plassar i området. Fylkeskommunen og reiselivsbransjen kartlegg mogleheitane for å satse på sykkel i fleire av sognekommunane.

– Vi tener pengar på folk som kjem hit for å prøve litt av kvart. For dei er det viktig med tilrettelagde stiar der familien kan prøve litt. Men det er vel så viktig å sørge for at dei eksisterande stiane blir varetekne og at vi merkar dei stiane der vi vil ha trafikk.

Brandshaug innrømmer at det er freistande å opne opp for moglegheitene stisyklinga kan gi for reiselivet.

– Men det er fornuftig å tenke oss om først. Vi vil vere ein varig stisykkeldestinasjon, då må vi ta vare på ressursane, meiner Brandshaug.

Brandshaug trur dei vil ha planen klar om nokre år, og trur dei kan starte promoteringa i løpet av 2017.

– Det tek litt tid før promoteringa gir resultat. Så vi opnar nok døra på gløtt så snart som mogleg, konstaterer han.

Sykkelsti som går oppover

HÅRNÅLSVINGAR: Stien skal vere slak nok til å sykle opp, og slynger seg i krappe, slake svingar. Når syklistane syklar opp, rekk dei færre turar i løpet av ein dag. Då blir presset på naturen mindre. Det er ein sjølvsagt del av prinsippa når Roald Eidsheim og Rekkje bygger sti.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Du må jobbe for høgdemeterane

– Noko av det mest imponerande til no er jo oppoverstien!

Resten av nedoverstien er jo ikkje ferdig, skundar Rickard Sundell seg å legge til. Han har sykla opp halvparten av hårnålsvingane på stien som buktar seg oppover.

Han har sykla mange motbakkar før, og den erfarne syklisten pustar nesten ikkje tyngre etter høgdemeterane han hentar gjennom raudt og oransje haustlandskap.

Det er også meininga her, for løypa er så flat at det går an å sykle heile vegen til topps.

Kristian Ertnes

BRUBYGGING: Bruer og grøfter er viktig når Kristian Ertnes, Lars Kvisgaard Melbye og Roald Eidsnes bygger sykkelsti i terrenget.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

– Stien inviterer til å gi litt gass. Det blir morosamare jo fortare du syklar. Det er litt av greia, fortel Kristian Ertnes.

Blant blåbærlyng og furutre har karane brukt sommaren til å grave jord. Årets sommarflørtar vart gravemaskinene Janne og Josefine, og finslipinga med river og spader skal gi den ultimate løypa både opp og ned.

– Mykje av stisyklinga handlar jo om å oppleve nye plassar. Det er så stor variasjon. Kvar nye sti er ei ny oppleving.

Kristian Ertnes

At du må ‘earn your turns’, fortene høgdemeterane du får ned igjen, er tankegangen bak måten dei bygger sti i skogane i Sogn. Akkurat som på topptur på ski.

Naturopplevinga er viktigare for stisyklarane enn mange trur, fant Kristian Ertnes ut når han jobba med si bacheloroppgåve om stisyling i Sogn.

– Dei fleste eg snakka med sykla på grunn av meistringskjensla og naturopplevinga. Så kom trening som ein bonus. Vi er meir friluftslivsfolk enn «adrenalinjunkies», fortel Ertnes.

– Mykje av stisyklinga handlar jo om å oppleve nye plassar. Det er så stor variasjon. Kvar nye sti er ei ny oppleving.

Dei grove sykkeldekka trillar over steinbruer og forbi grøfter på veg til topps. Den går sikksakk langs med høgdekurvene, slik at vatnet ikkje skal finne vegen inn på stien.

Vatn er den største utfordringa når dei bygger. Ein tørr sti er ein haldbar sti, og at det varar er vesentleg for dei som legg pengar i prosjektet.

– Eg trur stien vil trekke folk frå alle leirar. Både dei som er heilt ferske og ikkje har prøvd før, til dei som har heldt på lenge. Det er manko på bygde stiar i landet. I andre land der det er populært med stisyling begynte dei å bygge stiar for lenge sidan. Det har tatt litt tid før vi har skjønt det her. Det er på tide, seier Roald Eidsheim.

Rett til ferdsel, plikt til å ta omsyn

– Mange tenker nok at allemannsretten er retten til å ferdast der du vil. Men det er også ei plikt til å vise aktsomheit, og gjere det på naturen sine premissar. Ein må til dømes tenke seg om to gonger før du reiser på sykkeltur etter det har regna, seier Nils Joachim Knagenhjelm.

Han er ein av dei store grunneigarane i det populære sykkelområdet i Sogn.

Allemannsretten til ferdsel i naturen er ei viktig søyle i norsk friluftsliv. Den gir oss alle rett til å ferdast og opphalde oss i skog og fjell, og til å hauste av naturen.

Ferdast du i naturen har du også plikt til å vise omsyn overfor andre du møter, grunneigarar og naturen sjølv.

Grunneigaren har merka den store auka av syklistar i området dei siste åra godt, og er glad for at sykkelmiljøet tek initiativ til å bremse trafikken.

– Vi har fått eit veldig godt samarbeid med Sogn terrengsykkel. Vi har felles interesse i å halde området attraktivt for lokale og tilflyttarar, fortel Knagenhjelm.

Han applauderer tiltak som stibygging i Heggmyrane, som kan avlaste dei eksisterande stiane i området. Men skal det satsast stort, må nokon betale rekninga.

– Vi må skilje mellom plassar som er tilrettelagt og ikkje. Eg trur ikkje Kaupanger, som ikkje er tilrettelagt, bør marknadsførast som sykkelområde. Det er heilt greitt at lokale som bur i området brukar det, men kommersialisering er ingen tent med. Då blir vi taparar alle saman.

Roald Eidsheim i farta på stisykkel

STIBYGGAR: Vi må legge til rette med bygde stiar for å lette presset på dei som allereie eksisterer, meiner Roald Eidsheim. Stiane skal vere lagd av lokale jordmassar for å passe inn i terrenget.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Så kjem dommen

Hårnålssvingane rettar ut, og stien går frå eit par prosent stigning til flatt. Frå det opne hogstfeltet tek den sikte på skogen, og syklistane tek ein pause på toppen før dei sluker høgdemeter ned att.

Stibyggarane sjølv testar stadig løypa under bygginga, men for Rickard er det premiereturen.

Sundell er det næraste vi kjem ekspertnivå, meiner kameratane. Det er ei trøye han sjølv nødig tek på seg, men det er ingen tvil om at han har sykla mange stiar i sitt liv.

Han nøler ikkje eit sekund før han legg ut frå toppen og inn i første sving.

På eit blunk har han forsert det som er ferdig av løypa, og dommen er klar.

– Eg blir overraska om det her ikkje blir veldig mykje brukt. Det er heilt knall, konkluderer han før han legg ut i ein runde nummer to.

I løpet av hausten opnar løypa i Heggmyrane for alle. Over heile landet tek syklistar til stiane, og sykkelmiljøet sjølv held vakne auge med utviklinga. Behovet for kontroll er der, og viljen til å legge til rette er der også.

Nok prat, meiner landskapsarkitekten Roald Eidsheim.

Han festar hjelmen og grip styret. No er det hans tur å legge utfor.

– No vil eg sykle.


Vil du lese fleire saker om stisykling?